196157
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
196157
Svak nedgang i elvefisket
statistikk
2015-01-23T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Statistikken gir oversikt over fangst av laks, sjøaure og sjørøye i elvane. I 2014 blei det fiska 162 000 fisk. Av desse blei 80 prosent avliva og 20 sleppt levande ut i elva igjen.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i elvefisket

I alt blei det fiska 162 000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i 2014. Det er 7000, eller 4 prosent, færre fisk enn året før. Av desse fiskane blei 80 prosent avliva og 20 prosent sleppt levande ut igjen.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Avliva fisk og fisk som blei sleppt ut att, etter vektklasser
20142013 - 20142011 - 20142014
KgEndring, prosentEndring, prosentStk
Avliva fisk
I alt321 350-3,9-27,8130 272
Laks i alt276 812-2,5-29,786 539
Laks under 3 kg98 2578,117,053 277
Laks mellom 3 og 7 kg110 523-5,1-45,325 980
Laks over 7 kg68 032-11,4-37,07 282
Sjøaure og sjørøye44 538-11,5-13,343 733
 
Fisk sleppt ut att
I alt90 79227,933,731 629
Laks i alt78 97327,627,420 229
Laks under 3 kg17 58940,884,89 884
Laks mellom 3 og 7 kg31 75744,111,07 252
Laks over 7 kg29 6278,424,23 093
Sjøaure og sjørøye11 81930,098,411 400
Figur 1. Elvefiske etter laks

Den avliva fangsten vog 321 tonn, fordelt på 277 tonn laks og 45 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før, var det ein nedgang på 3 prosent for laks og 11 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Rekna av all avliva laks, vog 62 prosent av fiskane under 3 kilo, medan 30 prosent vog mellom 3 og 7 kilo. 8 prosent av laksen vog over 7 kilo. Tilsvarande tal for 2013 var respektive 63, 28 og 9 prosent.

Gjennomsnittsvekta for avliva laks auka frå 3,1 kilo i 2013 til 3,2 kilo i 2014.

Auke i Finnmark

Av fylka som hadde auka mengd i avliva fangst, hadde Finnmark størst auke med 19 prosent, til 112 tonn, som svarar til 35 prosent av den avliva fangsten på landsnivå i 2014. Det var nedgang i avliva fangst i dei fleste fylka. Sør-Trøndelag og Buskerud hadde størst nedgang, med respektive 6,5 og 4,3 tonn samanlikna med 2013.

Tana framleis på topp

Tana med sideelvar var det viktigaste fiskevassdraget i 2014, med ein samla fangst på 47,7 tonn. Det er 8,9 tonn meir enn i 2013. Deretter følgde Namsenvassdraget og Gaulavassdraget, med respektive 19,0 og 16,5 tonn. Rangeringa av elvane inkluderer både fangst som er avliva og fisk som er sleppt levande ut igjen.

Ein femtedel sett ut igjen

Fangsten som blei sett levande ut igjen fordelte seg på 20 200 laks og 11 400 sjøaure/sjørøye, og representerar 20 prosent av det samla elvefisket i 2014. Tilsvarande tal for året før var 16 000 laks og 9 500 sjøaure/sjørøye. Orkla og Gaula var dei viktigaste vassdraga for dette fisket i 2014, med respektive 2 800 og 2 500 fiskar.

Det fylket der det blei sett ut igjen flest fisk var likevel Finnmark, med 5 600 laks og 1 600 sjøaure/sjørøye. Deretter følgde Sør-Trøndelag og Nordland.

Gjennomsnittsvekta for fiskar som blei sleppte ut igjen, var 3,9 kg for laks og 1,0 kg for sjøaure og sjørøye.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB