9157_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9157
Nær eit av ti hushald har millioninntekt
statistikk
2008-03-07T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nær eit av ti hushald har millioninntekt

I 2006 hadde 8 prosent av norske hushald ei samla hushaldsinntekt på 1 million kroner eller meir. Flest hushald med så høg inntekt finn ein blant par med eldre barn.

Utvikling i inntekt etter skatt for ulike hushaldstypar. 1990-2006. Indeks for faste prisar. 1990=100

Blant par med vaksne barn hadde nær ein tredel ei millioninntekt, før skatten vart trekt frå. Blant par der yngste barn er 6-17 år, hadde meir enn kvart femte hushald ei så høg inntekt i 2006. Svært få par med barn har ei inntekt lågare enn 400 000 kroner.

Blant einslege forsørgjarar med små barn har vel 8 av 10 ei samla inntekt lågare enn 400 000 kroner. Blant einslege forsørgjarar med yngste barn i alderen 6-17 år har 6 av 10 så låg inntekt.

Størst inntektsauke for dei eldre

Dersom me følgjer utviklinga i medianinntekta (etter skatt) frå 1990 til 2006, finn ein at parhushald, der eldste person er 65 år eller eldre, har hatt den største inntektsveksten med 62 prosent, tett følgd av aleinebuande 65 år og eldre (54 prosent). Aleinebuande under 45 år har hatt den svakaste inntektsutviklinga i denne perioden, med 26 prosent målt i faste prisar (studentar er ikkje tekne med).

Meir yrkesinntekt

Inntektssamansetninga viser at den gjennomsnittlege yrkesinntekta har auka for alle hushaldsgruppene, medan kapitalinntektene er sterkt reduserte sidan 2005. Særleg har par utan barn i alderen 45-66 år, par med barn i alderen 6-17 år samt par med vaksne barn merka denne reduksjonen i kapitalinntekter. Det har skjedd små endringar i trygder og stønadar som hushalda mottek. Vi ser ein liten nedgang i dagpengar ved arbeidsløyse og kontantstøtte. Dette kan mellom anna forklarast med mindre arbeidsløyse og betre barnehagedekning i 2006.

Statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar alle registrerte kontante inntekter som hushalda mottek. Frå og med inntektsåret 2004 er inntektsstatistikken ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald som bur i landet ved utgangen av året. Datagrunnlaget er gjort nærare greie for i ”Om statistikken”.

Tabeller: