8073_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/osi/arkiv
8073
Små endringar i ordretilgangen
statistikk
2002-02-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
osi, Ordreindeks for industri (opphørt), ordretilgang, ordrereserve, hjemmemarked, eksportmarkedIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Ordreindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2001

Publisering av statistikken Ordreindeks for industri er opphørt fra og med 1. kvartal 2018. En årsak er at statistikken tidligere var en del av Eurostats forordning om korttidsstatistikk, men dette kravet ble fjernet i 2012. Det publiseres imidlertid indikatorer for ordretilgang og ordrebeholdning i Konjunkturbarometer for industri og bergverk.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Små endringar i ordretilgangen

Samla ordretilgang for industrien heldt seg relativt stabil gjennom 2001, og resultata frå 4. kvartal var ikkje noko unntak. Samla ordrereservar synte ein moderat nedgang i same periode.

Ordretilgang og ordrereserver totalt. Ujustert. 1995=100

Ordretilgangen var ned heile 34 prosent samanlikna med 4. kvartal 2000, men mykje av nedgangen må sjåast i samanheng med at mengda av nye ordrar var uvanleg høg i dette kvartalet. Det var først og fremst eit markert fall i innanlandsk etterspurnad som var ansvarleg for den negative utviklinga. Reviderte data synte at fallet i ordretilgangen for 3. kvartal blei noko mindre enn tidlegare rekna med. Vi fekk dermed berre små endringar i ordretilgangen frå 3. til 4. kvartal 2001. Samla ordrereservar synte negativ utvikling i 4. kvartal 2001, men var framleis berre marginalt lågare enn i same periode i 2000.

Kjemiske råvarer

Etter ein periode med jamn auke i nye ordrar, blei det registrert eit markert fall i 4. kvartal 2001. Samla ordretilgang var om lag 39 prosent lågare enn i same periode i 2000. Næringa rapporterer om moderat vekst i samla ordrereservar.

Metallindustrien

Samla ordretilgang for metallindustrien heldt fram med å falle i 4. kvartal 2001, og det var særleg nedgang i utanlandsk etterspurnad etter ikkje-jernhaldige metall som var årsak til denne utviklinga. Innanlandsk etterspurnad synte ein moderat auke i same tidsrom.

Maskinindustrien

Eit markert fall i tilgangen på nye ordrar blei avløyst av ny vekst i 4. kvartal 2001. Det var hovudsakleg utviklinga i innanlandsk etterspurnad som sto for auken. Ordretilgangen frå eksportmarknaden var heile 22 prosent lågare enn i 4. kvartal 2000.

Oljeplattformer og modular

Næringa rapporterer om positiv utvikling i etterspurnadsforholda, men ordretilgangen var framleis om lag 20 prosent under nivået frå 4. kvartal 2000. Samla ordrereservar synte moderat nedgang gjennom heile 2001, og 4. kvartal utgjorde i så måte ikkje noko unntak.

Verdiendring i ordretilgang og -reserve. Prosent
Næring Tilgang (trend)1 Reserve (ujusterte)
2.-3. kvartal 2001 3.-4. kvartal 2001 4. kvartal 2000-4. kvartal 2001
Total -13,0 -7,6 -1,1
Kjemiske råvarer -8,2 -8,6 12,4
Metallindustri -23,2 -24,6 22,9
Maskinindustri -13,3 -9,2 14,0
Oljeplattformer -23,7 0,4 -16,5
1  Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av endringa frå førre kvartal.