9177
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9177
God inntektsauke for dei fleste
statistikk
2010-03-11T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

God inntektsauke for dei fleste

Hushaldas inntekt etter skatt auka med 3,4 prosent frå 2007 til 2008 målt i faste prisar. Størst inntektsauke hadde dei eldre, medan unge aleinebuande hadde den lågaste inntektsauken.

Prosentvis auke i median inntekt etter skatt for ulike hushaldstypar frå 2000 til 2008 og frå 2007 til 2008

Medianinntekta etter skatt auka med 3,4 prosent for norske privathushald frå 2007 til 2008 målt i faste prisar. Dei aller fleste hushald hadde ein god inntektsauke (se også inntektsfordeling ), men nokre grupper auka inntektene sine meir enn andre. Aleinebuande pensjonistar og pensjonistektepar hadde den største veksten i medianinntektene med ein realvekst på drygt 5 prosent, medan aleinebuande under 45 år hadde den lågaste inntektsveksten med under 3 prosent frå 2007 til 2008.

Eldres inntekter auka mest dei siste åra

Dei eldre har dei seinare åra vore ”inntektsvinnarane”, medan unge aleinebuande gjennom fleire år har hatt ein inntektsvekst lågare enn den generelle inntektsveksten i samfunnet. Sidan byrjinga av 2000-tallet har medianinntekta etter skatt blant einslege under 45 år auka med 17 prosent målt i faste prisar. Tilsvarande inntektsauke blant einslege 65 år og eldre var 41 prosent, medan pensjonistpar auka inntekta med nesten 46 prosent frå 2000 til 2008. For alle hushald auka median hushaldsinntekt etter skatt med nærare 34 prosent i denne perioden, målt i faste prisar.

Den sterke inntektsauken blant dei eldste kan mellom anna forklarast av gode trygdeoppgjer, og at det dei siste åra har kome til nye pensjonistkull som har eit klart betre inntektsgrunnlag for pensjonane sine enn tidlegare kull. I tillegg blir inntekter som til dømes tenestepensjonar, renteinntekter og yrkesinntekter stadig meir viktige for dei eldre.

Ein sterk auke i innvandrardelen blant unge aleinebuande forklarar ein del av den relativt låge inntektsveksten hos desse hushalda. Frå 2005 til 2008 auka til dømes prosentdelen innvandrarar frå 15 til 21 blant dei yngste aleinebuande (under 30 år). Blant unge aleinebuande innvandrarar i 2008 hadde vel ein tredel innvandra til landet same året, og mange har dermed ikkje ei full årsinntekt.

Vekst for barnefamiliane

Par med barn hadde ein realinntektsvekst på om lag 4 prosent frå 2007 til 2008. Sidan 2000 har småbarnsfamiliane, yngste barn i alderen 0-6 år, auka medianinntekta etter skatt med 28 prosent i faste prisar. Inntektsveksten har vore noko sterkare blant par med eldre barn (yngste barn i alderen 7-17 år) med 30 prosent. Einslege forsørgjarar hadde ein realvekst i inntektene med 3 prosent frå 2007 til 2008, og med 25 prosent over heile perioden 2000 til 2008.

Statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar alle registrerte kontante inntekter som hushalda tek imot i inntektsåret. Frå og med inntektsåret 2004 er inntektsstatistikken ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald som bur i landet ved utgangen av året. Datagrunnlaget er gjort nærare greie for i ”Om statistikken”.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB