8065_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/osi/arkiv
8065
Låge ordrereservar for industrien
statistikk
2003-02-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
osi, Ordreindeks for industri (opphørt), ordretilgang, ordrereserve, hjemmemarked, eksportmarkedIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Ordreindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2002

Publisering av statistikken Ordreindeks for industri er opphørt fra og med 1. kvartal 2018. En årsak er at statistikken tidligere var en del av Eurostats forordning om korttidsstatistikk, men dette kravet ble fjernet i 2012. Det publiseres imidlertid indikatorer for ordretilgang og ordrebeholdning i Konjunkturbarometer for industri og bergverk.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Låge ordrereservar for industrien

Samla ordrereservar for industrien heldt fram med å falle i 4. kvartal 2002 og er merkbart lågare enn på same tid året før. Ordretilgangen syner derimot ein auke og er nesten tilbake på nivået frå fyrste halvår.

Ordretilgang og ordrereservar totalt. Ujustert. 1995=100

Samla ordrereservar er inne i ein fallande trend og har vist nedgang i seks av dei siste sju kvartala. Samla ordretilgang for industrien synte merkbar auke i 4. kvartal 2002, men er om lag uendra samanlikna med 4. kvartal året før. Veksande etterspurnad i både heime- og eksportmarknaden var årsak til auken.

Fallande ordrereservar innanfor metallvareindustrien

Etterspurnaden etter metallvarer tok seg opp i 4. kvartal 2002 og er no tilbake på nivået frå fyrste halvår. Innanlandske ordrereservar heldt fram med å svekkast, men er førebels ikkje uvanleg låge.

Høgare ordretilgang for maskinindustrien

Etter ein periode med sterkt fallande etterspurnad rapporterer maskinindustrien om merkbar auke i ordretilgangen i løpet av 4. kvartal. Dette gjeld både for innanlandske og utanlandske marknader. Ordrereservane er om lag uendra.

Fleire nye oppdrag innanfor oljeplattformer og modular

Samla ordretilgang for næringa oljeplattformer og modular kan variere kraftig frå kvartal til kvartal og synte ein markant auke i løpet av 4. kvartal 2002. Ordretilgangen er nesten 50 prosent høgare enn på same tidspunkt året før. Ordrereservane heldt seg markert høgare enn i 2001.

Låge ordrereservar for transportmiddelindustrien

Næringa transportmiddelindustri melder om auka etterspurnad både i heime- og eksportmarknaden, men samla ordretilgang er framleis noko lågare enn på same tid i 2001. Etter ein kort periode med stabil utvikling blei det på ny rapportert om nedgang i samla ordrereservar. Desse er no om lag halvparten av kva dei var på same tid i 2001 og har ikkje vore lågare sidan 3. kvartal 1999.

Låg etterspurnad etter kjemiske råvarer

Næringa kjemiske råvarer held fram med å melde om fallande ordretilgang. Etterspurnaden etter desse produkta har ikkje vore lågare sidan 3. kvartal 1997. Ordrereservane i 4. kvartal 2002 er heile 36 prosent under nivået på same tidspunkt i 2001. Denne nedgangen må sjåast i samanheng med ein nedjustering av ordrereserven for ein rapporterande bedrift førre kvartal.

Verdiendring i ordretilgang og -reserve. Prosent
Næring               Tilgang (trend)1                             Reserve (ujusterte)              
2. kv. 02-3. kv. 02 3. kv. 02-4. kv. 02 4. kv. 01-4. kv. 02
Total -2,0 -1,8 -11,7
Kjemiske råvarer -19,9 -13,5 -36,1
Metallindustri -13,4 -13,6 -2,5
Maskinindustri -9,8 0,6 -13,2
Oljeplattformer 12,2 -3,6 30,8
1  Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av endringa fra førre kvartal.