20847
/helse/statistikker/speshelse/aar
20847
Fleire årsverk i psykiatrien (foreløpige tall)
statistikk
2001-06-21T10:00:00.000Z
Helse
no
speshelse, Spesialisthelsetjenesten, sykehus, helseforetak, helseregion, psykisk helsevern, psykiatriske institusjoner, rusmiddelomsorg, rusbehandlingsinstitusjoner, somatiske helsetjenester, driftskostnader, investeringer, helsepersonell (for eksempel leger, sykepleiere, psykologer), legespesialister, liggedager, oppholdsdøgn, døgnplasser, dagbehandlinger, innleggelser, tvangsinnleggelser, polikliniske konsultasjoner, ettervern, utskrivninger, ambulanseoppdrag, ambulansebiler, sykebiler, ambulansebåter, luftambulanserHelsetjenester, Helse
false

Spesialisthelsetjenesten2000

For statistikkårene til og med 2008 ble det publisert både foreløpige tall og endelige tall for denne statistikken. Denne publiseringen er basert på foreløpige tall. Endelige tall finnes med nyere dato i statistikkens arkiv. Fra og med 2009 er det kun publisert endelige tall.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fleire årsverk i psykiatrien (foreløpige tall)

Det var tilsett personell tilsvarande vel 16 500 årsverk ved psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar ved utgangen av 2000. Det var om lag 420 fleire enn året før. Den relativt største veksten i årsverk finn vi innanfor barne- og ungdomspsykiatrien, der det har vore ein vekst på 95 årsverk eller 4,1 prosent frå 1999.

Personellinnsatsen i psykiatrien, målt i årsverk, har vist ein stigande tendens i heile tiårsperioden frå 1990 til 2000. Ved utgangen av 1990 var det til saman nesten 14 500 årsverk knytt til psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, og av desse var nesten 1 500 i barne- og ungdomspsykiatrien. Veksten i årsverka i barne- og ungdomspsykiatrien har vore på heile 61,5 prosent i perioden, medan veksten for vaksenpsykiatri har vore på 9,7 prosent. I 1990 var 10,3 prosent av alle årsverka innanfor spesialisthelsetenesta psykiatri knytt til barne- og ungdomspsykiatri. Ti år seinare, utgjorde årsverka innanfor barne- og ungdomspsykiatrien 14,5 prosent av dei totale årsverka.

Høgare fagkompetanse

Det har i perioden òg vorte høgre fagkompetanse blant dei tilsette. I 1990 var 5,1 prosent av dei registrerte årsverka i psykiatrien legeårsverk, og ved utgangen av 2000 hadde andelen legeårsverk auka til 6,8 prosent. Det var tilsett psykologar svarande til 4,2 prosent av dei totale årsverka i 1990, og dette hadde auka til 7,0 prosent i 2000. Andelen sjukepleiarar og anna pleie- og terapipersonell med høgskuleutdanning (vernepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionomar, barnevernspedagogar og andre pedagogar) har auka frå 32,1 prosent i 1990 til 42,3 prosent i 2000. Samstundes har andelen personell utan høgskuleutdanning i pasientretta arbeid (hjelpepleiarar, anna pleiepersonell utan høgskuleutdanning, aktivitørar og anna arbeidsterapipersonell) gått ned frå 34,1 prosent i 1990 til 25,9 prosent i 2000.

Utgiftsvekst

Førebelse rekneskapstal syner at barne- og ungdomspsykiatrien hadde ein brutto utgiftsvekst på 9,4 prosent frå 1999 til 2000, medan vaksenpsykiatrien hadde ein tilsvarande vekst på 6,7 prosent. I perioden 1990-2000 auka utgiftene til psykiatriske institusjonar med vel 6 prosent i snitt per år. Den gjennomsnittlege auken per år har vore større for barne- og ungdomspsykiatri (nesten 9 prosent) enn for vaksenpsykiatrien (om lag 6 prosent).

Fleire polikliniske konsultasjonar

I dei psykiatriske institusjonane innanfor spesialisthelsetenesta blei det gjennomført i overkant av 69 500 polikliniske konsultasjonar som ga rett til poliklinisk refusjon i 2000. Dette svarar til 154 polikliniske konsultasjonar per 1 000. I 1999 var det tilsvarande talet 150 konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar.

Døgnplassar: Konstant dekningsgrad

Ved utgangen av 2000 var det om lag 6 070 døgnplassar i psykiatriske institusjonar. Av desse var 310 eller 5,1 prosent av plassane i institusjonar for barn og ungdom. Dei resterande 5 760 plassane var i vaksenpsykiatriske institusjonar. Til samanlikning var det 8 010 døgnplassar i 1990, og 3,3 prosent av desse var lagde til barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar. Ser ein døgnplassane i samanheng med folkemengda, er dekningsgraden den same i 2000 som i 1999. Det var 1,7 døgnplassar i vaksenpsykiatriske institusjonar og avdelingar per 1 000 innbyggjarar 18 år og over og 0,3 døgnplassar i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar per 1 000 innbyggjarar i alderen 0 til 17 år. Oslo har, som tidlegare år, flest plassar sett i høve til folkemengda, både når det gjeld vaksenpsykiatri og barne- og ungdomspsykiatri, med høvesvis 2,6 og 0,6 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar i aktuell alder.

Talet på opphaldsdøgn auka med 0,7 prosent frå 1999 til 2000, medan talet på avslutta døgnopphald (utskrivingar av døgnpasientar) auka med 7,4 prosent i perioden. Frå 1990 til 2000 har det gjennomsnittlege talet på opphaldsdøgn per utskriving vorte meir enn halvert. I 1990 var det i snitt 119 døgn per utskriving, medan i 2000 hadde dette gått ned til 58 døgn i snitt.

Psykiatri, 1990-2000. Nøkkeltal
 
 1990      1995      1996      1997      1998      19993      2000
 
Døgnplassar8 0116 6676 5736 3686 2956 1586 071
Døgnplassar, vaksenpsykiatri7 7456 3846 2776 0645 9755 8405 761
Døgnplassar, barne-/ungdomspsykiatri266283296304320318310
Opphaldsdøgn i 1 0002 5252 0702 0332 0692 0331 9952 010
Utskrivinger21 24226 11327 13128 94830 20132 37334 761
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar119797571676258
Polikliniske konsultasjonar1 i 1 000396611575591621672695
Polikliniske konsultasjonar1, vaksenpsykiatri i 1 000272429435449473510527
Polikliniske konsultasjonar1, barne-/ungdomspsykiatri i 1 000124181140142148163168
Polikliniske konsultasjonar1 per 1 000 innbyggjarar92140130134140150154
Sum årsverk214 46914 80615 07915 50415 84416 23016 652
Sum årsverk2, vaksenpsykiatri12 98013 01013 15113 48513 68913 91714 245
Sum årsverk2, barne- og ungdomspsykiatri1 4901 7961 9282 0192 1552 3132 407
Sum legeårsverk2, psykiatri7418869059611 0401 0761 134
Sum sjukepleiarårsverk2, psykiatri3 3093 8574 1494 3764 5114 5154 670
 
1 Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjonar endra.
2 årsverk er talet på heiltidstilsette og talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) ved utgangen av året. Overtid er ikkje rekna med.
3 Fleire tal er endra sidan publiseringa av endelege 1999-tal i september 2000.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB