1 av 4 elvefisk sleppte ut igjen etter fangst

Publisert:

Laksefiskarane tok opp 175 400 fisk frå dei norske elvane i 2020. Det er ein auke på 6 prosent frå året før. Fang og slepp auka med 27 prosent frå 2019 og utgjorde 24 prosent av den totale fangsten i 2020.

I alt blei det fiska og avliva 354 tonn laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i dei norske elvane i 2020. Dette er 1 prosent meir enn året før. I tillegg blei 128 tonn laks, sjøaure og sjørøye sleppt levande ut i elva igjen, ein auke på 21 prosent samanlikna med 2019. Det er førebels tal for elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye 2020 som viser dette.

Figur 1. Elvefiske etter laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks

Fisk sleppt ut att Avliva fisk
2011 21441 151682
2012 25650 166461
2013 25442 143454
2014 31629 130272
2015 34982 162508
2016 36943 143403
2017 37214 144638
2018 32075 114824
2019 32997 133057
2020* 41821 133622

Størst del fang og slepp i Gaula og Orkla

Gaula og Orkla er dei klart største vassdraga når det gjeld fang og slepp. Begge elvane hadde ein formidabel auke frå 2019 til 2020. Talet på fiskar som blei sleppte ut igjen i Gaulavassdraget auka med 76 prosent, til 4 500 fiskar i 2020. Det utgjorde 67 prosent av totalen i vassdraget. Orkla nær dobla talet på fisk som blei sett ut igjen, til 4 400 fiskar i 2020. Det utgjorde 64 prosent av total fangst i elva.

Namsenvassdraget på topp

Med ein samla fangst på 9 500 laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks, som er ein auke på 8 prosent frå året før, hadde Namsenvassdraget flest landingar i 2020. 5 prosent av fiskane blei sleppte levande ut igjen, medan 95 prosent blei avliva. Etter Namsen er det i Altavassdraget det vert fiska mest. Det blei fiska 7 300 laksefisk i 2020, som er ein auke på 38 prosent frå året før. Her blei 14 prosent av fiskane sleppte levande ut i elva igjen.

Nedgang på 30 prosent i Tana

Det blei fiska 5 500 laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i den norske delen av Tanavassdraget i 2020. Det er ein nedgang på 30 prosent frå året før. 4 prosent av fiskane vart sleppte levande ut i elva igjen.

Figur 2. Elver med størst fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks 2020. Førebelse tal

Fisk sleppt ut att Avliva fisk
Stjørdalsvassdraget 1488 1709
Mandalselva 465 3279
Bjerkreimselva 382 3755
Numedalslågen 110 4177
Målselvvassdraget 352 4809
Tana m/bielver (norsk del) 242 5284
Gaulavassdraget 4461 2227
Orkla 4393 2426
Altavassdraget 1060 6284
Namsenvassdraget 505 9023

Variasjonar i fangstane frå år til år heng i hovudsak saman med kor mykje laks som går opp i elvane og fiskeforholda i elvane.

Faktaside

Kontakt