Grønt skifte

Oppdrettslaks til heile verda

Publisert:

I alt 111 land kjøpte norsk oppdrettslaks i 2019, og fire av fem laks forlet Noreg uforedla. Ein stor del av eksporten går til Europa for vidareforedling. Flyfrakten til andre verdsdelar har auka sterkt.

Noreg står for om lag halvparten av verdas samla produksjon av atlantisk laks. I 2018 produserte norske oppdrettarar 1,28 millionar tonn laks for sal, og 1,06 millionar tonn vart eksportert. I 2019 var eksporten 1,1 millionar tonn. Verdien av lakseeksporten er meir enn tredobla sidan 2009, og i 2019 var den samla eksportverdien av laks på 72,5 milliardar kroner. Europeiske land importerte om lag 75 prosent av laksen. Berre vel 16 prosent av oppdrettslaksen vart foredla i ei eller anna form før han vart frakta ut av landet.

Her kan du sjå kor mykje laks Noreg eksporterer til ulike land.

I denne artikkelen ser vi nærmare på kva land vi sel laks til, og korleis dette har endra seg. Vi kjem òg inn på nokre av miljøutfordringane for oppdrettsnæringa.

Figur 1. Landa med størst lakseimport i 2010, 2015 og 2019

Import av laks
Nederland 68129
Spania 71896
Frankrike 100192
Danmark 101599
Polen 159748
2019
Spania 65411
Storbritannia 74194
Danmark 77572
Frankrike 121022
Polen 139361
2015
Spania 37720
Danmark 64690
Russland 84751
Polen 95106
Frankrike 115944
2010

Mykje norsk oppdrettslaks blir foredla i EU

Noreg må betale toll for å selje foredla laks til EU, medan EU-landa kan selje laksen vidare til den europeiske marknaden utan toll. Mange europeiske land har bygd opp industri som vidareforedlar norsk laks, som dei så eksporterer til andre EU-land. Dei største av desse er Polen og Danmark, og dei kjøper stadig meir laks. Også Nederland, Tyskland og Sverige kjøper mykje uforedla laks for vidareforedling og sal til andre land. Fleire andre europeiske land byggjer også opp fiskeforedlingsindustri for eksportføremål basert på norsk laks, blant anna Litauen og Hellas. I tillegg til fri tilgang til EU-marknaden er lønsnivået i mange av desse landa langt lågare enn i Noreg. Det er difor vanskeleg for norsk fiskeindustri å auke foredlinga på norsk jord.

Elles er Frankrike, Spania og Italia viktige marknader for norsk laks. I Frankrike har salet gått noko ned dei seinare åra. Høgare prisar er truleg hovudårsaka, men det har også vorte sett kritisk søkjelys på norsk laks og lakseproduksjon i fleire franske avisar dei siste åra.

Stadig meir flytransport

Sidan 2010 har mengda flyboren sjømateksport frå Noreg auka frå 65 000 tonn til 165 000 tonn. Mesteparten av dette går til Asia, men USA og Midt-Austen importerer også ein god del sjømat. Dei siste åra er det eksporten til Kina og Sør-Korea som har auka mest.

Kor stort klimaavtrykk transporten utgjer, er det delte meiningar om. Næringa hevdar at dei stort sett berre nyttar fly som uansett ville gått, sidan meir varer blir frakta frå Asia til Europa enn omvendt, og då nyttar ein berre kapasiteten til fly som elles ville gått tomme tilbake. Dei meiner difor det stort sett berre er auka bruk av drivstoff som følgje av den ekstra vekta fisken utgjer, som kan takast med i reknestykket. I 2019 vart om lag kvar sjette oppdrettslaks seld til Asia og Nord-Amerika, og trenden har vore aukande. Mange stiller spørsmål ved kor berekraftig dette er. Sintef har rekna ut at karbondioksidutsleppa er dobbelt så store for fersk flyboren laks til Kina som for frosen laks frakta på skip. Flyboren fersk laks til Kina har dessutan tre gonger så stort klimaavtrykk som fersk laks levert med bil og båt til Frankrike.

Figur 2. Eksportert norsk sjømat fordelt på transportmåte

2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019
Båt 1640611 1370032 1314052 1269468 1404854 1246909 1126171 1314775 1323799 1209195
Bil og bane 784897 839306 980610 962713 999025 1019304 968512 946895 1015193 1044116
Fly 65345 68704 94212 98666 110497 130774 136990 148697 144311 165322

Figur 3. Flytransport av norsk sjømat til utvalde land

2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019
Sør-Korea 2364 2384 2965 4095 5110 7076 11099 14841 18229 22523 24708
Japan 13755 12330 13961 22835 20134 18078 20942 22914 20221 20969 23138
Kina 7091 9660 4220 10771 6896 7477 6970 2236 2973 10290 19141
USA 14432 9570 5171 4528 8833 14956 20876 23950 22436 20158 18951

Kina er tilbake

Eksporten av laks til Kina har auka mykje dei siste to åra. Kina boikotta norsk laks etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo i 2010 vart tildelt Nobels fredspris. Den offisielle årsaka til boikotten var frykt for laksesjukdommar. Noreg la ned mykje diplomati i å betre tilhøvet til Kina, og i slutten av 2017 skreiv landa under ein lakseavtale. Frå 2018 har denne marknaden igjen opna seg. I åra mellom 2010 og 2018 auka eksporten til Vietnam, som selde fisk vidare til Kina. Også Sør-Korea har fått smaken på norsk laks, og veksten i eksporten dit har vore stor.

Russland vil ikkje ha norsk laks

Russland var ein av dei aller største importørane av norsk laks fram til 2013. I 2014 stengte Russland grensene for norsk laks og regnbogeaure. Dei hevda at dei fleire gonger hadde funne rester av forbodne og skadelege stoff i fisken, noko Mattilsynet ikkje meiner det finst grunnlag for å hevde. Årsaka var nok heller eit svar på vestlege sanksjonar etter at Russland overtok Krim-halvøya. Kviterussland auka sin import etter 2013, særleg av regnbogeaure, som dei selde vidare til Russland. Frå 2020 har russarane også sett ein stoppar for import av norsk laksefisk frå Kviterussland.

Oppdrettslaks set mindre klimaavtrykk enn svin og storfe

Utrekningar frå Sintef frå 2017 syner at oppdrettlaks set eit litt mindre klimaavtrykk per kilo produsert kjøt enn svinekjøt, og langt mindre enn storfekjøt. Kyllingkjøt kjem litt betre ut enn oppdrettslaks.

Fôrproduksjonen er den klart viktigaste kjelda til utslepp av drivhusgassar og andre miljøpåverkingar i produksjonen av laks. Opptil 83 prosent av klimautsleppa i lakseproduksjonen skriv seg ifølgje Sintef frå fôrproduksjon. I 2018 nytta næringa 1,84 millionar tonn fiskefôr. Om lag 75 prosent av fôret er laga av planter som veks på land, og importert soya utgjer om lag 19 prosent av innhaldet. Dette utgjer 350 000 tonn soya, som i stor grad kjem frå Brasil. Næringa ønskjer å finne alternativ til soyaimporten, som mange meiner er lite berekraftig. Det blir difor forska på alternativt fiskefôr, og sukkertare, algar, raudåte, insekt og kanskje trevirke kan truleg erstatte soya og raps i framtida.

50 millionar reinsefisk går dukken kvart år

Lakselus har vore og er framleis ei stor utfordring for lakseprodusentane. Dei siste åra har leppefisk og anna reinsefisk vorte stadig viktigare for å halde lakselusa i sjakk, og dei siste åra er det sleppt rundt 50 millionar reinsefisk i merdane kvart år. Rognkjeks og leppefisk som berggylt, bergnebb og grønngylt er dei vanlegaste. Reinsefisken et opp lusa som sit på laksen. Den store mengda av bleikjemiddelet hydrogenperoksid, som lenge vart nytta meir og meir for å ta knekken på lusa, har derfor gått kraftig ned dei siste åra. I 2015 nytta næringa 43,2 millionar kilo bleikjemiddel, medan det i 2018 var redusert til 6,7 millionar kilo. Men bruk av reinsefisk er heller ikkje uproblematisk. Bortimot halvparten av reinsefisken blir registrert daud, medan resten berre blir borte. Rognkjeks og noko leppefisk er oppdrettsfisk, medan resten av leppefisken er villfanga. Noko er også importert frå Sverige og Danmark. Den auka fangsten av leppefisk dei siste åra kan ha ført til redusert bestandsstorleik. Ein har òg mistanke om genetiske endringar i ville bestandar som følgje av rømt reinsefisk.

Medisinbruken går ned

Oppdrettsnæringa er avhengig av eit godt omdømme for å få seld fisken til god pris. Mange forbrukarar er opptekne av rein mat og at fisken er produsert på ein berekraftig måte. Difor er det viktig at antibiotikabruken og annan medisinbruk er så liten som råd. Bruken av antibiotika har vore låg sidan 2010, og han vart ytterlegare redusert i 2019. Forbruket av dei ulike midla mot lakselus, innvollsorm og overflateinfeksjonar varierer noko frå år til år, men over tid er det ein tendens til at forbruket går ned.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er bruken av dei fleste av desse legemidla på veg ned:

  • antibakterielle middel
  • middel mot lakselus
  • middel mot innvollsorm
  • middel mot overflateinfeksjonar på fisk i ferskvatn

Kva slags følgjer vil koronatiltaka ha for eksporten?

Spørsmålet mange stiller no, er kva følgjer koronatiltaka har for etterspørselen etter laks. Eksporttala fram til midten av april 2020 tyder ikkje på at markanden så langt har blitt så mykje dårlegare. Kva land som kjøper laks, vil truleg bli meir påverka.

Fiskeribladet. 2019. Ikke nok arbeidskraft til mer videreforedling av laks i Norge. Henta frå https://fiskeribladet.no/nyheter/?artikkel=64638

Fiskeridirektoratet 2018. Nøkkeltall havbruk 2018. Henta frå file:///C:/Users/tra/Downloads/nokkeltall-havbruk-2018.pdf

Folkehelseinstituttet. 2020. Det blir brukt mindre legemiddel i norsk fiskeoppdrett. Henta frå https://www.fhi.no/nyheter/2020/det-blir-brukt-mindre-legemiddel-i-norsk-fiskeoppdrett/

Folkehelseinstituttet. 2019. Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2019. Henta frå https://www.hi.no/hi/nettrapporter/fisken-og-havet-2019-5#sec-problemstilling-3

iLaks.no. 2019. – Økt videreforedling i Europa er hovedårsaken til veksten i norsk lakseeksport. Henta frå: https://ilaks.no/okt-videreforedling-i-europa-er-hovedarsaken-til-veksten-i-norsk-lakseeksport/

Kyst.no. 2019. Norsk laks får gjennomgå i Frankrike. Henta frå https://www.kyst.no/article/norsk-laks-faar-gjennomgaa-i-frankrike/

Nofima 2019. Laksefôret er omtrent som før. Henta frå https://nofima.no/nyhet/2019/08/lakseforet-er-omtrent-som-for/

Sintef. 2011. Miljøregnskap for sjømatprodukter. Henta frå https://www.sintef.no/siste-nytt/miljoregnskap-for-sjomatprodukter/

Sintef. 2013. Miljøregnskap laksefôr. 2013. Henta frå https://www.sintef.no/prosjekter/miljoregnskap-laksefor/

Sysla Fisk. 2015. Selger mer laks til polske videreforedlere. Henta frå https://sysla.no/fisk/a/8mqEpw/selger-mer-laks-til-polske-videreforedlere

Winter, U., Ziegler, F., Skontorp Hognes, E., Emanuelsson, A., Sund, V. and Ellingsen, H. 2009. Carbon footprint and energy use of seafood products. Sintef. Henta frå https://www.sintef.no/globalassets/upload/fiskeri_og_havbruk/internasjonalt_radgivning/2009_carbon-footprint-of-seafood-products.pdf

Winther, U., Skontorp Hognes, E., Jafarzadeh, S. and Ziegler, F.  2017.Greenhouse gas emissions of Norwegian seafood products in 2017. Sintef. Henta frå https://www.sintef.no/contentassets/0ec2594f7dea45b8b1dec0c44a0133b4/report-carbon-footprint-norwegian-seafood-products-2017_final_120220.pdf

Kontakt