8089_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/osi/arkiv
8089
Auka etterspørsel for ordrenæringa
statistikk
2000-02-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
osi, Ordreindeks for industri (opphørt), ordretilgang, ordrereserve, hjemmemarked, eksportmarkedIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Ordreindeks for industri (opphørt)4. kvartal 1999

Publisering av statistikken Ordreindeks for industri er opphørt fra og med 1. kvartal 2018. En årsak er at statistikken tidligere var en del av Eurostats forordning om korttidsstatistikk, men dette kravet ble fjernet i 2012. Det publiseres imidlertid indikatorer for ordretilgang og ordrebeholdning i Konjunkturbarometer for industri og bergverk.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka etterspørsel for ordrenæringa

Ordretilgang for industrinæringa, rekna i originalseriar, viser ein auke på 12 prosent frå 3. kvartal til 4. kvartal i fjor, og 16 prosent frå same kvartal året før. Oppgangen kjem av auka etterspørsel frå innanlands- og eksportmarknaden.

 Ordretilgang og ordrereserver totalt. Ujustert. 1995=100

Den totale ordrereserven har dei siste kvartala vist ei jamn nedgåande utvikling. Særskilt sterk har reduksjonen i ordrereserve for heimemarknaden vore, med ein nedgang på 33 prosent frå 4. kvartal 1998. Reserve for eksport har gått opp dei to siste kvartala, og motverkar i nokon grad den dårlege utviklinga i heimemarknaden.

Transportmiddel, oljeplattformer og modular

Transportnæringa sin totale ordretilgang gjekk ned med 15 prosent frå 3. til 4. kvartal i fjor. Tilgangen er likevel høgare enn i siste halvdel av 1998 og første halvdel av 1999. Denne auken kjem i hovudsak frå innanlandsmarknaden, og ser ut til å vera fordelt på fleire aktørar i næringa. Total ordrereserve har vore låg men stabil dei tre siste kvartala.

Tilgangen for oljeplattformer og modular har hatt ein verdiauke på 48 prosent frå botnnoteringa i 4. kvartal 1998. Auka tilgang dei to siste kvartala har likevel ikkje vore tilstrekkeleg for ei oppbygging av ordrereservane. Reservane har vore sviktande gjennom heile 1999 og 1998, og ligg no om lag 40 prosent lågare enn i same kvartal året før.

Metallvare, elektroteknisk og optisk industri

Metallvareindustrien og elektroteknisk og optisk industri hadde auke i ordretilgang både frå innanlands- og eksportmarknaden i 4. kvartal 1999. Begge næringane hadde den klart sterkaste auken i tilgang for levering innanlands. Ordrereservane er blitt noko styrkja, men ligg framleis lågare enn i same kvartal i 1998.

Ny metode for utrekning av trend

På grunn av store variasjonar i innrapporterte tilgangstal har dei berekna trendseriane ofte fått store utslag og krappe skift. For å gi ein meir brukarvennleg serie har vi frå og med 4. kvartal 1999 teke i bruk ein ny metode for utrekning. Nye trendtal vil derfor avvike noko frå dei som tidlegare er publiserte. For meir om dette sjå Om statistikken.

Ordretilgang og ordrereserve. Endringstal. 1995=100
Næring Tilgang (trend)1 Reserve (ujustert)
2. kv. 1999-3. kv. 1999 3. kv. 1999-4. kv. 1999 4. kv. 1998-4. kv. 1999
Total 7,8 13,9 -22,3
Kjemiske råvarer -1,1 -1,2 -53,5
Metallindustri 14,0 17,5 0,9
Maskinindustri 3,0 4,4 -13,7
Oljeplattformer 15,7 32,3 -39,7
1  Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av endringa frå førre kvartal.