9165
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9165
Auke i gjelda til småbarnshushalda
statistikk
2004-05-13T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i gjelda til småbarnshushalda

Norske hushald hadde ei gjennomsnittleg gjeld på nesten ein halv million kroner i 2002. Gjelda auka i gjennomsnitt med 7 prosent frå året før, omrekna i faste kroner. Par med barn i alderen 0-6 år er hushaldstypen som har teke opp mest lån og har hatt størst auke i gjelda dei siste åra.

Par der yngste barn er i alderen 0-6 år hadde ei gjennomsnittleg gjeld på over 1 million kroner. Denne hushaldstypen har berre sidan 1999 hatt ein auke i gjelda på 29 prosent. Stadig fleire hushald i denne gruppa tek dessutan opp lån som er langt høgare enn samla hushaldsinntekt. I 1999 hadde 5 prosent av slike hushald ei gjeldsbyrde som var tre gonger høgare enn samla inntekt. I 2002 hadde 11 prosent av hushalda i denne gruppa ei slik høg gjeldsbelastning. Vi må tilbake til tidleg på 1990-talet for å finne tilsvarande høg gjeldsbelastning blant småbarnshushalda.

Dei fleste hushaldsgruppene tek stadig opp meir lån. Einslege forsørgjarar har til dømes opplevd å få ein gjeldsauke på 271 prosent sidan 1999. Blant dei ulike hushaldstypane er det berre par utan barn der hovudinntektstakaren er 65 år og over som har opplevd ein nedgang i gjelda sidan 1999.

Gjeldsutvikling for einskilde hushaldstypar. 1990-2002. 2002-kroner

Prosentdelen med gjeld som er fleire gonger høgare enn hushaldsinntekta, vert òg stadig større for dei fleste gruppene. Sidan midten av 1990-talet har det vorte meir vanleg å ha gjeld som er tre gonger høgare enn samla inntekt. Samstundes ser vi at det stadig vert ein mindre del av hushalda i Noreg som er heilt utan gjeld. I 1990 var 28 prosent av alle hushalda i Noreg gjeldsfrie. Denne delen fall til 20 prosent i 2002.

Størst inntektsvekst blant eldre hushald

Inntektsåret 2002 hadde norske hushald ei gjennomsnittleg inntekt etter skatt på 333 500 kroner. Omrekna til faste prisar, så auka medianinntekta til norske hushald med om lag 22 prosent frå 1990 til 2002.

Dei fleste hushaldstypane har hatt sterk inntektsvekst dei siste åra. Det er likevel ein tendens til at dei eldste hushalda har hatt den største inntektsauken. Dette gjeld både når vi ser på einslege, par med barn og par utan barn. Spesielt har par utan barn, der hovudinntektstakar er 65 år og over, hatt ein solid auke i inntekt etter skatt. Sidan 1990 har denne gruppa auka inntektene med om lag 41 prosent. Til samanlikning har unge åleinebuande hatt ein inntektsvekst på berre 11 prosent sidan 1990.

Skeivare inntektsfordeling

Dersom vi deler befolkninga inn i ti like store inntektsklassar (desilgrupper) og sorterer dei etter storleiken på hushaldsinntekt per forbrukseining, får vi eit bilete av korleis hushaldsinntektene er fordelte i befolkninga. Desil 1 vil då vere tidelen personar med lågast hushaldsinntekt, medan desil 10 er tidelen med høgast inntekt.

Inntektsstatistikken viser at inntektsfordelinga vart meir ujamn i 2002. Medan tidelen med høgast inntekt (desil 10) disponerte 20,3 prosent av all inntekt i 2001, auka denne tidelen til 23,6 prosent i 2002. Samstundes fekk alle dei andre inntektsklassane redusert sin del av totalinntekta. Mellom anna fekk tidelen med lågast inntekt (desil 1) redusert sin del av all inntekt frå 3,9 prosent i 2001 til 3,6 prosent i 2002. Inntektene til den tidelen med høgast inntekt sett i høve til den tidelen med lågast inntekt auka dermed frå å vere 5,2 gonger større i 2001 til 6,6 gonger større i 2002.

Inntektsforskjellar i einskilde EU-land og Noreg. 2001. Prosent

Sett i høve til 2000 har det ikkje skjedd store endringar i inntektsforskjellane. Mykje av forklaringa på kvifor inntektsfordelinga har vorte skeivare i 2002 i høve til året før, er å finne i låge aksjeinntekter i 2001. Dette året vart det nemleg innført reglar om skatt på aksjeutbytte. Året etter vart regelen fjerna, og aksjeutbyttet auka igjen i 2002. Les meir om dette i Sjølvmeldingsstatistikken 2002 . Det er først og fremst hushalda i toppen av inntektsfordelinga som har slike kapitalinntekter.

Mindre inntektsskilnader i dei nordiske landa enn i mange andre land i Europa

Tal frå EU sitt statistiske kontor, Eurostat, viser at det er til dels store forskjellar mellom land i Europa med omsyn til inntektsulikskap. Når vi ser på tilhøvet mellom gjennomsnittsinntektene til den rikaste femdelen og den fattigaste femdelen av befolkninga, var skilnaden i 2001 minst i Danmark og størst i Portugal. Saman med dei andre nordiske landa plasserer Noreg seg blant dei landa med dei minste inntektsforskjellane dette året. Vi må likevel vere merksam på at datagrunnlaget som vert nytta i slike internasjonale samanlikningar er noko eldre enn det som elles er presentert her. I tillegg er det skilnader i inntektsomgrepet som er nytta.

Statistikkgrunnlaget

Grunnlaget for inntekts- og formuesstatistikken for hushald er eit utval på vel 22 000 privathushald. Hushaldssamansetjinga er kartlagt ved hjelp av intervju og registeropplysningar, medan inntektene er henta frå ulike administrative register.

1  Rettet 14. mai 2004.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB