17982_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/arkiv
17982
Færre driv med husdyr
statistikk
2002-05-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald31. desember 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre driv med husdyr

Ved årsskiftet 2000/2001 var det 44 200 husdyrbrukarar som søkte om produksjonstilskott. Dette er 2 800 færre enn året før, og tilsvarar ein nedgang på 6 prosent.

Årleg endring i talet på bruk med husdyr. 1992-2001. Prosent

Nedgangen i talet på husdyrbrukarar frå 2000 til 2001 gjeld alle dei ulike dyreslaga, med unnatak av bruk med ammeku. Størst prosentvis nedgang har det vore i talet på bruk med verpehøner, 13 prosent, medan både talet på bruk med mjølkeku og bruk med mjølkegeit har gått ned med mellom 8 og 9 prosent. Minst nedgang har det vore i talet på bruk med sau og bruk med slaktekylling, der reduksjonen har vore om lag 3 prosent.

12 500 færre mjølkekyr

Det har også vore ein nedgang i talet på dei fleste husdyra. Unnataket er ammekyr, men også talet på slaktesvin og vinterfôra sau er noko høgare enn året før. Frå 2000 til 2001 gjekk talet på mjølkekyr ned med 12 500 til 286 200, medan talet på ammekyr auka med 6 700 til 46 800. Talet på mjølkegeit gjekk ned med 3 400 til 47 400, ein nedgang på knapt 7 prosent. I same periode var det nedgang på 3-4 prosent i talet på verpehøner og på kyllingar slakta i året.

Større buskapar

Gjennomsnittleg storleik på besetningar med mjølkeku. 1990-2001

Samstundes med nedgangen i talet på buskapar, aukar den gjennomsnittlege buskapsstorleiken. Eit bruk med mjølkeku hadde i gjennomsnitt 15,3 mjølkekyr på båsen i 2001, medan gjennomsnittet for 1998 låg på 13,8. Dei som dreiv med sau hadde i middel 54 vinterfôra sauer i fjøset i 2001, mot 50 tre år tidlegare. Blant svineprodusentane har utviklinga vore enda meir markert. Dei som hadde avlspurker, hadde i gjennomsnitt 34 avlspurker i 2001, medan tilsvarande tal for 1998 var 24. Knapt 45 prosent av besetningane hadde 30 avlspurker eller meir i 2001, medan berre 30 prosent av besetningane hadde eit så høgt tal i 1998.

Tabeller: