9175_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9175
Få låner over evne
statistikk
1999-09-08T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Få låner over evne

Trass i at gjelda auka sterkt mot slutten av 1990-talet, har dei fleste norske hushalda ei gjeld som er tilpassa den hushaldsinntekta dei har. Det har heller ikkje blitt fleire hushald med svært høg gjeldsbyrde i løpet av 1990-talet.

Etter sjølvmeldingsstatistikken auka den personlege gjelda med heile 118 milliardar kroner berre mellom 1993 og 1997. Samstundes har det blitt stadig fleire hushald som har gjeld. I 1990 hadde 72 prosent av alle hushald gjeld. I 1997 hadde talet auka til 77 prosent. I gjennomsnitt hadde norske hushald ei gjeld på 336 000 kroner i 1997.

Prosentdelen hushald, etter storleiken på gjelda i høve til
samla hushaldsinntekt. 1990-1997. Prosent
  1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997
Alle 100 100 100 100 100 100 100 100
Inga gjeld 28 28 25 25 26 24 23 23
Gjeld mindre eller lik inntekt 36 37 38 39 39 39 39 40
Gjeld 1-2 gonger inntekt 20 21 21 22 22 22 22 22
Gjeld 2-3 gonger inntekt 9 9 10 8 8 8 9 9
Gjeld større enn 3 gonger inntekt 6 5 6 5 6 6 7 6

85 prosent hadde gjeld mindre enn to årsinntekter

Dei fleste hushalda har likevel ei gjeld som står i forhold til den inntekta dei har. I 1997 hadde 85 prosent av alle hushald ei gjeld som var mindre enn to årsinntekter, medan 9 prosent hadde ei gjeld som var mellom to og tre gonger årsinntekta. Berre 6 prosent av hushalda hadde ei så høg gjeldsbyrde at gjelda oversteig tre årsinntekter. Det har heller ikkje blitt fleire hushald med svært stor gjeldsbyrde i løpet av 1990-talet. Prosentdelen hushald med gjeld som oversteig inntekta tre gonger var til dømes like stor i 1990 som i 1997.

Ei forklaring på kvifor gjeldsbyrda ikkje har blitt noko særleg større trass i at folk låner meir, er at gjennomsnittleg hushaldsinntekt har auka vel så mykje som det gjelda har.

Tala i denne artikkelen er basert på inntekts- og formuesstatistikken. Denne statistikken er basert på eit landsomfattande utval hushald. Grunnlaget for statistikken er opplysningar om inntekter og formue henta frå skattelikninga. Storleiken på beløpa er såleis bestemt av skattereglar og likningspraksis. I tillegg til opplysningar frå skattelikninga har vi òg fått tilgang til ein del skattefrie inntekter som hushalda tek imot, til dømes bustønad, stipend, barnetrygd, grunn- og hjelpestønad og sosialhjelp.

Kven har høg gjeldsbyrde?

Dersom vi reknar alle hushald med gjeld tre gonger større enn inntekta som hushald med høg gjeldsbyrde, er det særleg tre hushaldstypar som skil seg ut. Det er for det første einslege som er under 45 år. Blant desse hadde 12 prosent ei så høg gjeldsbyrde i 1997. Yngre par utan barn (eldste person er under 45 år) og einslege forsørgjarar med barn 0-17 år er to andre grupper med høg gjeldsbyrde. Innafor begge desse gruppene var det 9 prosent som hadde ei gjeld som var større enn tre gonger inntekta i 1997. Men den høge gjeldsbyrda til yngre einslege og yngre par utan barn skuldast mellom anna at det i desse hushalda er mange som er under utdanning, og som har høg studiegjeld i forhold til årsinntekta. Dersom vi utelèt alle studenthushalda blir prosentdelen med høg gjeldsbyrde redusert til 9 prosent for yngre einslege og 6 prosent for yngre par.

Par med barn under sju år er den hushaldstypen som har størst gjeld, med i gjennomsnitt 669 000 kroner i 1997. Det var likevel berre 7 prosent av desse hushalda som hadde ei gjeld større enn tre gonger hushaldsinntekta, og innafor denne hushaldstypen har prosentdelen med høg gjeldsbyrde gått ned samanlikna med byrjinga av 1990-talet. For småbarnsfamiliane har inntektene i denne perioden auka klart meir enn det gjelda har.

Ei annan gruppe som skil seg ut med høg gjeld i forhold til inntekta er dei sjølvstendig næringsdrivande. Blant dei hushalda der hovudinntektstakaren var sjølvstendig i jordbruk, skogbruk eller fiske, hadde så mange som 20 prosent ei gjeld som var tre gonger større enn inntekta i 1997. Også blant næringsdrivande i andre næringar enn primærnæringa var det relativt mange (14 prosent) med høg gjeldsbyrde. Dette gjeld også for dei hushalda der hovudinntektstakaren verken er yrkesaktiv eller pensjonist (26 prosent), men i denne gruppa er det mange studentar.

Små regionale variasjonar

Det er liten skilnad mellom dei ulike landsdelane når det gjeld gjeldsbyrda. Det er til dømes ikkje fleire med høg gjeld i forhold til inntekta i Oslo og Akershus enn i andre delar av landet, sjølv om bustadprisane her er blant dei høgaste i landet. Dette skuldast igjen det at hushaldsinntektene òg er svært høge her. Det har også blitt færre med høg gjeldsbyrde i Oslo og Akershus mellom 1990 og 1997. Medan 18 prosent av alle hushalda i Oslo/Akershus hadde ei gjeld som minst var dobbelt så stor som inntekta i 1990, var tilsvarande tal 15 prosent i 1997.

I 1997 var det hushalda på Vestlandet som hadde færrast med høg gjeldsbyrde, medan hushalda i Trøndelag hadde mest gjeld i høve til inntekta.

Sjå også:

Inntekts- og formuesundersøkinga for hushald, 1997:

Størst inntektsvekst for småbarnsfamiliane

http://www.ssb.no/us/utg/9918/4.shtml

Sjølvmeldingsstatistikk, 1997: Er aksjar snart allemannseige?

http://www.ssb.no/us/utg/9912/1.shtml

Frigitt 8. september 1999 (C) Statistisk sentralbyrå

Tabeller: