211187_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/hagebruk/aar
211187
Gode hagebruksavlingar i 2014
statistikk
2015-05-12T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
hagebruk, Hagebruksavlingar, frukt, bær, grønsakerJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Statistikken viser produksjon av grønnsaker, frukt og bær som gulrot, tomat, jordbær og epler. I 2014 ble det dyrket 190 000 tonn grønnsaker på friland og i veksthus.

Hagebruksavlingar2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Gode hagebruksavlingar i 2014

Total produksjon av grønsaker på friland og i veksthus i 2014 er berekna til om lag 190 000 tonn. Det er 10 prosent meir enn året før. I den same perioden auka òg avlingane av frukt og bær.

Avling av frukt, hagebær og grønsaker. Tonn
2014Prosent endring fra
2013 - 20142009 - 2014
Frukt15 76729,6-8,2
Hagebær11 50628,0-14,8
Grønsaker189 4119,61,5

Frå 2013 til 2014 steig produksjonen av grønsaker på friland med 15 300 tonn til 158 400 tonn, medan produksjonen av grønsaker i veksthus auka med 1 300 tonn til 31 000 tonn. Gulrot utgjorde drygt ein tredjedel av totalavlinga på friland, medan kepalauk utgjorde 14 prosent. Agurk og tomat var dei dominerande produksjonane i veksthus og utgjorde respektive 51 og 44 prosent av totalavlinga i veksthus.

Mindre plommeavlingar

Totalavlinga av frukt var 15 800 tonn i 2014, mot 12 200 tonn året før. Produksjonen av eple var 13 200 tonn i 2014, som utgjer ein auke på 3 400 tonn frå 2013. Produksjonen av pære auka med knapt 200 tonn til 340 tonn frå 2013 til 2014, medan produksjonen av plomme gjekk ned med vel 100 tonn til 1 400 tonn.

Tri firedelar av bæravlinga er jordær

Bærproduksjonen på friland auka med 2 500 tonn til 11 500 tonn frå 2013 til 2014. Jordbæravlinga utgjorde 73 prosent av den totale bæravlinga i 2014, medan bringebær sto for 22 prosent.