20851
/helse/statistikker/speshelse/aar
20851
Auke i polikliniske konsultasjonar (foreløpige tall)
statistikk
2000-06-23T10:00:00.000Z
Helse
no
speshelse, Spesialisthelsetjenesten, sykehus, helseforetak, helseregion, psykisk helsevern, psykiatriske institusjoner, rusmiddelomsorg, rusbehandlingsinstitusjoner, somatiske helsetjenester, driftskostnader, investeringer, helsepersonell (for eksempel leger, sykepleiere, psykologer), legespesialister, liggedager, oppholdsdøgn, døgnplasser, dagbehandlinger, innleggelser, tvangsinnleggelser, polikliniske konsultasjoner, ettervern, utskrivninger, ambulanseoppdrag, ambulansebiler, sykebiler, ambulansebåter, luftambulanserHelsetjenester, Helse
false

Spesialisthelsetjenesten1999

For statistikkårene til og med 2008 ble det publisert både foreløpige tall og endelige tall for denne statistikken. Denne publiseringen er basert på foreløpige tall. Endelige tall finnes med nyere dato i statistikkens arkiv. Fra og med 2009 er det kun publisert endelige tall.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i polikliniske konsultasjonar (foreløpige tall)

Talet på polikliniske konsultasjonar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar auka med 8,1 prosent frå 1998 til 1999. Den relative auken var størst i vaksenpsykiatrien med 8,7 prosent. I barne- og ungdomspsykiatrien var auken på 6,8 prosent.

I 1998 blei det gjennomført 140 polikliniske konsultasjonar som gjer rett til refusjon per 1 000 innbyggjarar, mens det tilsvarande talet for 1999 var 150 konsultasjonar. Dette syner førebels tal for 1999.

Psykiatri, 1990-1999. Nøkkeltal
 
     1990    1995    1996    1997    1998    19991
 
Døgnplassar8 0116 6676 5736 3686 2956 161
Døgnplassar vaksenpsykiatri7 7456 3846 2776 0645 9755 833
Døgnplassar barne-/ungdomspsykiatri266283296304320328
Opphaldsdøgn i 1 0002 60342 14842 10742 06842 0331 996
Utskrivingar21 24226 11327 13128 94830 20132 462
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar1234824784716761
Polikliniske konsultasjonar2 i 1 000396611575591621672
Polikliniske konsultasjonar2, vaksenpsyk. i 1 000272429435449473514
Polikliniske konsultasjonar2, barne-/ungdomspsykiatri i 1 000124181140142148158
Polikliniske konsultasjonar2 per 1 000 innbyggjarar92140130134140150
Sum årsverk314 46914 80615 07915 50415 84416 166
Sum årsverk3, vaksenpsykiatri12 98013 01013 15113 48513 68913 962
Sum årsverk3, barne- og ungdomspsykiatri1 4901 7961 9282 0192 1552 204
 
1 Førebelse tal.
2 Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjonar endra.
3 årsverk er talet på heiltidstilsette og talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) ved utgangen av året. Overtid er ikkje rekna med.
4 Retta 27.09.2000.

Færre døgnplassar

Døgnplassane i psykiatrien vert stadig færre, og frå 1998 til 1999 gjekk talet på slike plassar ned med 2,1 prosent. Talet på døgnplassar ved barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar auka med 2,5 prosent, medan døgnplassane blei reduserte med 2,4 prosent i vaksenpsykiatrien. Opphaldsdøgna blei for psykiatrien som heile reduserte med 1,9 prosent i perioden, medan talet på avslutta døgnopphald auka med 7,5 prosent. Det gjennomsnittlege talet på opphaldsdøgn per utskriving var i 1999 61, ein reduksjon på 9 døgn frå året før. Til samanlikning var det tilsvarande talet i 1990 119 døgn.

Personellinnsatsen i psykiatrien, målt i årsverk, auka noe frå 1998 til 1999. Auka var på 2 prosent for vaksenpsykiatrien og 2,3 prosent for barne- og ungdomspsykiatrien.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB