53638_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/aar
53638
Færre mjølkekyr
statistikk
2011-04-19T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald1. januar 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre mjølkekyr

Talet på mjølkekyr gjekk ned med 4 500 til 240 500 frå 2010 til 2011. Talet på ammekyr auka derimot med 2 400 til 64 000 i same perioden.

Jordbruksbedrifter med husdyr. 2002-2011*

Talet på storfe i alt gjekk ned med drygt 2 prosent, til 857 200, frå 2010 til 2011. Talet på jordbruksbedrifter med mjølkeku blei redusert med knapt 700, til 11 000, 1 i same perioden. Talet på jordbruksbedrifter med ammeku var 5 000, om lag det same som året før.

Færre driv med husdyr

Frå 2010 til 2011 gjekk talet på jordbruksbedrifter med husdyr ned med knapt 4 prosent, til 31 100. Størst prosentvis nedgang var det i talet på jordbruksbedrifter med mjølkegeit og jordbruksbedrifter med svin, som gjekk ned respektive 7 og 5 prosent.

Knapt 14 600 jordbruksbedrifter hadde vinterfôra sau i 2011, ein nedgang på 1 prosent frå året før. Om lag 1 900 bedrifter hadde verpehøner, medan vel 600 hadde slaktekylling. Talet på bedrifter med verpehøner gjekk ned med 3 prosent frå 2010 til 2011, medan nedgangen i talet på bedrifter med slaktekylling var 2 prosent i same perioden.

1  Rettet 27. april 2011

Tabeller: