9163_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9163
Svak vekst i inntekta til unge aleinebuande
statistikk
2005-05-20T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak vekst i inntekta til unge aleinebuande

Samanlikna med andre grupper har unge einslege hatt ein svakare vekst i inntekta dei siste åra. Unge aleinebuande hadde berre 7 prosent høgare inntekt i 2003 enn det dei hadde i 1990. Til samanlikning hadde par med barn ein auke på 36 prosent.

Utvikling i inntekt etter skatt for ulike hushaldstypar. 1990-2003. 2003-kroner

Gjeldsutviklinga for ulike hushaldstypar. 1990-2003. 2003-kroner

Fleire av dei unge einslege er studentar som lever av studielån, og studielån vert ikkje rekna som inntekt i inntektsstatistikken. Men sjølv om ein utelet studentar frå denne gruppa, har unge einslege berre hatt om lag halvparten av inntektsveksten til pensjonistar og barnefamiliar.

I 2003 hadde norske hushald ei gjennomsnittleg samla inntekt på 457 500 kroner. Den største delen av hushaldsinntektene er yrkesinntekt, med i gjennomsnitt 319 100 kroner. I tillegg får hushalda kapitalinntekter på 38 600 kroner og diverse pensjonar og stønader på 99 900 kroner. Etter frådrag av skatt med vidare - 112 500 kroner - sit hushalda igjen med ei gjennomsnittleg inntekt etter skatt på
345 100 kroner.

Stadig høgare gjeld blant dei yngre

Samstundes som inntektsutviklinga har vore svak for dei yngste hushalda, har gjelda deira auka. Stadig fleire tek opp høge lån. Aleinebuande under 45 år er den gruppa som har størst gjeldsbyrde. I 2003 hadde 15 prosent av dei unge einslege ei gjeld som oversteig inntekta tre gonger. Ingen andre hushaldstypar har så stor gjeldsbelastning. Det er likevel stor gjeldsbelastning også blant yngre par, med og utan barn, og blant dei einslege forsørgjarane.

Blant alle norske hushald har delen som har ei gjeld minst dobbelt så stor som samla hushaldsinntekt, auka frå om lag 15 prosent på slutten av 1990-talet til 21 prosent i 2003. Om lag 9 prosent hadde gjeld som var tre gonger større enn inntekta.

Større inntektsforskjellar

Dersom ein deler befolkninga inn i ti like store inntektsklassar (desilgrupper), og sorterer dei etter storleiken på hushaldsinntekt per forbrukseining, får vi eit bilete av korleis hushaldsinntektene er fordelte i befolkninga. Desil 1 vil då vere tidelen personar med lågast hushaldsinntekt, medan desil 10 er tidelen med høgast inntekt.

I 2003 disponerte den høgaste tidelen 24,5 prosent av all inntekt. Dette er ein auke på 1 prosentpoeng frå året før. Personane i den høgaste tidelen hadde ei inntekt som i 2003 var sju gonger større enn inntekta til personar i den lågaste tidelen. Ti år tidlegare (1993) hadde den rikaste tidelen berre fem gonger så høg inntekt som den "fattigaste" tidelen. Den aukande forskjellen i inntekta kan mellom anna forklarast av ein auke i kapitalinntektene og lågare skatt på slike inntekter. I tillegg har òg lønsskilnadene blitt større dei siste åra. Meir informasjon om utviklinga i inntektsfordelinga finn ein her: http://www.ssb.no/emner/08/05/10/oa/200501/hushold.pdf .

Statistikkgrunnlaget

Grunnlaget for inntekts- og formuesstatistikken for hushald er eit utval på om lag 17 000 privathushald. Hushaldssamansetjinga er kartlagt ved hjelp av intervju og registeropplysningar, medan inntektene er henta frå ulike administrative register.

Tabeller: