9167
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9167
Fall i aksjeinntekter gav svak inntektsutvikling
statistikk
2003-05-14T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fall i aksjeinntekter gav svak inntektsutvikling

Gjennomsnittleg inntekt etter skatt for alle hushald var i 2001 på 307 200 kroner. Etter mange år med sterk realvekst i hushaldsinntektene fekk hushalda i 2001 ein nedgang i gjennomsnittsinntektene med om lag 1 prosent, omrekna til faste kroner. Hovudforklaringa på denne utviklinga var ein dramatisk reduksjon i aksjeutbytte og aksjevinstar.

Tal frå sjølvmeldingsstatistikken har vist at utbetalt utbytte vart meir enn halvert - frå om lag 29 til vel 13 milliardar kroner - frå 2000 til 2001, og at mange selde aksjar med store tap i 2001. Dette påverka naturleg nok også hushaldsinntektene. Frå å utgjere vel 8 prosent av samla hushaldsinntekt i 2000, utgjorde kapitalinntektene knapt 5 prosent i 2001. Dei reduserte kapitalinntektene kjem mellom anna av dårlege tider på børsen dette året. I tillegg vart det i 2001 innført ekstra skatt på motteke aksjeutbytte, noko som truleg gjorde at mange selskap valde å ikkje betale ut utbytte dette året. Denne skatten vart fjerna i 2002.

Dårlegast utvikling for yngre einslege

Inntektsutviklinga for ulike typar hushald blir også i nokon grad påverka av utviklinga i kapitalinntektene. Dei hushalda som tradisjonelt har store aksjeinntekter, til dømes par utan barn, der hovudinntektstakaren er i alderen 45-64 år og par med store barn (7-17 år) fekk ein mykje dårlegare inntektsutvikling mellom 2000 og 2001, samanlikna med hushald som i liten grad har slike inntekter. Blant desse siste finn ein til dømes einslege alderspensjonistar og einslege forsørgjarar.

Ser ein heile 1990-talet under eitt, er det likevel einslege under 45 år som skil seg ut som den gruppa som har hatt den svakaste realinntektsutviklinga. I 2001 hadde yngre einslege i gjennomsnitt 166 200 kroner i inntekt etter skatt. Dette var om lag 14 prosent meir enn det tilsvarande hushaldstype hadde i 1990. Til samanlikning hadde par med vaksne barn (7-19 år) og yngre par utan barn ein auke på 37 og 34 prosent i same periode (meir om dette på: http://www.ssb.no/vis/magasinet/slik_lever_vi/art-2003-04-30-01.html ).

Mindre inntektsforskjellar

Dei reduserte kapitalinntektene gjer også sitt til at inntektsforskjellane vart reduserte i 2001. Sidan kapitalinntektene er svært ulikt fordelte blant hushalda, vil alle endringar i kapitalinntektene lett føre til endringar i inntektsfordelinga. Reduserte kapitalinntekter var truleg hovudårsaka til at den tidelen personar med høgast hushaldsinntekt fekk redusert sin del av totalinntekta frå 23,8 til 20,4 prosent mellom 2000 og 2001.

Gjelda tyngjer meir

Norske hushald har tatt opp stadig meir gjeld dei siste åra. Det er særleg yngre hushald som har mykje gjeld. I 2001 hadde til dømes par med småbarn (0-6 år) ei gjennomsnittleg gjeld på heile 958 000 kroner. Også par med barn i alderen 7-17 år og yngre par utan barn er grupper med mykje gjeld; med ei gjennomsnittsgjeld på vel 800 000 kroner. Det er likevel ikkje blant desse hushalda at gjelda tyngjer mest, når ein ser gjelda i høve til hushaldsinntekta. Det er blant einslege og einslege forsørgjarar at gjeldsbelastninga er størst. Blant desse hushalda var det 12 prosent som hadde ei gjeld som svara til minst 3 gongar samla hushaldsinntekt. Tilsvarande tal blant par med småbarn og yngre par utan barn var 8 prosent og 10 prosent.

Statistikkgrunnlaget

Grunnlaget for inntekts- og formuesstatistikken for hushald er eit utval på vel 28 000 privathushald. Hushaldssamansetjinga er kartlagt ved hjelp av intervju, medan inntektene er henta frå ulike offentlege register.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB