65943
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/aar
65943
Framleis god inntektsvekst for hushalda
statistikk
2012-03-08T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2010

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis god inntektsvekst for hushalda

Medianinntekta til hushalda auka med 34 prosent etter skatt frå 2000 og til 2010, målt i faste prisar. Veksten var ikkje like høg for alle grupper. Unge aleinebuande har hatt den svakaste inntektsveksten, medan dei eldste hushalda har auka inntektene mest.

Medianinntekt etter skatt for alle hushald var 411 000 kroner i 2010. Dette er 1 prosent høgare enn året før, målt i faste kroner.

Aleinebuande under 45 år har hatt ei inntektsvekst på 14 prosent frå 2000 til 2010, medan par der eldste person er under 45 år har hatt ein vekst på 21 prosent. Dei to siste åra har desse gruppene hatt ei negativ inntektsutvikling, og medianinntekta etter skatt var høvesvis 240 700 og 520 400 kroner i 2010.

Høg vekst i inntektene blant eldre hushald

Eldre hushald har hatt den høgaste veksten i inntektsutviklinga. Aleinebuande i alderen 65 år og eldre hadde til dømes ein realvekst i inntektene på 46 prosent frå 2000 til 2010. Endå betre gjekk det for parhushald der eldste person er 65 år eller eldre. For denne gruppa auka medianinntekta, omrekna til faste prisar, med heile 51 prosent frå 2000 til 2010. I 2010 var medianinntekta til einslege pensjonistar og pensjonistpar på høvesvis 204 300 og 426 300 kroner.

Inntektsveksten blant dei eldste skuldast mellom anna ein auke i pensjonar frå folketrygda. Frå 2009 til 2010 har overføringane i gjennomsnitt auka med 11 700 kroner for aleinebuande som er 67 år eller eldre. Par utan barn i denne aldersgruppa har 21 600 kroner meir i overføringar sett i høve til året før. Alderspensjonen utgjer størstedelen av denne veksten.

Lågare yrkesinntekter blant dei yngre hushalda

Den svake inntektsutviklinga til dei unge kan mellom anna forklarast med at yrkesinntektene har gått ned dei siste åra. I 2010 var gjennomsnittleg yrkesinntekt 235 000 kroner, medan ho var 237 600 kroner året før. Samstundes har denne gruppa fått høgare stønader. Sjølv om overføringane for dei unge auka frå 2009 til 2010, var dette ikkje nok til å hindre at hushaldsinntekta gjekk ned.

Ein aukande del av dei unge aleinebuande er innvandrarar som nyleg har kome til landet. I 2010 hadde ein av fire i denne gruppa innvandrarbakgrunn, og av desse hadde igjen kvar tredje innvandra i løpet av året.

Renteutgifter

I inntektsstatistikken tek ein ikkje omsyn til hushaldas renteutgifter. Dei fleste hushald låner for å investere i eigen bustad. Men i inntektsstatistikken har ein enno ikkje gode nok opplysningar om den økonomiske fordelen hushalda har av å bo i eigen bustad, og det er derfor ikkje mogleg å berekne ei realistisk bustadinntekt. Derimot fins det fullstendige opplysningar om hushaldas renteutgifter, som i det heile kan trekkjast frå på sjølvmeldinga. Denne mangelen på symmetri mellom inntekts- og utgiftssida har ført til at ein verken tar med inntekt av eigen bustad i inntektsomgrepet, eller trekkjer frå renteutgifter.

Statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar alle registrerte kontante inntekter som hushalda tek imot i inntektsåret. Frå og med inntektsåret 2004 er inntektsstatistikken ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald som bur i landet ved utgangen av året. Datagrunnlaget er gjort nærare greie for i ”Om statistikken”.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB