7703
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7703
Forbruket av elkraft ned 7,1 prosent
statistikk
2002-06-13T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetapril 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Forbruket av elkraft ned 7,1 prosent

April er fjerde månaden på rad med nedgang i forbruket av elkraft. Årsaka er hovudsakleg det varme vêret som har vore i heile Noreg for denne perioden, og nedgang i forbruket i kraftintensiv industri.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i april. 1979-2002. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Bruttoforbruket av elkraft var 45,7 TWh for årets første fire månader, og dette er ein nedgang på 8,7 prosent samanlikna med same periode i fjor. I april gjekk forbruket ned med 7,1 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Temperaturen har vore over normalen hittil i år, og april var ikkje noko unnatak. Landstemperaturen på 2,7 grader i april er den nest høgaste sidan dei meteorologiske målingane starta i 1866. Prisane på elektrisitet i april var 9,9 prosent lågare enn for same månad i fjor. Dei siste månadane har prisane vore høge, og dette kan ha påverka forbruket også i april

Forbruket av elkraft i kraftintensiv industri var 2 568 GWh i april, og det er ein nedgang på 7,3 prosent i høve til tilsvarande månad i fjor. Salet av tungolje til industrien var også lågt i april.

Auke i produksjonen

Produksjonen av elkraft var 9 724 GWh i april, og det er ein oppgang på 4,5 prosent i høve til april i fjor. For årets første fire månader var produksjonen 2,7 prosent lågare enn for same periode i fjor. For siste tolvmånadersperiode var produksjonen 120,6 TWh, som er 13,4 prosent lågare enn for tilsvarande tolvmånadersperiode i fjor.

Nettoimport

Det vart importert 753 GWh og eksportert 540 GWh i april. For årets første fire månader gjekk importen av elkraft ned med 36,5 prosent og eksporten auka med 79,7 prosent i høve til same periode i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB