9293
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9293
Sterk vekst i frådraga
statistikk
2006-12-13T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk vekst i frådraga

Frådrag i inntekta ved likninga auka med 9,7 prosent frå 2004 til 2005. I gjennomsnitt kunne personar med frådrag i inntekta trekkje 73 200 kroner frå bruttoinntekta ved likninga i 2005.

Det var minstefrådraget som auka mest, med 17,5 prosent frå 2004 til 2005. Minstefrådraget utgjorde 62 prosent av dei totale frådraga, og vel 93 prosent av personane kunne nytte dette i 2005. Gjennomsnittleg minstefrådrag utgjorde 47 400 kroner i 2005, mot 40 700 kroner året før, for personar med frådrag. Øvre grense for minstefrådraget var på 57 400 kroner for lønnsinntekt og 49 400 kroner for pensjon i 2005. I 2004 var dette beløpet 47 500 kroner for begge grupper.

Auke for renter av gjeld

Renter av gjeld hadde ein liten auke frå 2004 med 2,6 prosent, og utgjorde 20 prosent av dei totale frådraga i 2005. Dei som hadde renter av gjeld, betalte i snitt 20 800 kroner i 2005. Totale renter av gjeld, inkludert renter av gjeld i bustadselskapet, var på 52,5 milliardar kroner i 2005.

Færre trekkjer frå reiseutgifter

I alt 407 000 personar fekk frådrag for reiseutgifter i 2005, noko som var 120 000 færre enn året før. Gjennomsnittleg reisefrådrag for dei som har krav på frådraget var vel 12 000 kroner både i 2004 og 2005. Auken i botnfrådraget var årsak til at færre kunne gjera seg nytte av frådraget.

Individuell pensjonssparing mindre populær

Sjølv om det var ein liten auke i premiefrådraget på 1,3 prosent, var det færre med frådrag for individuell pensjonssparing (IPA). Det har vore ein nedgang i talet på personar med frådrag i innbetaling til pensjon frå 1998 til i dag. 111 400 personar førte frådraget i 2005, med eit gjennomsnittleg frådrag på 11 500 kroner. I 1998 nytta 144 000 personar frådraget, med eit gjennomsnitt på 8 600 kroner. Det var 23 prosent færre som nytta frådraget i 2005 enn i 1998.

Meir gjeld

Gjelda til alle hushalda auka med 131 prosent frå 2004 til 2005, til 1 433,31 milliardar kroner i 2005. I same periode steig bruttoinntekta med 10 prosent til 1 106,4 milliardar kroner. Frå 2001 har bruttoinntekta auka med nær 30 prosent, medan gjelda auka med over 50 prosent.

Unge har dobbelt så høg gjeld som bruttoinntekt

Personar med gjeld i aldersgruppa 25-34 år hadde i gjennomsnitt 641 1001 kroner i gjeld. Dette var over dobbelt så mykje som dei hadde i bruttoinntekt.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit uttrekk frå Skattedirektoratet sitt register over sjølvmeldingar ved ordinær likning, og omfattar alle personar med eit likningsforhold til Noreg. Næringsdrivande er definert som alle personar med næringsinntekt, underskott frå næring og/eller berekna personinntekt frå næringsverksemd. For meir informasjon om datagrunnlaget, sjå Om statistikken .

1 Tallet er rettet 30. april 2008.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB