9155_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9155
Best inntektsutvikling for dei veletablerte
statistikk
2009-03-05T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Best inntektsutvikling for dei veletablerte

Alle hushaldsgruppene hadde ein god inntektsauke frå 2006 til 2007, men det var dei eldre og meir etablerte hushalda som auka inntektene mest.

Prosentvis auke i median hushaldsinntekt etter skatt frå 2006 til 2007. Faste prisar

Alle hushaldsgruppene fekk ein god auke i inntektene frå 2006 til 2007, men nokre grupper har likevel auka inntektene meir enn andre. Aleinebuande pensjonistar og pensjonistektepar hadde den største auken i median hushaldsinntekt etter skatt med om lag 9 prosent. Par og aleinebuande i alderen 45-64 år hadde også ei betre inntektsutvikling enn yngre par og yngre aleinebuande. Blant barnefamiliane har dei med dei eldste barna auka inntektene meir enn småbarnsfamiliane. Par med barn der yngste barn er i alderen 7-17 år auka inntekta med nær 8 prosent, medan småbarnsfamiliane hadde ein inntektsauke på vel 7 prosent. For alle hushalda auka median hushaldsinntekt etter skatt med nærare 7 prosent frå 2006 til 2007.

Sterk auke i yrkesinntektene

Mykje av den gode inntektsutviklinga til hushalda i 2007 kan forklarast med ein sterk auke i lønnsinntektene. Dette kjem både av auke i sysselsetjinga og eit godt lønnsoppgjer. For par med barn i alderen 0-5 år har den gjennomsnittlege yrkesinntekta auka frå 646 700 kroner i 2006 til 706 700 kroner i 2007, ein vekst på 9 prosent. Par med barn i alderen 7-19 år har hatt tilsvarande stor auke, frå 750 000 kroner i 2006 til 819 800 kroner i 2007. Einslege forsørgjarar med små barn har langt lågare inntekter, men har likevel fått betydeleg meir yrkesinntekt i 2007, 173 500 kroner mot 151 800 kroner i 2006. Dette utgjer ein auke på 14 prosent. Einslege forsørgjarar med barn i alderen 6-17 år hadde ein auke på 9 prosent i sine yrkesinntekter.

Statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar alle registrerte kontante inntekter som hushalda mottek. Frå og med inntektsåret 2004 er inntektsstatistikken ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald som bur i landet ved utgangen av året. Datagrunnlaget er gjort nærare greie for i ”Om statistikken”.

Tabeller: