9169_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9169
Auka hushaldsinntekt - større forskjellar
statistikk
2002-05-14T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka hushaldsinntekt - større forskjellar

Norske hushald hadde i 2000 ei gjennomsnittleg inntekt etter skatt på 301 900 kroner. Dette var om lag 6 prosent høgare enn året før. Hushalda med dei høgaste inntektene hadde best utvikling mellom 1999 og 2000. Dette førte til at skilnadene vart større mellom hushalda.

Mest alle hushaldstypar hadde realvekst i inntekt etter skatt frå 1999 til 2000. Blant dei gruppene som hadde den beste inntektsutviklinga, finn ein par utan barn, der eldste person var i alderen 45 til 64 år, og par med barn.

Også i eit lengre perspektiv er det desse hushaldstypane som har hatt den beste utviklinga. I perioden 1986 til 2000 hadde til dømes par utan barn, der eldste person var mellom 45 og 64 år, ein realvekst i inntekt etter skatt på heile 46 prosent. Tilsvarande auke for par med småbarn (0 til 6 år) var 41 prosent, medan pensjonistektepar hadde ein auke i gjennomsnittsinntektene på 34 prosent.

Blant dei hushaldstypane som har hatt den svakaste inntektsutviklinga i perioden, finn ein einslege og einslege forsørgjarar. Likevel har også desse hushalda hatt ei positiv utvikling dei siste åra.

Skeivare inntektsfordeling ...

Dersom ein deler befolkninga inn i 10 like store inntektsklassar (desilgrupper), og sorterer dei etter storleiken på hushaldsinntekt per forbrukseining, får ein eit bilete på korleis hushaldsinntektene er fordelte innanfor befolkninga. Desil 1 vil da være den tidelen personar med lågast hushaldsinntekt, medan desil 10 er tidelen med høgast inntekt.

Inntektsstatistikken viser at inntektsfordelinga vart meir ujamn i 2000. Medan tidelen med høgast inntekt (desil 10) disponerte 21,8 prosent av all inntekt i 1999, auka denne delen til 23,8 prosent i 2000. Samstundes fekk alle dei andre inntektsklassane redusert sin del av totalinntekta. Mellom anna fekk tidelen med lågast inntekt (desil 1) redusert sin del av all inntekt frå 3,9 prosent i 1999 til 3,7 prosent i 2000. Inntektene til den tidelen med høgast inntekt sett i forhold til den tidelen med lågast inntekt auka dermed frå å vere 5,6 gonger større i 1999, til 6,4 gonger større i 2000.

Mykje av forklaringa på dei auka inntenktskilnadane er å finne i den kraftige auken i kapitalinntektene i 2000. Mellom anna auka utbetalt aksjeutbytte med meir enn 50 prosent frå 1999 til 2000, medan aksjevinster i same periode auka med heile 85 prosent sjå Sjølvmeldingsstatistikk, 2000 . Det er først og fremst hushalda i toppen av inntektsfordelinga som har slike kapitalinntekter.

I eit lengre perspektiv er også større lønnsskilnader med på å forklare kvifor hushaldsinntektene har vorte meir ujamt fordelt. Dette er nærmare omtalt i Økonomiske analyser 1/2002 , side 90.

... og formuesfordeling

I gjennomsnitt hadde norske hushald ein bruttofinanskapital, dvs. summen av bankinnskot, aksjar og andre verdipapir, på 353 000 kroner i 2000. Fordelinga av finansformuen er meir ujamn enn fordelinga av inntekt. I 2000 hadde til dømes den tidelen av hushalda med størst finansformue heile 67 prosent av all finansformue. Til samanlikning hadde halvparten av alle hushalda med lågast finansformue berre 4 prosent. Gjennomsnittleg bruttofinanskapital for tidelen av hushalda med høgast finanskapital var på 2,4 millionar kroner i 2000. Dette var 482 000 kroner meir enn det tilsvarande gruppe hadde i 1998. Merk likevel at desse tala er basert på likningsverdiar som i nokon grad undervurderer den reelle verdien på nokre finansobjekt. Dette gjeld til dømes verdien på ikkje-børsnoterte aksjar.

Fordelinga av finansformuen har gradvis blitt meir ujamn dei siste ti åra. I 1990 disponerte til dømes den tidelen av hushalda med høgast finansformue 53 prosent av all finansformue.

Storleiken på finansformuen aukar med alderen fram til og med aldersgruppa 55-66 år. Desse hushalda hadde i gjennomsnitt 716 000 kroner i finansformue i 2000. Lågast finansformue har dei unge under 25 år. For desse hushalda var gjennomsnittleg finansformue 52 000 kroner.

Meir gjeld

Norske hushald fekk meir gjeld i 2000. I gjennomsnitt hadde alle hushald 415 000 kroner i gjeld i 2000. Dette var vel 30 000 kroner meir enn året før. Det er barnefamiliar som har mest gjeld. Par med barn, der yngste barn var under 7 år, hadde til dømes 857 000 kroner i gjeld i 2000, medan par med noko eldre barn (7-17 år) hadde 807 000 kroner.

Dei fleste hushalda har likevel ei gjeld som står i forhold til inntekta. Heile 6 av 10 hushald hadde til dømes ei gjeld som var mindre eller lik samla hushaldsinntekt, medan berre 6 prosent hadde ei gjeld som var større enn tre gonger samla inntekt. Talet på hushald med mykje gjeld i forhold til inntekt har endra seg lite dei siste ti åra.

Blant dei hushalda med mykje gjeld i forhold til inntekt er einslege forsørgjarar og einslege under 45 år overrepresenterte. Mellom anna hadde 12 prosent av alle einslege under 45 år ei gjeld som var større enn tre gonger samla inntekt. Tilsvarande tal for einslege forsørgjarar var 10 prosent.

Statistikkgrunnlaget

Grunnlaget for inntekts- og formuesstatistikken for hushald er eit utval på om lag 13 000 hushald. Hushaldssamansetjinga er kartlagt ved hjelp av intervju, medan inntektene er henta frå ulike offentlege register.

Tabeller: