20837
/helse/statistikker/speshelse/aar
20837
Sterk auke i polikliniske konsultasjonar (foreløpige tall)
statistikk
2003-05-27T10:00:00.000Z
Helse
no
speshelse, Spesialisthelsetjenesten, sykehus, helseforetak, helseregion, psykisk helsevern, psykiatriske institusjoner, rusmiddelomsorg, rusbehandlingsinstitusjoner, somatiske helsetjenester, driftskostnader, investeringer, helsepersonell (for eksempel leger, sykepleiere, psykologer), legespesialister, liggedager, oppholdsdøgn, døgnplasser, dagbehandlinger, innleggelser, tvangsinnleggelser, polikliniske konsultasjoner, ettervern, utskrivninger, ambulanseoppdrag, ambulansebiler, sykebiler, ambulansebåter, luftambulanserHelsetjenester, Helse
false

Spesialisthelsetjenesten2002

For statistikkårene til og med 2008 ble det publisert både foreløpige tall og endelige tall for denne statistikken. Denne publiseringen er basert på foreløpige tall. Endelige tall finnes med nyere dato i statistikkens arkiv. Fra og med 2009 er det kun publisert endelige tall.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk auke i polikliniske konsultasjonar (foreløpige tall)

Førebelse tal syner ein sterk auke i polikliniske konsultasjonar i 2002. I alt vart det utført over 834 000 konsultasjonar innanfor psykiatrien. Dette var nesten 100 000 fleire enn i 2001.

I vaksenpsykiatrien auka talet på polikliniske konsultasjonar på landsbasis frå vel 555 000 til nærmare 615 000, ein auke på i underkant av 11 prosent. Innanfor barne- og ungdomspsykiatrien var det ein auke frå om lag 181 000 konsultasjonar i 2001 til om lag 219 000 i 2002. Dette tilsvarer ein vekst på heile 21 prosent.

Fleire årsverk

Den ønska veksten innanfor psykiatrien syner seg ikkje berre i talet på polikliniske konsultasjonar. Også talet på årsverk er aukande. I vaksenpsykiatrien gjekk talet på årsverk opp med nesten 2 prosent. Den tilsvarande auken i barne- og ungdomspsykiatrien var på i overkant av 8 prosent.

I barne- og ungdomspsykiatrien hadde Helseregion Øst og Helseregion Nord best dekning av personell i 2002 med 3,4 og 3,2 årsverk per 1 000 innbyggjarar. Dei andre regionane hadde ei dekning på i overkant av 2 årsverk per 1 000 innbyggjarar. Også innanfor vaksenpsykiatrien hadde Helseregion Øst best dekning av personell med 4,7 årsverk per 1 000 innbyggjarar.

Døgnplassar

I vaksenpsykiatrien gjekk talet på døgnplassar ned frå 2001 til 2002, noko som er i tråd med det vi har sett tidlegare år. Ein del institusjonar har vorte nedlagte eller overtekne av kommunane. Det har likevel vore ein liten auke i talet på opphaldsdøgn. Innanfor barne- og ungdomspsykiatri viser dei førebelse tala ein liten auke i både døgnplassar og opphaldsdøgn.

Samla for psykiatrien auka talet på utskrivingar, men det var likevel ein noko svakare auke enn det som er observert dei siste åra. Auken syner seg i alle regionar med unntak av Helseregion Vest.

Overgang til statlege føretak

Frå og med 2002 overtok staten ansvaret for alle dei offentlege sjukehusa og institusjonane som fylka tidlegare hadde ansvaret for, og etablerte fem regionale helseføretak. Dette fører òg med seg endringar i statistikken. Medan vi tidlegare har presentert tal fordelt på fylke, vil vi no presentere tal for dei fem helseregionane også tilbake i tid. Tala som er presenterte ovanfor dekkjer alle psykiatriske institusjonar, også private uavhengig av om dei har driftsavtale med helseføretaka eller ikkje. I Statistikkbanken vil du i tillegg finne tal på helseføretaksnivå og tal for institusjonane. Helseføretaka er i stadig endring. Reforma har ikkje sett seg enno, og desse tala og einingane vi presenterer her gir eit bilete av situasjonen i 2002.

Psykiatri. 1990-2002. Nøkkeltal
 
 1990199519961997199819992000200120025
 
Døgnplassar8 0116 6676 5736 36846 29036 1556 0915 8215 720
Døgnplassar vaksenpsykiatri7 7456 3846 2776 0645 9755 8405 7815 5055 400
Døgnplassar barne- og ungdomspsykiatri 266 283 296 3044 3153 315 310 316 320
Opphaldsdøgn i 1 00032 60332 14832 10732 0682 0331 9951 9421 8621 889
Utskrivinger21 242    26 113    27 131    28 948    30 201    32 373    34 969    436 550    37 571
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar3 123382378716762565150
Polikliniske konsultasjonar1 i 1 000 396 611 575 5914 6233 666 696 736 834
Polikliniske konsultasjonar1, vaksenpsykiatri i 1 000 272 429 435 4494 4753 504 528 555 615
Polikliniske konsultasjonar1, barne- og ungdompsykiatri i 1 000 124 181 140 142 148 163 169 181 219
Polikliniske konsultasjonar1 per 1 000 innbyggjarar92 140 130 134 1413 150 156 163 184
Sum årsverk214 46914 80615 07915 50415 844316 19016 55417 20317 666
Sum årsverk2, vaksenpsykiatri12 98013 01013 15113 48513 68913 91714 14714 59214 840
Sum årsverk2, barne- og ungdomspsykiatri1 4901 7961 9282 0192 15532 2732 4072 6112 827
Sum legeårsverk2 psykiatri 741 886 905 9611 0401 0761 1411 2251 216
Sum sjukepleiarårsverk2 psykiatri3 3093 8574 1494 3764 51134 5224 6604 9094 987
 
1 Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjoner endra.
2 årsverk er talet på heiltidsansatte og talet på deltidsansatte (omrekna til heiltidsansatte) ved utgangen av året. Overtid er ikkje rekna med.
3 Korrigert 19.09.01.
4 Korrigert 26.05.03.
5 Førebelse tal

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB