20841
/helse/statistikker/speshelse/aar
20841
Fleire årsverk i psykiatrien (foreløpige tall)
statistikk
2002-06-25T10:00:00.000Z
Helse
no
speshelse, Spesialisthelsetjenesten, sykehus, helseforetak, helseregion, psykisk helsevern, psykiatriske institusjoner, rusmiddelomsorg, rusbehandlingsinstitusjoner, somatiske helsetjenester, driftskostnader, investeringer, helsepersonell (for eksempel leger, sykepleiere, psykologer), legespesialister, liggedager, oppholdsdøgn, døgnplasser, dagbehandlinger, innleggelser, tvangsinnleggelser, polikliniske konsultasjoner, ettervern, utskrivninger, ambulanseoppdrag, ambulansebiler, sykebiler, ambulansebåter, luftambulanserHelsetjenester, Helse
false

Spesialisthelsetjenesten2001

For statistikkårene til og med 2008 ble det publisert både foreløpige tall og endelige tall for denne statistikken. Denne publiseringen er basert på foreløpige tall. Endelige tall finnes med nyere dato i statistikkens arkiv. Fra og med 2009 er det kun publisert endelige tall.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fleire årsverk i psykiatrien (foreløpige tall)

Det var tilsett personell tilsvarande om lag 17 300 årsverk ved psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar ved utgangen av 2001. Det er 720 årsverk meir enn året før. Størst relativ vekst var det i barne- og ungdomspsykiatrien.

14 700 av årsverka var knytte til vaksenpsykiatrien og om lag 2 600 til barne- og ungdomspsykiatrien. I barne- og ungdomspsykiatrien har det vore ein vekst på 190 årsverk eller 7,9 prosent frå 2000. For vaksenpsykiatrien har veksten frå 2000 til 2001 vore på 3,8 prosent.

Nesten 20 prosent fleire årsverk sidan 1990

Dei seinare åra har det vore sterk personellvekst i psykiatrien, og denne utviklinga har altså halde fram i 2001. Frå 1990 har den samla veksten i årsverk i psykiatrien vore på 19,4 prosent. Veksten for barne- og ungdomspsykiatrien har vore på heile 74,4 prosent og for vaksenpsykiatrien på 13,1 prosent. Medan årsverka i barne- og ungdomspsykiatrien utgjorde 10,3 prosent av totalen i 1990, hadde dette auka til 15,0 prosent i 2001.

Mest personell i Oslo

I høve til befolkninga var det 3,8 årsverk per 1 000 innbyggjarar i 2001. Innanfor vaksenpsykiatrien var det 4,3 årsverk per 1 000 innbyggjarar over 18 år og i barne- og ungdomspsykiatrien 2,4 årsverk per 1 000 personar i alderen 0-17 år.

Oslo hadde i 2001 mest personell både i absolutte tal og i høve til folketalet med 3 140 årsverk som svarar til 6,1 årsverk per 1 000 innbyggjarar. Færrast årsverk i høve til befolkninga hadde Aust-Agder med 3,0.

Høgare fagkompetanse

Personellet i psykiatrien får stadig betre fagkompetanse. I 1990 var 5,1 prosent av dei registrerte årsverka i psykiatrien legeårsverk, og ved utgangen av 2001 hadde legeårsverka auka til 7,0 prosent av totalen. Det var tilsett psykologar tilsvarande 4,2 prosent av dei totale årsverka i 1990, og dette hadde auka til 7,2 prosent i 2001. Årsverk for høgskuleutdanna personell (inkluderer mellom anna sjukepleiarar, vernepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionomar, barnevernspedagogar og andre pedagogar) har auka frå 32,1 prosent i 1990 til 44,1 prosent i 2001. Samstundes har talet på personell utan høgskuleutdanning i pasientretta arbeid (inkluderer hjelpepleiarar, anna pleiepersonell utan høgskuleutdanning, aktivitørar, anna arbeidsterapipersonell og miljøpersonell utan høgskuleutdanning) gått ned frå 34,1 prosent av totalt personell i 1990 til 24,4 prosent i 2001.

Psykiatri, 1990-2001. Nøkkeltal
 
       1990      1995     1996      1997      1998      1999      2000      2001
 
Døgnplassar8 0116 6676 5736 3686 29536 1556 0915 840
Døgnplassar vaksenpsykiatri7 7456 3846 2776 0645 9755 8405 7815 514
Døgnplassar barne-/ungdomspsykiatri 266 283 296 304 3203 315 310 326
Opphaldsdøgn i 1 00042 60342 14842 10742 0682 0331 9951 9421 858
Utskrivingar21 24226 11327 13128 94830 20132 37334 96736 321
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar4 1234824787167625651
Polikliniske konsultasjonar1 i 1 000 396 611 575 591 6213 666 696 736
Polikliniske konsultasjonar1, vaksenpsykiatri i 1 000 272 429 435 449 4733 504 528 555
Polikliniske konsultasjonar1, barne-/ ungdomspsykiatri i 1 000 124 181 140 142 148 163 169 181
Polikliniske konsultasjonar1 per 1 000 innbyggjarar92 140 130 134 1403 149 155 163
Sum årsverk214 46914 80615 07915 50415 844316 19016 55417 277
Sum årsverk2, vaksenpsykiatri12 98013 01013 15113 48513 68913 91714 14714 680
Sum årsverk2, barne- og ungdomspsykiatri1 4901 7961 9282 0192 15532 2732 4072 598
Sum legeårsverk2 psykiatri 741 886 905 9611 0401 0761 1411 224
Sum sjukepleiarårsverk2 psykiatri3 3093 8574 1494 3764 51134 5224 6604 917
 
1 Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjonar endra.
2 årsverk er talet på heiltidstilsette og talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) ved utgången av året. Overtid er ikkje rekna med.
3 Korrigert 19.09.01.
4 Korrigert 19.09.01 kl. 17.

10 prosent av fylka sine utgifter går til psykiatri

Om lag 10 prosent av fylka sine totale brutto driftsutgifter gjekk til psykiatrien i 2001. For vaksenpsykiatrien var gjennomsnittlege brutto driftsutgifter per 1 000 innbyggjarar over 18 år korrigerte for gjestepasientar på 2 158 kroner for landet utanom Oslo. Tilsvarande tal for Oslo var 3 047 kroner. Gjennomsnittlege brutto driftsutgifter for barne- og ungdomspsykiatrien per 1 000 innbyggjarar i alderen 0-17 år korrigerte for gjestepasientar var for landet utanom Oslo på 1 078 kroner. Tilsvarande tal for Oslo var 2 409 kroner.

Fleire polikliniske konsultasjonar

I dei psykiatriske institusjonane, avdelingane og poliklinikkane innanfor spesialisthelsetenesta vart det gjennomført vel 736 300 polikliniske konsultasjonar som gav rett til poliklinisk refusjon i 2001. Av desse var 75 prosent i vaksenpsykiatrien og 25 prosent i barne- og ungdomspsykiatrien. Talet på konsultasjonar auka med 5,7 prosent frå 2000.

I høve til folkemengda var det 163 polikliniske konsultasjonar med refusjonsrett per 1 000 innbyggjarar. Det tilsvarande talet for 2000 var 154. Dei førebelse tala viser at Nord-Trøndelag, Oslo og Vestfold hadde flest vaksenpsykiatriske konsultasjonar i 2001 per 1 000 innbyggjarar over 18 år med høvesvis 223, 221 og 216 konsultasjonar. Akershus og Aust-Agder hadde få konsultasjonar, med 105 og 106 per 1 000 vaksne innbyggjarar. Når det gjeld poliklinisk behandling av barn og unge, hadde Finnmark flest konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar mellom 0-17 år, med 325. Det blei òg gjennomført mange konsultasjonar i Vest-Agder (273 per 1 000) og Nordland (271 per 1 000), mens det var få i Sør-Trøndelag (102 per 1 000) og Vestfold (105 per 1 000).

Færre døgnplassar

Samla sett vart det færre døgnplassar i psykiatriske institusjonar og avdelingar frå 2000 til 2001. Nedgangen var på 250 plassar eller 4,1 prosent. Ved utgangen av 2001 var det 5 840 døgnplassar i psykiatriske institusjonar og avdelingar. Talet på slike plassar auka både i vaksenpsykiatriske sjukehusavdelingar og i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar. Nedgangen kjem altså av færre plassar i vaksenpsykiatriske institusjonar utanfor sjukehus (psykiatriske sjukeheimar, bu- og behandlingssenter, distriktspsykiatriske senter og ettervernsheimar).

Dekningsgraden for døgnplassar i barne- og ungdomspsykiatrien var på 0,3 (rettet 7. august 2002) plassar per 1 000 innbyggjarar i alderen 0-17 år, det same som ved utgangen av 2000. For einskilde fylke har likevel dekningsgraden auka mykje. Dette gjeld særleg Vestfold som hadde låg dekningsgrad i 2000 med 0,1 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar i aktuell alder, men som i 2001 hadde same dekningsgrad som gjennomsnittet for landet på 0,3.

Frå 2000 gjekk dekningsgraden for døgnplassar i vaksenpsykiatrien noko ned, frå 1,7 til 1,6 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar over 18 år. Særleg for Oslo er nedgangen stor: Mens det i høve til befolkninga var 2,7 slike plassar i 2000, gjekk dette ned til 2,4 i 2001.

Talet på opphaldsdøgn var om lag 1 858 000 i 2001. Dette vil seie ein reduksjon på vel 83 000, eller 4 prosent, frå 2000. Dei barne- og ungdomspsykiatriske institusjonane og avdelingane hadde 4 prosent av dei samla opphaldsdøgna. Mens fordelinga av opphaldsdøgn mellom vaksenpsykiatriske sjukehusavdelingar og andre vaksenpsykiatriske institusjonar i 1990 var 45 prosent i sjukehus og 55 prosent utanfor sjukehus, var den tilsvarande fordelinga i 2001 60 og 40 prosent.

Fleire utskrivingar

I 2001 vart det registrert til saman 36 300 avslutta døgnopphald (utskrivingar) frå psykiatriske institusjonar og avdelingar. Dette var 4 prosent fleire enn året før. Det vert stadig fleire avslutta døgnopphald ved vaksenpsykiatriske institusjonar utanfor sjukehus, vel 8 900 i 2001. I 1990 vart berre 16 prosent av utskrivingane gjorde frå vaksenpsykiatriske institusjonar utanfor sjukehus, mens for 2001 gjeld dette 25 prosent av utskrivingane.

I 2001 var det gjennomsnittlege talet på opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar på 51 døgn. Til samanlikning var det i 1990 123 døgn per utskriving og i 2000 56 døgn per utskriving i snitt.

KOSTRA

Indikatorar og grunnlagsdata for den fylkeskommunale delen av spesialisthelsetenesta, psykiatri, som er publisert i KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) er å finne på http://www.ssb.no/kostra, under tall for fylkeskommuner).

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB