20839_not-searchable
/helse/statistikker/speshelse/arkiv
20839
Nedbygging av plassar utanom sjukehus
statistikk
2002-09-18T10:00:00.000Z
Helse
no
speshelse, Spesialisthelsetjenesten, sykehus, helseforetak, helseregion, psykisk helsevern, psykiatriske institusjoner, rusmiddelomsorg, rusbehandlingsinstitusjoner, somatiske helsetjenester, driftskostnader, investeringer, helsepersonell (for eksempel leger, sykepleiere, psykologer), legespesialister, liggedager, oppholdsdøgn, døgnplasser, dagbehandlinger, innleggelser, tvangsinnleggelser, polikliniske konsultasjoner, ettervern, utskrivninger, ambulanseoppdrag, ambulansebiler, sykebiler, ambulansebåter, luftambulanserHelsetjenester, Helse
false

Spesialisthelsetjenesten2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedbygging av plassar utanom sjukehus

I løpet av 2001 vart det om lag 490 færre plassar i vaksenpsykiatriske institusjonar utanom sjukehus. Dette er ein nedgang på 17,5 prosent. Samstundes auka talet på plassar i dei vaksenpsykiatriske sjukehusavdelingane.

Ved utgangen av 2001 var det totalt vel 5 500 døgnplassar i vaksenpsykiatriske institusjonar og avdelingar. Dette er om lag 275 eller 4,1 prosent færre plassar enn året før. Årsaka til nedgangen er nedbygging av plassar i psykiatriske sjukeheimar, bo- og behandlingssentra og ettervernsheimar. I dei vaksenpsykiatriske sjukehusavdelingane auka talet på plassar med 215 plassar eller 7,3 prosent frå 2000. Med dette var 58 prosent av dei vaksenpsykiatriske døgnplassane lokalisert i sjukehusavdelingar og 42 prosent i institusjonar utanom sjukehus i 2001. I 1990 var 46 prosent av døgnplassane for vaksne i sjukehus, og dette auka til 51 prosent av plassane i 2000. At fordelinga mellom plassar i og utanom sjukehus har endra seg så kraftig det siste året, må ein sjå i samanheng med at staten frå 1. januar 2002 tok over eigarskap og driftsansvar for institusjonar i spesialisthelsetenesta. Dette medførte at ei rekkje mindre psykiatriske institusjonar vart lagde ned i løpet av 2001.

Østfold, Vestfold, Hedmark, Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Troms oppretta nye plassar eller nye avdelingar for barne- og ungdomspsykiatri i 2001. Når det likevel ikkje kjem fram nokon auke for døgnplassar i barne- og ungdomspsykiatrien, er årsaka at talet på plassar i familieavdelingar har vorte justert ned i Hordaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Tidlegare har det vore ulik praksis i måten å telje plassane i familieavdelingane på. For å betre samanlikningsgrunnlaget er no plassar sett lik talet på familiar som kan behandlast, uavhengig av kor mange familiemedlemmar ein tek imot. Denne justeringa av plassar betyr ikkje at behandlingskapasiteten er endra.

Fleire utskrivingar og færre opphaldsdøgn

I 2001 blei om lag 35 200 døgnopphald avslutta ved vaksenpsykiatriske institusjonar og avdelingar (utskrivingar av døgnpasientar). Dette er ein auke på 4 prosent frå året før. 74 prosent av utskrivingane i vaksenpsykiatrien var frå sjukehusavdelingar, og 26 prosent frå institusjonar utanom sjukehus. Til samanlikning vart berre 16 prosent av utskrivingane i 1990 gjort frå vaksenpsykiatriske institusjonar utanfor sjukehus. Per 1 000 innbyggjarar over 18 år, var det 102 utskrivingar etter døgnopphald frå vaksenpsykiatriske institusjonar og avdelingar i 2001. Frå barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar vart det gjort om lag 1 280 utskrivingar av døgnpasientar. Dette svarar til 3,5 prosent av utskrivingane totalt.

Det vart registrert nesten 1 800 800 opphaldsdøgn ved psykiatriske institusjonar og avdelingar i 2001. Dette er ein nedgang på 4,1 prosent frå året før. Om lag 75 150 av opphaldsdøgna, eller 4 prosent, var i barne- og ungdomspsykiatrien. Opphaldsdøgna i vaksenpsykiatrien fordeler seg med 58 prosent i psykiatriske sjukehusavdelingar og 38 prosent i institusjonar utanfor sjukehus. Talet på opphaldsdøgn i sjukehusavdelingar (psykiatriske sjukehus, nervesanatorier, psykiatriske klinikkar og psykiatriske avdelingar ved somatiske sjukehus) auka med 6,7 prosent frå året før, medan det var ein nedgang på 17,2 prosent i vaksenpsykiatriske institusjonar utanfor sjukehus. Talet på opphaldsdøgn i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar viser ein svak auke på 1,3 prosent.

I 2001 var det gjennomsnittlege talet på opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar på 51 døgn. Til samanlikning var det i 1990 123 døgn per utskriving, og i 2000 56 døgn per utskriving i snitt.

Fleire polikliniske konsultasjonar

I 2001 vart det gjennomført knapt 736 200 polikliniske konsultasjonar som gav rett til poliklinisk refusjon i psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar. Endringa frå 2000 var på nesten 39 800 konsultasjonar, som svarar til ein auke på 5,7 prosent frå året før.

Om lag 181 100, eller ein firedel av konsultasjonane, vart gjennomført i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar. Dei resterande tre firedelane, 555 100 konsultasjonar, var i vaksenpsykiatrien.

I høve til folkemengda vart det utført 163 polikliniske konsultasjonar med refusjonsrett per 1 000 innbyggjarar i 2001. Det tilsvarande talet for 2000 var 154. Nord-Trøndelag var det fylket med flest konsultasjonar i vaksenpsykiatrien i høve til befolkninga over 18 år, med 223 konsultasjonar. Oslo hadde 221 konsultasjonar og Vestfold 216 vaksenpsykiatriske konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar i aktuell alder. Akershus og Aust-Agder hadde få konsultasjonar, med 105 og 106 konsultasjonar per 1 000 vaksne innbyggjarar.

Det fylket med flest polikliniske konsultasjonar med refusjonsrett i barne- og ungdomspsykiatrien per 1 000 innbyggjarar i alderen 0-17 år, var Finnmark, med 325 konsultasjonar. Det blei òg gjennomførd mange konsultasjonar i Vest-Agder (273 per 1 000) og Nordland (271 per 1 000), mens det var få i Sør-Trøndelag (102 per 1 000) og Vestfold (105 per 1 000).

Nesten 20 prosent fleire årsverk sidan 1990

Ved utgangen av 2001 var det tilsett personell svarande til 17 200 årsverk ved psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar. Dette er ein auke på 650 årsverk frå året før.

Om lag 14 600 av årsverka var knytt til vaksenpsykiatri og om lag 2 600 til barne- og ungdomspsykiatri. I vaksenpsykiatrien var det ein auke på 9,1 prosent for årsverk i sjukehusavdelingar, medan talet på årsverk i institusjonar utanom sjukehus vart redusert med 8,4 prosent. I barne- og ungdomspsykiatrien har det vore ein vekst på om lag 200 årsverk eller 8,5 prosent frå 2000 til 2001.

Dei seinare åra har det vore sterk personellvekst i psykiatrien, og denne utviklinga har altså halde fram i 2001. Frå 1990 har den samla veksten i årsverk i psykiatrien vore på 19,4 prosent. Veksten for barne- og ungdomspsykiatrien har vore på heile 74,4 prosent, og for vaksenpsykiatrien på 13,1 prosent. Medan årsverka i barne- og ungdomspsykiatri utgjorde 10,3 prosent av totalen i 1990, hadde dette auka til 15,2 prosent i 2001.

Dekningsgrad personell

I høve til befolkninga var det 3,8 årsverk per 1 000 innbyggjarar i 2001. Innanfor vaksenpsykiatrien var det 4,2 årsverk per 1 000 innbyggjarar over 18 år, og i barne- og ungdomspsykiatrien 2,5 årsverk per 1 000 personar i alderen 0-17 år.

Oslo hadde i 2001 mest personell både i absolutte tal og i høve til folketalet, med 3 060 årsverk som svarar til 6,0 årsverk per 1 000 innbyggjarar. Færrast årsverk i høve til folketalet hadde Aust-Agder med 3,0.

Høgare fagkompetanse

Personellet i psykiatrien får stadig betre fagkompetanse. I 1990 var 5,1 prosent av dei registrerte årsverka i psykiatrien legeårsverk, og ved utgangen av 2001 hadde legeårsverka auka til 7,1 prosent av totalen. Det var tilsett psykologar tilsvarande 4,2 prosent av dei totale årsverka i 1990, og dette hadde auka til 7,2 prosent i 2001. Årsverk for høgskuleutdanna personell (inkluderer mellom anna sjukepleiarar, vernepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionomar, barnevernspedagogar og andre pedagogar) har auka frå 32,1 prosent i 1990 til 44,1 prosent i 2001. Samstundes har talet på personell utan høgskuleutdanning i pasientretta arbeid (inkluderer hjelpepleiarar, anna pleiepersonell, aktivitørar, anna arbeidsterapipersonell og miljøpersonell utan høgskuleutdanning) gått ned frå 34,1 prosent av totalt personell i 1990 til 24,3 prosent i 2001.

Auke i brutto driftsutgifter

I psykiatrien vart det totalt brukt 9 milliardar kroner i 2001. Vi gjer merksam på at i tabellane 7, 8 og 9 er brutto driftsutgifter i 2001 korrigert for sjukelønsrefusjon. Dette er ikkje gjort dei tidlegare åra. Dersom vi hadde korrigert også 2000-tala for sjukelønsrefusjon, vil auken i brutto driftsutgifter vere på nesten 12 prosent frå året før. Utgiftene til barne- og ungdomspsykiatri utgjorde 13 prosent av utgiftene til psykiatriske institusjonar, og hadde ein sterkare vekst enn utgiftene til vaksenpsykiatrien. Veksten i utgiftene til barne- og ungdomspsykiatri var på 14,5 prosent frå 2000 (korrigert for sjukelønsrefusjonar), medan det tilsvarande talet for vaksenpsykiatrien var 11,5 prosent.

For vaksenpsykiatrien var gjennomsnittlege brutto driftsutgifter per 1 000 innbyggjarar over 18 år korrigert for gjestepasientar på 2 077 kroner for landet utanom Oslo. Tilsvarande tal for Oslo var 3 846. Gjennomsnittlege brutto driftsutgifter for barne- og ungdomspsykiatrien per 1 000 innbyggjarar i alderen 0 til 17 år korrigert for gjestepasientar var for landet utanom Oslo på 997 kroner. Tilsvarande tal for Oslo var 2 532 kroner.

Indikatorar og grunnlagstal for den fylkeskommunale delen av dei psykiatriske spesialisthelsetenestene er publisert i KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering), og er å finne på http://www.ssb.no/kostra/ , under tal for fylkeskommunar.

 

Psykiatri, 1990-2001. Nøkkeltal
 
       1990      1995      1996      1997      1998      1999      2000      2001
 
Døgnplassar8 0116 6676 5736 3686 2953 6 1556 0915 821
Døgnplassar vaksenpsykiatri7 7456 3846 2776 0645 9755 8405 7815 505
Døgnplassar barne-/ungdomspsykiatri 266 283 296 304 3203  315 310 316
Opphaldsdøgn i 1 0004 2 6034 2 1484 2 1074 2 0682 0331 9951 9421 862
Utskrivingar21 24226 11327 13128 94830 20132 37334 96736 472
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar4  1234 824 787167625651
Polikliniske konsultasjonar 1 i 1 000 396 611 575 591 6213  666 696 736
Polikliniske konsultasjonar 1 , vaksenpsykiatri i 1 000 272 429 435 449 4733  504 528 555
Polikliniske konsultasjonar 1 , barne-/ungdomspsykiatri i 1 000 124 181 140 142 148 163 169 181
Polikliniske konsultasjonar 1 per 1 000 innbyggjarar92 140 130 134 1403  149 155 163
Sum årsverk 214 46914 80615 07915 50415 8443 16 19016 55417 203
Sum årsverk 2 , vaksenpsykiatri12 98013 01013 15113 48513 68913 91714 14714 592
Sum årsverk 2 , barne- og ungdomspsykiatri1 4901 7961 9282 0192 1553 2 2732 4072 611
Sum legeårsverk 2 psykiatri 741 886 905 9611 0401 0761 1411 225
Sum sjukepleiarårsverk 2 psykiatri3 3093 8574 1494 3764 5113 4 5224 6604 909
 
1  Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjoner endra.
2  Årsverk er talet på heiltidstilsette og talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) ved utgangen av året. Overtid er ikkje rekna med.
3,4  Korrigert 19.09.01.

 

Tabeller

Nye tabeller 03.02.2003

Meir om tvangsinnleggingarÅpne og lesLukk

Frå statistikkåret 2001 avløyste lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernlova) av 2.juli 1999, lov om psykisk helsevern (psykiatrilova) av 28. april 1961. Dette gjer at tidsseriar for innleggingar etter tvangsparagraf ikkje kan vidareførast. Offisiell statistikk frå SSB viser at delen tvangsinnleggingar (paragraf 5 i den gamle lova) i psykiatriske sjukehusavdelingar, haldt seg temmelig stabil i åra 1985 til 2000, med mellom 18 og 22 prosent av innleggingane. Observasjonsinnleggingar etter paragraf 3, som gav ansvarleg overlege rett til å halde ein pasient i psykiatrisk sjukehusavdeling i inntil 21 dagar mot pasientens vilje for observasjon, auka frå 14 prosent i 1990 til 19 prosent i 1995. Frå 1995 til 2000 låg delen innleggingar etter paragraf 3 mellom 19 og 21 prosent.

Frå statistikkåret 2001 avløyste lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernlova) av 2.juli 1999, lov om psykisk helsevern (psykiatrilova) av 28. april 1961. Dette gjer at tidsseriar for innleggingar etter tvangsparagraf ikkje kan vidareførast. Offisiell statistikk frå SSB viser at delen tvangsinnleggingar (paragraf 5 i den gamle lova) i psykiatriske sjukehusavdelingar, haldt seg temmelig stabil i åra 1985 til 2000, med mellom 18 og 22 prosent av innleggingane. Observasjonsinnleggingar etter paragraf 3, som gav ansvarleg overlege rett til å halde ein pasient i psykiatrisk sjukehusavdeling i inntil 21 dagar mot pasientens vilje for observasjon, auka frå 14 prosent i 1990 til 19 prosent i 1995. Frå 1995 til 2000 låg delen innleggingar etter paragraf 3 mellom 19 og 21 prosent.

På grunn av overgang til nytt lovverk, samt endra innsamlings- og kontrollrutinar i SSB, kan det vere forhold knytt til dette som forklarar deler av dei endringane vi finner.