20849_not-searchable
/helse/statistikker/speshelse/arkiv
20849
Færre døgnplassar, men fleire konsultasjonar
statistikk
2000-09-21T10:00:00.000Z
Helse
no
speshelse, Spesialisthelsetjenesten, sykehus, helseforetak, helseregion, psykisk helsevern, psykiatriske institusjoner, rusmiddelomsorg, rusbehandlingsinstitusjoner, somatiske helsetjenester, driftskostnader, investeringer, helsepersonell (for eksempel leger, sykepleiere, psykologer), legespesialister, liggedager, oppholdsdøgn, døgnplasser, dagbehandlinger, innleggelser, tvangsinnleggelser, polikliniske konsultasjoner, ettervern, utskrivninger, ambulanseoppdrag, ambulansebiler, sykebiler, ambulansebåter, luftambulanserHelsetjenester, Helse
false

Spesialisthelsetjenesten1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Færre døgnplassar, men fleire konsultasjonar

I perioden 1990 til 1999 vart talet på døgnplassar i psykiatriske institusjonar redusert med 23 prosent, frå vel 8 000 til nesten 6 200. Samtidig auka talet på polikliniske konsultasjonar. Dette er eit skifte i verksemda som er i tråd med helsepolitiske målsetjingar.

Ei sentral helsepolitisk målsetjing er at det psykiatriske tilbodet skal vere meir prega av poliklinisk behandling og andre dagtilbod, framfor døgnopphald i psykiatriske institusjonar.

Reduksjonen i døgnplassar på 1990-tallet har skjedd ved vaksenpsykiatriske institusjonar, der nesten kvar fjerde døgnplass har vorte lagt ned. Ved barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar har talet på plassar auka frå 266 i 1990 til 325 i 1999.

Ved utgangen av 1999 var det for landet sett under eitt 1,7 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar i alderen 18 år og over i vaksenpsykiatrien, og 0,3 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar i alderen 0 til 17 år i barne- og ungdomspsykiatrien. Flest døgnplassar i vaksenpsykiatriske institusjonar sett i forhold til befolkningsgrunnlaget, hadde Oslo med 2,7 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar over 18 år. Høg dekning av døgnplassar finn vi òg i Vest-Agder og Rogaland, med 2,1 og 2,0 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar over 18 år. Best dekning i barne- og ungdomspsykiatriske døgnplassar hadde Oslo med 0,7 plassar per 1 000 innbyggjarar i den aktuelle aldersgruppa (0-17 år). Ei årsak til at dekninga er så høg i Oslo, er at Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri 1. januar 1999 vart overført frå Staten til Oslo.

Færre opphaldsdøgn

Samtidig som talet på tilgjengelege døgnplassar har blitt redusert, har òg talet på opphaldsdøgn gått ned med over 600 000 døgn [rettet 26.09.2000] frå 1990 til 1999. Dette svarer til ein nedgang på 23 prosent [rettet 26.09.2000] i perioden. Talet på avslutta døgnopphald har auka i same periode. I 1999 blei nesten 32 600 døgnopphald avslutta ved psykiatriske institusjonar, mens det tilsvarande talet i 1990 var 21 250. Utskrivingane har auka med 53 prosent i niårsperioden. Det svarer til ein gjennomsnittleg årleg vekst på nærmare 5 prosent. Ser vi på det relative forholdet mellom variablane opphaldsdøgn og utskrivingar, er talet på opphaldsdøgn per utskriving redusert frå 123 [rettet 27.09.2000] i 1990 til 61 i 1999. Auken i talet på utskrivingar per døgnplass har vore kraftig på 1990-tallet; frå 2,7 i 1990 til 5,3 i 1999.

Fleire polikliniske konsultasjonar

Ved psykiatriske institusjonar og frittståande poliklinikkar vart det i 1999 gjennomført om lag 673 500 polikliniske konsultasjonar som gjev grunnlag for refusjon frå folketrygda. Av desse var 163 800 barne- og ungdomspsykiatrisk behandling og 509 700 vaksenpsykiatrisk behandling. Dette svarer til 156 polikliniske konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar i alderen 0 til 17 år i barne- og ungdomspsykiatrien og 148 polikliniske konsultasjonar i vaksenpsykiatrien per 1 000 innbyggjarar 18 år og over. Oslo hadde flest polikliniske konsultasjonar i vaksenpsykiatrien i forhold til befolkningsgrunnlaget, med 197 konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar. Aust-Agder hadde relativt sett færrast med 93 konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar i den aktuelle aldersgruppa. Flest polikliniske konsultasjonar i barne- og ungdomspsykiatrien per innbyggjar i aldersgruppa hadde Vest-Agder, med 331 konsultasjonar. Det tilsvarande talet for Rogaland, som hadde den lågaste raten på landsbasis, var 93.

Fleire årsverk

Personellinnsatsen i psykiatrien, målt i årsverk, har vist ein stigande tendens gjennom heile 1990-tallet. For psykiatrien samla har auken vore på 1 740 årsverk frå 1990 til 1999. Den relativt største auken har vore innanfor barne- og ungdomspsykiatrien, med 803 fleire årsverk i perioden. Det svarer til ein gjennomsnittleg årleg vekst på nærmare 5 prosent. I vaksenpsykiatrien er det 937 fleire årsverk i 1999 enn i 1990, ein auke på 7,2 prosent.

Psykiatri, 1990 - 1999. Nøkkeltal
        1990       1995       1996       1997       1998       1999
Døgnplassar 8 011 6 667 6 573 6 368 6 295 6 165
Døgnplassar vaksenpsykiatri 7 745 6 384 6 277 6 064 5 975 5 840
Døgnplassar barne-/ungdomspsykiatri 266 283 296 304 320 325
Opphaldsdøgn i 1 000 2 6033 2 1483 2 1073 2 0683 2 0333 1 9983
Utskrivingar 21 242 26 113 27 131 28 948 30 201 32 587
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar 1234 824 784 71 67 61
Polikliniske konsultasjonar1 i 1 000 396 611 575 591 621 674
Polikliniske konsultasjonar1, vaksenpsykiatri i 1 000 272 429 435 449 473 510
Polikliniske konsultasjonar1, barne-/ungdomspsykiatri i 1 000 124 181 140 142 148 164
Polikliniske konsultasjonar1 per 1 000 innbyggjarar 92 140 130 134 140 150
Sum årsverk2 14 469 14 806 15 079 15 504 15 844 16 209
Sum årsverk2, vaksenpsykiatri 12 980 13 010 13 151 13 485 13 689 13 917
Sum årsverk2, barne- og ungdomspsykiatri 1 490 1 796 1 928 2 019 2 155 2 293
Sum legeårsverk2 psykiatri 741 886 905 961 1 040 1 076
Sum sjukepleiarårsverk2 psykiatri 3 309 3 857 4 149 4 376 4 511 4 515
Sum hjelpepleiarårsverk2 psykiatri 3 203 3 223 3 262 3 287 3 179 3 013
1  Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjonar endra.
2  årsverk er talet på heiltidstilsette og talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) ved utgangen av året. Overtid er ikkje rekna med.
3  Retta 26.09.2000.
4  Retta 27.09.2000.

Tabeller: