17980_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/arkiv
17980
Færre dyr og større buskapar
statistikk
2003-06-11T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald1. januar 2003, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre dyr og større buskapar

Det var 40 900 husdyrbrukarar som søkte om produksjonstillegg ved årsskiftet 2002/2003. Dette er 3 200 færre enn året før, og tilsvarar ein nedgang på 7,3 prosent.

Driftseiningar med husdyr. 1992-2003*

Nedgangen i talet på husdyrbrukarar frå 2002 til 2003 gjeld alle dei ulike dyreslaga, med unnatak av bruk med slaktekylling. Størst prosentvis nedgang har det vore i talet på bruk med vinterfôra sau, 11 prosent, medan talet på bruk med verpehøner har gått ned med 8 prosent. Minst nedgang har det vore i talet på bruk med mjølkegeit (3 prosent) og bruk med svin (4 prosent). Talet på bruk med slaktekylling har auka svakt frå 2002 til 2003.

I perioden 31. desember 1992-1. januar 2003 har talet på brukarar som søkte om produksjonstillegg gått ned frå 55 800 til 40 900, ein nedgang tilsvarande 27 prosent. Talet på bruk med mjølkeku har gått ned frå 26 900 til 17 600, ein prosentvis nedgang på 36 prosent. I same periode har det vore ein auke i talet på bruk med ammeku, frå 2 600 bruk i 1992 til 5 500 i 2003, men etter å ha stige jamt i perioden 1992-2003 er det registrert ein nedgang i talet på bruk med ammeku frå 2002 til 2003.

Ved årsskiftet 2002/2003 blei det søkt om produksjonstillegg for 940 200 storfe, ein liten nedgang frå året før. Av desse var 279 300 mjølkekyr og 48 500 ammekyr; dyr til spesialisert kjøtproduksjon. Ammekyrne utgjorde knapt 15 prosent av det totale kutalet på landsbasis i 2003, mot 3 prosent i 1992. I enkelte fylke utgjer ammekyr ein mykje større del av kutalet, til dømes i Vestfold der over 40 prosent av kyrne er ammekyr.

Større buskapar

Eit gjennomsnittleg mjølkeproduksjonsbruk hadde 15,8 mjølkekyr på båsen i 2003, tre fleire enn i 1992. Vel 22 prosent av bruka hadde 20 mjølkekyr eller meir.

Talet på mjølkegeiter har sidan 1992 blitt redusert med om lag ein fjerdedel til 46 900 i 2003. I same periode har eit gjennomsnittleg geitebruk auka talet på mjølkegeiter frå 58,3 i 1992 til 78,3. Talet på vinterfôra sauer per bruk har auka frå 44,1 sauer i 1992 til 58,5 sauer i 2003. I same periode har bruk med sau gått ned med 25 prosent til 18 500.

Tabeller: