155046_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifformue/aar
155046
Sterk vekst i formuen
statistikk
2014-01-17T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk
no
ifformue, Hushalda sine inntekter og formue, hushaldsinntekt, hushaldstypar (for eksempel aleinebuande, par med og utan barn), formue, gjeld, formuesrekneskap, bankinnskott, studiegjeldInntekt og formue , Inntekt og forbruk
true

Hushalda sine inntekter og formue2012

Statistikken blir no publisert saman med Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger.

Innhald

Publisert:

Sterk vekst i formuen

Gjennomsnittleg nettoformue for norske hushald var på 2 millionar kroner i 2012. Dette var ein auke på vel 8 prosent frå året før.

Formuesrekneskap for hushald
20122011 - 2012
Gjennomsnitt for dei med beløp (kroner)Hushald med beløp (prosent)Millionar kronerProsentvis endring
Berekna realkapital2 782 60081,95 119 02010,6
Berekna marknadsverdi primærbustad2 795 10067,44 229 03210,4
Berekna marknadsverdi sekundærbustad2 125 00010,6506 25818,5
Skattepliktig bruttofinanskapital813 90098,91 806 9395,5
Bankinnskot384 90098,8853 8968,3
Aksjar og andre verdipapir1 391 40021,1658 1243,1
Partar i aksje-, obligasjons- og pengemarknadsfond130 70031,793 1337,8
Skattepliktig formue i utlandet295 6005,335 3970,1
Berekna bruttoformue3 116 40099,06 925 9599,2
Gjeld1 325 70083,52 485 1337,5
Studiegjeld185 40023,497 5506,1
Berekna nettoformue1 988 80099,44 440 82610,2
Positiv nettoformue2 550 10081,34 653 8748,9
Negativ nettoformue-522 30018,2-213 048-11,9
Formuesskatt28 90019,912 9094,5
Figur 1. Delen hushald med samla gjeld større enn 3 gonger samla inntekt

Det er først og fremst ein sterk auke i realkapitalen , som forklarer auken i nettoformuen. Summen av realkapitalen, som er den viktigaste formueskomponenten til hushalda, auka klart meir i 2012 enn både finanskapitalen og gjelda. Realkapitalen til hushalda består først og fremst av primærbustaden. I 2012 auka den samla verdien av primærbustadane med vel 10 prosent.

Det har blitt populært å eige ein sekundærbustad. Meir enn kvart tiande hushald hadde ein slik bustad i 2012. Pårekna marknadsverdi for alle sekundærbustadar auka med vel 18 prosent i 2012.

Høgast gjennomsnittsformue blant yngre alderspensjonistar

Det er hushald der hovudinntektstakaren er mellom 67-79 år som har høgast nettoformue. I 2012 var gjennomsnittleg nettoformue for denne aldersgruppa på 3,2 millionar kroner. Også hushald der hovudinntektstakaren var mellom 55-66 år, hadde ein gjennomsnittleg nettoformue på over 3 millionar kroner. Meir enn halvparten, 52 prosent, av alle hushald hadde i 2012 ein nettoformue på over 1 million kroner.

Noko jamnare formuesfordeling

Nettoformuen er svært skeivt fordelt blant hushalda. Tidelen med høgast nettoformue eigde i 2012 om lag 49 prosent av all formue, medan den rikaste 1 prosenten eigde 18 prosent. Dei rikaste 0,1 prosent av hushalda, om lag 2 200 hushald, eigde 8 prosent av all formue. Fordelinga av nettoformue har likevel vorte noko jamnare dei siste åra. I 2010 eigde til dømes tidelen med høgast nettoformue 51 prosent av all formue.

Sterkast gjeldsvekst blant høginntektshushald

Gjennomsnittleg gjeld for norske hushald var på drygt 1,1 millionar kroner i 2012. Dette var ein auke på 5,6 prosent frå året før. Det er blant hushalda med dei høgaste inntektene at gjelda aukar mest. Tidelen av hushalda med høgast samla inntekt auka gjelda med 6,5 prosent i 2012. Hushalda med inntekter nær gjennomsnittet (desil 5) auka gjelda med 5,3 prosent, medan hushalda med dei lågaste inntektene (desil 1) hadde ein nedgang i gjennomsnittleg gjeld på 3,4 prosent samanlikna med året før.

Høgare gjeldsbelastning

Sidan gjelda auka meir enn inntektene i 2012, har det blitt fleire hushald med høg gjeldsbelastning. I 2012 hadde 15,2 prosent av alle hushalda ei gjeld som var minst tre gonger større enn samla hushaldsinntekt. Tilsvarande tal for 2011 var 14,6 prosent. Blant dei hushaldstypane med høgast gjeldsbelastning finn ein par med barn under 6 år, og par utan barn der hovudinntektstakaren er under 30 år. Innanfor begge desse hushaldstypane hadde 28 prosent ei gjeld som oversteig inntekta tre gonger.

Berekna marknadsverdi av eigen bustadÅpne og lesLukk

Statistisk sentralbyrå (SSB) har utvikla ein modell som estimerer ein marknadsverdi på alle bustader i landet. Det er denne modellen Skatteetaten nyttar til å berekna likningsverdiane i sjølvmeldinga. Primærbustad får ein likningsverdi tilsvarande 25 prosent av berekna marknadsverdi, medan sekundærbustad blir taksert til 40 prosent av berekna marknadsverdi. I SSB sin formuestatistikk for hushald er likningsverdiane frå sjølvmeldingane oppjustert til full berekna marknadsverdi. Fritidseigedomar og bustader på gardsbruk er ikkje omfatta av dei nye reglane for likningsverdiar.