53530
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/aar
53530
Nedgang i hushalda sine inntekter
statistikk
2011-03-11T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i hushalda sine inntekter

Hushalda hadde ein nedgang i medianinntektene på 1 prosent frå 2008 til 2009, målt i faste prisar. Årsaka var først og fremst lågare yrkesinntekter.

I 2009 hadde norske hushald ei medianinntekt etter skatt på nesten 397 000 kroner. Dette er om lag 1 prosent lågare enn i 2008 målt i faste kroner. Denne inntektsnedgangen kjem for det meste av lågare lønns- og næringsinntekter (yrkesinntekter) på grunn av finanskrisa og ein vanskelegare arbeidsmarknad i 2009. For hushalda med dei høgaste inntektene bidrog i tillegg reduserte kapitalinntekter til inntektsnedgangen (sjå også inntektsfordeling ).

Lågare yrkesinntekter

Dei fleste hushaldsgruppene fekk lågare yrkesinntekter i 2009. Gjennomsnittleg yrkesinntekt blant unge aleinebuande (under 30 år) gjekk ned med nesten 9 000 kroner frå året før, målt i faste prisar. Dei litt eldre aleinebuande (30-44 år) hadde ein enda større nedgang i yrkesinntektene, nesten 12 000 kroner. Også blant par utan barn i dei same aldersgruppene fall dei gjennomsnittlege yrkesinntektene ein god del frå 2008 til 2009. Barnefamiliane, som tradisjonelt har ei svært sterk yrkestilknyting, opplevde også eit fall i yrkesinntekt, men i mindre grad enn for dei yngre hushalda utan barn.

Den vanskelege arbeidsmarknaden førte til ein stor auke i utbetalte dagpengar ved arbeidsløyse til hushalda, frå 4,3 milliardar kroner i 2008 til 9,3 milliardar kroner i 2009.

Inntektsvekst for dei eldre

Dei eldre hushalda, både aleinebuande og par utan barn, var dei einaste hushaldsgruppene med ein realvekst i medianinntekta etter skatt frå 2008 til 2009. Dette til tross for at desse hushalda opplevde ein betydeleg reduksjon i renteinntekter på grunn av låge innskotsrenter. Til dømes fekk par utan barn, der eldste person er 67 år eller eldre, i gjennomsnitt 19 300 kroner mindre i renteinntekter samanlikna med 2008, målt i faste prisar. Einslege pensjonistar hadde i gjennomsnitt ein realnedgang på 10 000 kroner i renteinntekter. Gode trygdeoppgjer dei siste åra, og at det har kome til nye pensjonistkull med eit klart betre inntektsgrunnlag og høgare tilleggspensjonar enn tidlegare kull, forklarar kvifor desse gruppene likevel fekk ein realvekst i hushaldsinntekta frå 2008 til 2009.

Renteutgifter

I inntektsstatistikken tek ein ikkje omsyn til hushaldas renteutgifter. Dei fleste hushald låner for å investere i eigen bustad. Men i inntektsstatistikken har ein enno ikkje gode nok opplysningar om den økonomiske fordelen hushalda har av å bu i eigen bustad, og det er derfor ikkje mogleg å berekne ei realistisk bustadsinntekt. Derimot finst det fullstendige opplysningar om hushaldas renteutgifter, som i det heile kan trekkjast frå på sjølvmeldinga. Denne mangelen på symmetri mellom inntekts- og utgiftssida har ført til at ein verken tar med inntekt av eigen bustad i inntektsomgrepet, eller trekkjer frå renteutgifter. Den låge realrenta ein hadde i 2009, fører dermed til at inntektsstatistikken i stor grad undervurderer dei auka høve for konsum hushald med bustadgjeld fekk i dette året, til dømes barnefamiliar.

Statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar alle registrerte kontante inntekter som hushalda tek imot i inntektsåret. Frå og med inntektsåret 2004 er inntektsstatistikken ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald som bur i landet ved utgangen av året. Datagrunnlaget er gjort nærare greie for i Om statistikken.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB