17986_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/arkiv
17986
Færre dyr, men større buskapar
statistikk
2000-06-02T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald31. desember 1999, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre dyr, men større buskapar

Det er nedgang i talet på bruk med storfe, sau, geit, svin og høner. Det var 49 200 husdyrbrukarar som søkte om produksjonstillegg per 31. desember 1999. Dette er 2,3 prosent færre enn året før, og 14,9 prosent færre enn i 1990.

Frå 1990 til 1999 har bruk med mjølkeku gått ned frå 27 800 til 22 280. Kvart femte bruk med mjølkeku har forsvunne i denne perioden. Sjølv om talet på bruk med storfe minkar, aukar talet på bruk med ammeku. I 1990 var det 1 841 bruk med ammeku, mot 5 108 i 1999. Kvart tredje bruk med mjølkegeit har vorte borte frå 1990 til 1999. Per 31. desember 1999 vart det registrert 724 bruk med mjølkegeit, mot 1 118 i 1990.

Færre mjølkekyr, fleire ammekyr

Det vart søkt om produksjonstillegg for 1,014 millionar storfe, ein liten nedgang frå året før. Av desse var det 315 700 mjølkekyr og 33 700 ammekyr; dyr til spesialisert kjøttproduksjon. Ammekyrne utgjorde knapt 10 prosent av det totale kutalet på landsbasis. I enkelte fylke, til dømes Vestfold, utgjer ammekyr ein mykje større del av kutalet, der er ein knapp tredjedel av kyrne ammekyr.

Større buskapar

Eit gjennomsnittleg mjølkeproduksjonsbruk hadde 14,2 kyr på båsen i 1999, to fleire enn i 1990. I 1990 hadde 11,4 prosent av bruka med mjølkekyr 20 kyr eller meir. Tilsvarande tal for 1999 var 15,4 prosent. Det blir stadig færre av dei små buskapane. Bruk med mindre enn 10 kyr utgjorde 29 prosent i 1990, mot 23 prosent i 1999.

Talet på mjølkegeit har sidan 1990 vorte redusert med om lag 16 prosent til 52 700. I same perioden har eit gjennomsnittleg geitebruk auka talet på mjølkegeit frå 60 til 73.

Talet på vinterfôra sau per bruk har auka frå 40 sauer i 1990 til 51 i 1999. I same periode har talet på bruk med sau gått ned med 15 prosent til 21 751.

Tabeller: