90343
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/aar
90343
Sterk inntektsauke for pensjonisthushalda
statistikk
2012-12-18T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2011

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk inntektsauke for pensjonisthushalda

Hushald der hovudinntektstakaren var i slutten av 60-åra, hadde best inntektsauke i fjor. Den sterke inntektsveksten til denne gruppa heng saman med at det no er mogeleg å ta ut alderspensjon samstundes med at ein er yrkesaktiv.

Del personar med yrkesinntekt, etter alder. 2004 og 2011. Prosent

Auke i medianinntekt etter skatt for hushald, etter alder på hovudinntektstakar. 2010-2011. Prosent. Faste prisar

Det var hushalda med dei eldste personane som auka inntektene mest i fjor. Den sterkaste auken i medianinntekt frå 2010 til 2011 finn ein blant hushald der hovudinntektstakaren var i alderen 65-69 år med drygt 7 prosent, målt i faste prisar. Medianinntekta er den midtre inntekta når privathushalda er sorterte etter stigande inntekt. Også andre hushald der hovudinntektstakaren er 60 år eller eldre, auka inntektene klart meir enn hushald med yngre inntektstakarar i fjor.

Fleire kombinerer arbeid og pensjon

Frå og med 2011 er det innført nye reglar om fleksibelt uttak av alderspensjon i alderen 62 til 75 år. Fleksibelt uttak av alderspensjon gjer det mogeleg å ta ut gradert pensjon, og å kombinere arbeid og pensjon fritt utan avkorting av pensjonen. Den sterke inntektsveksten til yngre pensjonisthushald kjem truleg på grunn av dei nye pensjonsreglane som vart innførte i fjor. Desse reglane gjer det mogeleg å ta ut delar av alderspensjonen samstundes med at ein er yrkesaktiv. Statistikken viser at fleire eldre no er yrkesaktive enn for nokre år sidan, og ein større del kombinerer jobb med pensjon. I 2004 hadde 41 prosent av dei i aldersgruppa 65-69 år yrkesinntekt. I 2011 hadde prosentdelen auka til 48 prosent. I aldersgruppa 70-74 år var det ein tilsvarande auke frå 19 til 25 prosent.

Generelt høg inntektsvekst

Median inntekt etter skatt for alle hushald var i fjor på 431 100 kroner. Frå 2010 til 2011 auka medianinntekta for alle hushald med 3,6 prosent, omrekna i faste prisar. Dette var ein klart sterkare inntektsvekst enn i perioden 2009-2010 då tilsvarande auke var på 1,1 prosent.

Hushald i inntektsstatistikken 2011

Hushaldsdefinisjonen i inntektsstatistikken tek utgangspunkt i buhushaldsomgrepet i Folke- og bustadteljinga 2011, det vil seie at alle personar som er registrerte busette på same adressa, vert rekna som å tilhøyre same hushaldet.

Deretter vert det gjort nokre endringar i denne definisjonen for å kome nærare det ein trur er det ”faktiske” hushaldet, det vil seie dei personane som bur saman, og som har felles økonomi. I praksis betyr dette at ein mellom anna reknar ugifte studentar som er registrerte busette hos foreldra, som busette i studiekommunen, dersom utdanningsinstitusjonen ligg i urimeleg lang avstand frå foreldreheimen. Den same prosedyren vert nytta for å flytte ut unge yrkesaktive, som har ein arbeidsplass langt borte frå foreldreheimen der dei ifølgje folkeregisteret er busette. Inntektsstatistikken nyttar i tillegg andre datakjelder for å identifisere sambuarar (felles gjeld/formue ifølgje sjølvmeldinga) og personar på institusjon (register frå NAV).

Inntektsstatistikken 2011 skil seg også frå Folketeljinga 2011 ved at referansetidspunktet er 31. desember, og ikkje 19. november.

Om talgrunnlaget

Inntektsstatistikken 2011 har nær 2 318 000 privathushald, om lag 4 prosent fleire enn i Folke- og bustadteljinga 2011. Inntektsstatistikken har eit høgare tal på aleinebuande og par utan barn, og færre einfamiliehushald med vaksne barn enn det folke- og bustadteljinga har. I fleire inntektstabellar utelèt ein personar i studenthushald. Dette gjer ein fordi studielån ikkje inngår i definisjonen av inntekt, slik at mange studentar difor vil ha urimeleg låge inntekter. Utelèt ein personar i studenthushald frå tabellane, omfattar datagrunnlaget om lag 2 206 000 privathushald i 2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB