21 tonn pukkellaks tatt i elvane
Publisert:
I 2019 vart det for første gong rapportert fiske av pukkellaks i elvane. Det vart fiska 21 tonn av arten, som er uønskt i Noreg, og pukkellaksen utgjorde 7 prosent av all avliva laks som vart fiska i elvane dette året.
- Tala er henta frå
- Elvefiske
- Artikkelen er del av serien
- Elvefiske (arkiv)
I alt vart det fiska og avliva 348 tonn laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i dei norske elvane i 2019. Dette er ein auke på 13 prosent frå 2018. Noko av auken kjem av at pukkellaks først er rekna med frå 2019.
I tillegg vart 102 tonn laks, sjøaure og sjørøye sleppt levande ut i elva igjen, ein nedgang på knapt 4 prosent samanlikna med året før. I alt vart 1 av 5 fiskar sleppt levande ut i elva igjen. Det er førebels tal for elvefiske 2019 som viser dette.
Figur 1. Elvefiske etter laks, sjøaure, sjørøye og regnbogeaure
| Fisk sleppt ut att | Avliva fisk | |
| 2010 | 19917 | 167182 |
| 2011 | 21441 | 151682 |
| 2012 | 25650 | 166461 |
| 2013 | 25442 | 143454 |
| 2014 | 31629 | 130272 |
| 2015 | 34982 | 162508 |
| 2016 | 36943 | 143403 |
| 2017 | 37214 | 144638 |
| 2018 | 32075 | 114824 |
| 2019* | 32189 | 131258 |
Namsenvassdraget på topp
Laksefiskarane i Namsenvassdraget drog på land ein samla fangst på 8 900 laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i 2019, noko som er ein auke på 18 prosent frå året før.
8 prosent av fiskane vart sleppte levande ut igjen, medan 92 prosent vart avliva. Med dette var Namsenvassdraget laksefiskevassdraget med flest landingar i 2019.
Etter Namsen er det i Tanavassdraget det vart fiska mest. Det vart fiska 7 900 laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i den norske delen av Tanavassdraget i 2019. Det er ein nedgang på 21 prosent frå året før. 98 prosent av fiskane vart avliva, og 2 prosent vart sleppte levande ut i elva igjen.
Størst del fang og slepp i Gaula og Orkla
Gaula og Orkla er dei største vassdraga når det gjeld fang og slepp.
I 2019 vart det fiska 3 900 laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i Gaulavassdraget, og 65 prosent av desse vart sette ut igjen. Tilsvarande tal for Orkla var 3 700 fisk totalt, og av desse vart 60 prosent sette ut igjen.
Figur 2. Elver med størst fangst av laks, sjøaure, sjørøye og regnbogeaure 2019. Førebelse tal
| Fisk sleppt ut att | Avliva fisk | |
| Syltefjordelva/Ordo | 437 | 2545 |
| Mandalselva | 411 | 2801 |
| Bjerkreimselva | 329 | 3371 |
| Orkla | 2264 | 1481 |
| Gaulavassdraget | 2529 | 1345 |
| Numedalslågen | 108 | 4380 |
| Målselvvassdraget | 284 | 4307 |
| Altavassdraget | 651 | 4688 |
| Tanavassdraget (norsk del) | 157 | 7728 |
| Namsenvassdraget | 743 | 8117 |
Faktaside
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
-
Trond Amund Steinset
-
SSBs informasjonstjeneste
