8025_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/osi/arkiv
8025
Klår auke i ordretilgangen i 2007
statistikk
2008-02-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
osi, Ordreindeks for industri (opphørt), ordretilgang, ordrereserve, hjemmemarked, eksportmarkedIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Ordreindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2007

Publisering av statistikken Ordreindeks for industri er opphørt fra og med 1. kvartal 2018. En årsak er at statistikken tidligere var en del av Eurostats forordning om korttidsstatistikk, men dette kravet ble fjernet i 2012. Det publiseres imidlertid indikatorer for ordretilgang og ordrebeholdning i Konjunkturbarometer for industri og bergverk.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Klår auke i ordretilgangen i 2007

Ordretilgangen i industrien styrka seg ytterlegare i 2007. Ordrereservane var på eit historisk høgt nivå i 4. kvartal 2007.

Samla ordretilgang i industrien gjekk opp 19 prosent frå 4. kvartal 2006 til 4. kvartal 2007 grunna ei klårt positiv utvikling i eksportmarknaden. Ordrereservane hadde ein vekst på 40 prosent i det same tidsrommet. Det var spesielt i næringane maskinindustri, oljeplattformer og modular og kjemikaliar og kjemiske produkt at både ordretilgangen og ordrereservane auka mykje i 2007.

Ordretilgang og ordrereservar totalt. Ujustert. 1995=100

Utviklinga i maskinindustrien hang framleis saman med store enkeltoppdrag hjå nokre enkeltaktørar. Ordretilgangen var 53 prosent høgare i 4. kvartal 2007 enn i det same kvartalet året før. For ordrereservane gav tilsvarande samanlikning ein auke på 57 prosent, og dei har difor vist svært kraftig vekst sidan 2005. Veksten i maskinindustrien er delvis knytt til norsk verksemd der ein stor del av ordremassen skal produserast i utlandet.

Produsentar av oljeplattformer og modular rapporterte i 4. kvartal 2007 om ein ordretilgang som var 48 prosent høgare enn det som vart registrert i 4. kvartal 2006. Ordrereservane viste ein auke på 17 prosent i det same tidsrommet.

Ordretilgangen og ordrereservane i næringa kjemikaliar og kjemiske produkt var svært høge i 4. kvartal 2007. Tilgangen hadde ein vekst på 24 prosent, medan ordrereservane auka med heile 74 prosent samanlikna med 4. kvartal 2006. Ser ein berre på kjemiske råvarer, var auken i tilgangen og reservane på respektive 38 og 92 prosent.

Transportmiddelindustrien sin ordretilgang var 3 prosent lågare i 4. kvartal 2007 enn i 4. kvartal 2006, men var likevel på eit høgt nivå. For ordrereservane kan ein notere ein auke på om lag 47 prosent i den same perioden.

Metallindustrien rapportere om tilnærma uendra ordretilgang i 4. kvartal 2007 samanlikna med 4. kvartal 2006. Ordrereservane var 3 prosent lågare i 4. kvartal 2007 enn i 4. kvartal 2006.

For internasjonale samanlikningar av ordretilgang i industrien viser Statistisk sentralbyrå (SSB) til EUROSTAT (EU).

Verdiendring i ordretilgang og -reserve. Prosent
 
Næring Tilgang (trend)1 Reserve (ujusterte)
2. kvartal 2007-
3. kvartal 2007
3. kvartal 2007-
4. kvartal 2007
4. kvartal 2006-
4. kvartal 2007
 
Total 9,7 6,0 40,2
Kjemiske råvarer 30,1 31,6 91,8
Metallindustri -1,3 -4,8 2,7
Maskinindustri 10,4 8,3 57,4
Oljeplattformer 18,8 11,7 16,5
 
1  Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av
endringa frå førre kvartal omrekna til årsvekst.
 
 

Tabeller

Tabeller til publiseringen