9173
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9173
Eitt av tre hushald tener på renteauke
statistikk
2000-06-16T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger1998

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Eitt av tre hushald tener på renteauke

Meir enn kvart tredje hushald hadde i 1998 større renteinntekter enn renteutgifter. Det er først og fremst blant dei eldre hushalda at renteinntektene overstig renteutgiftene, men også blant dei yngste hushalda der hovudinntektstakaren er under 25 år, er det nesten like mange med positiv renteinntekt som negativ.

Dei fleste hushalda har likevel mykje større renteutgifter enn renteinntekter. I 1998 auka rentenivået sterkt i Noreg. Dette gav seg utslag i høgare renteutgifter for mange hushald. Dei største renteutgiftene er det småbarnsfamiliane som har. I 1998 hadde par med barn, der yngste barn var i alderen 0-6 år, 44 300 kroner i renteutgifter. Dette var 9 000 kroner meir enn i 1997. Rentene utgjorde i 1998 om lag 9 prosent av samla hushaldsinntekt for denne hushaldstypen, medan tilsvarande tal for 1997 var 7 prosent. Sjølv om rentene tek ein større del av hushaldsinntekta er det langt att til nivået ein hadde ti år tidlegare. I 1988 gjekk til dømes heile 22 prosent av samla inntekt med til å betale renter for denne hushaldstypen.

 Utvikling i inntekt etter skatt for utvalde hushaldstypar. Gjennomsnitt i kroner. 1986-1998

Sterk inntektsvekst i 1998

Når renteutgiftene ikkje tyngjer så mykje sjølv om renta gjekk opp, så kjem dette av at inntektene òg auka sterkt i same periode. Alle dei store hushaldsgruppene fekk ein auke i inntekt etter skatt frå 1997 til 1998. For gjennomsnittshushaldet auka inntekt etter skatt med nesten 20 000 kroner frå 1997 til 1998. Det meste av denne auken kjem av lønsvekst. I gjennomsnitt hadde hushalda ei inntekt etter skatt på 264 900 kroner i 1998.

I eit lenger perspektiv er det par utan barn, der hovudinntektstakaren er mellom 45 og 64 år, som har hatt den beste inntektsutviklinga. Omrekna til faste prisar hadde denne hushaldstypen i 1998 ei gjennomsnittleg inntekt etter skatt som låg vel 85 000 kroner, eller 31 prosent, høgare enn det tilsvarande gruppe hadde i 1986. Andre grupper som òg har hatt ei gunstig inntektsutvikling i denne perioden er par med småbarn, einslege forsørgjarar og pensjonistar. Den gruppa som har hatt den svakaste inntektsutviklinga var yngre einslege, men også denne gruppa hadde i 1998 ei gjennomsnittsinntekt som låg klart over nivået for 1986.

Meir gjeld ...

Gjennomsnittleg gjeld for alle hushalda var på 354 000 kroner i 1998. Dette var ein auke på 18 000 kroner frå året før. Det er likevel store skilnader mellom dei ulike hushaldstypane. Den største gjelda har hushald i etableringsfasen. Par med små barn (0-6 år) hadde til dømes 713 000 kroner i gjeld i 1998. Men også hushald med større barn har relativt høg gjeld.

Dei fleste hushalda har likevel ei gjeld som står i forhold til inntekta. I 1998 hadde 85 prosent av alle hushalda ei gjeld som var mindre enn to gonger samla hushaldsinntekt før skatt. 9 prosent hadde ei gjeld som var mellom to og tre gonger inntekta, medan 6 prosent hadde ei gjeld som oversteig tre gonger inntekta. Fordelinga av gjeld i forhold til inntekt har endra seg lite på 1990-talet.

... og formue

I gjennomsnitt hadde norske hushald ei likningsformue på 330 000 kroner i 1998. Dette var heile 51 000 kroner meir enn i 1997. Noko av denne auken kjem nok av at verdifastsetjinga av aksjar vart endra, ved at dei såkalla aksjerabattane anten vart reduserte (aksjar utanfor børs) eller heilt fjerna (børsnoterte aksjar). Men også andre formuespostar auka i 1998. Gjennomsnittleg bankinnskot auka til dømes med 9 000 kroner frå 1997 til 1998.

Det er hushald der hovedinntektstakaren er i alderen 55-66 år som har størst likningsformue, med i gjennomsnitt 600 000 kroner i 1998, men også hushald der hovudpersonen er over 66 år hadde høg formue.

Det er elles stor skilnad med omsyn til korleis dei ulike hushalda sparer. Medan aksjar og andre verdipapir utgjer ein stor del av finansformuen til dei mellom 45 og 64 år, er det bankinnskot som er viktigaste finansformuen til pensjonistane. I 1998 hadde til dømes hushald der hovudpersonen var mellom 45 og 54 år 37 prosent av finansformuen plassert som bankinnskot, medan størstedelen av finansformuen var aksjar og andre verdipapir. For hushald i aldersgruppa 67-79 år utgjorde til samanlikning bankinnskot heile 71 prosent av finanskapitalen.

Statistikkgrunnlaget

Grunnlaget for inntekts- og formuesstatistikken for hushald er eit utval på om lag 15 000 hushald. Når ein lagar statistikk som baserer seg på berre eit utval av befolkninga, vil ein frå tid til annan oppleve at utvalet viser ei anna fordeling for nokre kjennemerke enn det som er fordelinga i befolkninga sett under eitt. Dette gjeld oftast for inntekter som svært få hushald har, men der beløpa er store, til dømes nokre typar kapitalinntekter.

I Inntekts- og formuesundersøkinga 1998 viser det seg at utvalet ikkje viser same fordelinga av posten nettorealisasjonsgevinst som det den registerbaserte sjølvmeldingsstatistikken viser. Nivået på denne inntektsposten ligg i utvalet klart under det som registerstatistikken viser, og det er òg færre med store beløp på denne inntektsposten i utvalet samanlikna med befolkninga elles. Sidan det særleg er dei med høge inntekter som har aksjevinstar, fører dette til at Inntekts- og formuesundersøkinga 1998 vil undervurdere ulikskapen i fordelinga av kapitalinntekter og i inntekt etter skatt.

Kontantstøtte vart innført i august 1998 og statistikken omfattar derfor utbetalt kontantstøtte for fem månader.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB