33337_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/arkiv
33337
Gode eng- og kornavlingar
statistikk
2000-05-02T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar1999, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Gode eng- og kornavlingar

Ein våt og kald forsommar dei fleste stader i landet førte til gode engavlingar i 1999. Kvaliteten på avlingane varierte mye, særleg ved første slått. Kornavlingane var jamt gode.

Gode engavlingar

Samla avling frå eng til slått var om lag 2,7 millionar tonn rekna som tørt høy. Dette er om lag det same som i 1997 og 1998. Gjennomsnittleg avling er rekna til 555 kilo per dekar i 1999 mot 549 kilo i 1998. Dei gode avlingstala for eng kjem av ein kald og nedbørrik forsommar over størsteparten av landet, men nedbøren førte også til variabel kvalitet, særleg ved første slått. Nord-Noreg hadde ein kald vertype også i juli og august, noko som ga reduserte avlingar ved andre slått. Ein god første slått førte likevel til bra totalavling i Nord-Noreg.

Redusert potetareal

Total potetavling var 380 600 tonn i 1999 mot 434 900 tonn i 1998. Reduksjonen i total potetavling kjem i hovudsak av ein nedgang i potetarealet med 13 500 dekar til 148 600 dekar i 1999. Dei to siste åra har potetarealet gått ned med i alt 17 prosent. Gjennomsnittleg potetavling er rekna til 2 561 kilo per dekar i 1999 mot 2 684 kilo per dekar i 1998.

Kornavling

Samla kornavling var 1,30 millionar tonn i 1999 mot 1,38 millionar tonn i 1998. Gjennomsnittleg kornavling er rekna til 397 kilo per dekar i 1999 mot 405 kilo per dekar i 1998. Avling per dekar var i 1999 466 kilo for kveite, 357 kilo for bygg og 439 kilo for havre. For meir utførlege opplysningar om avling av korn og oljevekstar, sjå http://www.ssb.no/korn/ .

Grønfôr- og silovekstar

Det blei dyrka grønfôr- og silovekstar på 307 700 dekar i 1999, og det er 47 500 dekar mindre enn i 1998. Eittårig raigras blei dyrka på 175 300 dekar, med ei dekaravling på 2 917 kilo. Grønfôrblandingar og kornvekstar blei dyrka på 116 200 dekar, med ei avling på 1 834 kilo per dekar.

Tabeller: