8057_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/osi/arkiv
8057
Ordreauke for industrien
statistikk
2004-02-13T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
osi, Ordreindeks for industri (opphørt), ordretilgang, ordrereserve, hjemmemarked, eksportmarkedIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Ordreindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2003

Publisering av statistikken Ordreindeks for industri er opphørt fra og med 1. kvartal 2018. En årsak er at statistikken tidligere var en del av Eurostats forordning om korttidsstatistikk, men dette kravet ble fjernet i 2012. Det publiseres imidlertid indikatorer for ordretilgang og ordrebeholdning i Konjunkturbarometer for industri og bergverk.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ordreauke for industrien

Industriens samla ordretilgang steig i 4. kvartal 2003, og er høgare enn i same kvartal året før. Ordrereservane syner også ein oppgang, om enn ikkje i så stor grad som ordretilgangen.

4. kvartal 2003 kan sjå ut til å være kvartalet da ordresituasjonen snudde for norsk industri etter ein svak periode. Samla ordretilgang ligg no 4,9 prosent over 4. kvartal 2002, og kan seiast å vere inne i ein positiv trend. Det er den innanlandske marknaden som mest medverkar til dette.

Ordretilgang og ordrereservar totalt. Ujustert. 1995=100

Mange kontraktar for transportmiddelindustrien

Etter ein tung periode for transportmiddelindustrien synes den negative trenden å ha snudd. Næringa si ordretilgang har ikkje vore høgare sia toppnoteringa i 4. kvartal 2000. Enkelte store kontraktar er hovudforklaringa. Det er spesielt den innanlandske marknaden som trekkjer opp, men og den utanlandske marknaden medverkar til denne utviklinga.

Betre aktivitetsnivå for produsentar av oljeplattformer og modular

Næringa for oljeplattformer og modular noterte seg ein oppgang i ordretilgangen i 4. kvartal 2003. Indikatoren er likevel 21 prosent lågare enn på same tidspunkt året før. Næringa si samla ordreservar steig også i 4. kvartal 2003, og er om lag uendra samanlikna med 4. kvartal 2002. Næringa bærer preg av store variasjonar frå kvartal til kvartal.

Bra kvartal for metallindustrien

Etter ein periode med svak etterspurnad rapporterer metallindustrien om merkbar auke i ordretilgangen - spesielt i den utanlandske marknaden - i løpet av 4. kvartal. Ordretilgangen er heile 30 prosent høgare enn på same tidspunkt året før, og har ikkje vore høgare sidan 1. kvartal 2001. Næringa si ordrereservar stig stadig, noko som kan forklarast med auka produksjonskapasitet innanfor næringa.

Betring for maskinindustrien

Næringa si ordretilgang steig markant i 4. kvartal 2003 etter eit par dårlege kvartal og var om lag 8 prosent høgare enn på same tid i 2002. Det var ein oppgang i ordretilgangen frå både heime- og eksportmarknaden. Som for næringane transportmiddelindustri og oljeplattformer og modular er det store kontraktar hos enkelte aktørar som medverkar til den positive utviklinga i 4. kvartal 2003. Ordrereservane steig også i 4. kvartal 2003, og var om lag 4 prosent høgare enn på same tid året før.

Verdiendring i ordretilgang og -reserve. Prosent
Næring Tilgang (trend)1 Reserve (ujusterte)
2. kv.-3. kv. 2003 3. kv.-4. kv. 2003 4. kv. 2002-4. kv. 2003
Total 3,7 8,5 -10,0
Kjemiske råvarer 14,3 9,4 8,3
Metallindustri 26,7 25,4 10,4
Maskinindustri 5,4 9,1 3,5
Oljeplattformer -31,9 -22,5 1,7
1  Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av endringa
frå førre kvartal omrekna til årsvekst.