9161
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9161
Sterk inntektsvekst for dei eldre
statistikk
2006-05-19T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk inntektsvekst for dei eldre

Det er pensjonistpar som har hatt den største auken i hushaldsinntektene dei siste åra, medan det er dei unge einslege som har hatt svakast inntektsvekst.

Både blant par og dei som bur åleine, er det klare skilnader i inntektsutviklinga mellom unge og eldre. Blant dei som bur åleine, er det dei over 65 år som har hatt den største auken i inntekta, med ein realvekst i medianinntekta på 42 prosent sidan 1990. Einslege i alderen 45 til 64 år hadde ein auke på 36 prosent i same periode, medan dei yngste, studentar, er her utelatne, berre har auka inntektene med 20 prosent.

Det same mønsteret finn ein att blant par utan barn. Medan dei eldste hadde ein realvekst i inntekt etter skatt på 51 prosent, hadde par der eldste person var i alderen 45 til 64 år ein auke på 36 prosent, medan dei yngste para hadde ei inntekt etter skatt som var 29 prosent høgare enn det tilsvarande hushaldstype hadde i 1990

Utvikling i inntekt etter skatt for ulike hushaldstypar. 1990-2004. Indeks for faste prisar. 1990=100

Nye pensjonistkull

Den sterke inntektsauken blant dei eldste må mellom anna sjåast på bakgrunn av at det dei siste åra har kome til nye pensjonistkull som har eit klart betre inntektsgrunnlag enn tidlegare pensjonistkull. I tillegg har særleg pensjonistektepar fått ei klar opptrapping av grunnpensjonane sine dei siste åra. Den svake utviklinga til dei unge kan mellom anna skuldast ein forverra arbeidsmarknad etter 2000. Meir om dette i Samfunnsspeilet 4/2005 .

I 2004 hadde norske hushald ei gjennomsnittleg samla inntekt på 478 000 kroner. Den største delen av hushaldsinntektene er yrkesinntekt, med i gjennomsnitt 331 700 kroner. I tillegg får hushalda kapitalinntekter på 40 600 kroner og diverse pensjonar og stønader på 105 700 kroner. Etter frådrag av skatt med vidare, sit hushalda att med ei gjennomsnittleg inntekt etter skatt på 359 300 kroner.

Stadig høgare gjeld blant dei yngre

Samstundes med at inntektsutviklinga har vore svak for dei yngste hushalda dei siste åra, har gjelda deira auka. Stadig fleire tek opp høge lån. I 2004 hadde 17 prosent av dei unge einslege ei gjeld som oversteig inntekta tre gonger. I 1998 gjaldt dette for berre 11 prosent av denne gruppa. Også unge par og einslege forsørgjarar har store gjeldsbyrder.

Større inntektsforskjellar

Dersom ein deler befolkninga inn i ti like store inntektsklassar (desilgrupper), og sorterer dei etter storleiken på hushaldsinntekt per forbrukseining, får vi eit bilete av korleis hushaldsinntektene er fordelte i befolkninga. Desil 1 vil då vere tidelen personar med lågast hushaldsinntekt, medan desil 10 er tidelen med høgast inntekt.

I 2004 disponerte den høgaste tidelen 25,1 prosent av all inntekt. Dette er ein auke på 0,6 prosentpoeng frå året før. Personane i den høgaste tidelen hadde ei inntekt som i 2004 var vel sju gonger større enn inntekta til personar i den lågaste tidelen. Ti år tidlegare hadde den rikaste tidelen knapt seks gonger så høg inntekt som den tidelen med lågast inntekt. Den aukande inntektsforskjellen kan mellom anna forklarast av ein auke i kapitalinntektene og lågare skatt på slike inntekter. I tillegg har og lønsskilnadene blitt større dei siste åra. Meir informasjon om utviklinga i inntektsfordelinga finn ein her: http://ssb.no/emner/08/05/10/oa/200601/hushold.pdf

Statistikkgrunnlaget

Grunnlaget for inntekts- og formuesstatistikken for hushald er eit utval på om lag 13 000 privathushald. Hushaldssamansetjinga er kartlagt ved hjelp av intervju og registeropplysningar, medan inntektene er henta frå ulike administrative register.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB