33333_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/arkiv
33333
Brukbare engavlingar i 2002
statistikk
2003-08-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2002, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Brukbare engavlingar i 2002

Avlingane i 2002 blei jamt over brukbare for dei fleste kulturvekstane. Mykje nedbør utover forsommaren gav store engavlingar I Sør-Noreg, medan ein tørr forsommar førte til avlingsreduksjon i Nord-Noreg.

Samla avling frå eng til slått var om lag 2,7 millionar tonn rekna som tørt høy. Gjennomsnittleg avling er rekna til 551 kilo per dekar i 2002 mot 578 kilo i 2001. Ved første slått blei det hausta 4,95 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,65 millionar dekar. I tillegg blei vel 1,34 millionar dekar beita, og samla engareal utgjorde 6,48 millionar dekar i 2002. Totalarealet av eng til slått og beite har auka med 1,3 prosent sidan 2001.

Ved førsteslåtten blei 48 prosent av engarealet lagt i silo, medan 43 prosent blei hausta som rundballar. Tilsvarande tal for etterslåtten var 43 og 52 prosent. Graset frå 7 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, og 2 prosent blei fôra opp fersk. For etterslåtten blei 2 prosent hausta som høy, medan 4 prosent blei fôra opp fersk.

Andre grønfôr og silovekstar

Det blei dyrka andre grønfôr- og silovekstar på 205 000 dekar i 2002, og det er 65 000 dekar mindre enn i 2001. Det blei dyrka raigras på 57 prosent av arealet, medan arealet av grønfôrblandingar/kornvekstar utgjorde 39 prosent. Dekaravlinga for raigras er rekna til 2 785 kilo, for grønfôrblandingar og kornvekstar 1 676 kilo.

Noko større potetavling

Det blei hausta 393 000 tonn poteter i 2002, mot 388 000 tonn året før. Gjennomsnittsavlinga for heile landet blei 2 598 kilo per dekar i 2002, om lag det same som året før. Hedmark er det store potetfylket. Heile 136 000 tonn, eller 35 prosent av potetavlinga, blei hausta der.

1,17 millionar tonn korn

Samla kornavling er i 2002 berekna til 1,17 millionar tonn, mot 1,2 millionar tonn i 2001 og 1,3 millionar tonn i 2000. Gjennomsnittsavlinga av korn blei 364 kilo per dekar. For 2001 og 2000 var gjennomsnittsavlinga respektive 375 og 398 kilo. For meir utførlege opplysningar om avling av korn- og oljevekstar, sjå http://www.ssb.no/korn/ .

Tabeller: