7705
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7705
Nedgangen i kraftforbruket held fram
statistikk
2002-05-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetmars 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgangen i kraftforbruket held fram

Mars er den tredje månaden på rad med nedgang i forbruket av elkraft i høve til i fjor. Mykje av årsaka er mildare vêr.

Produksjon, forbruk og eksportoverskudd av elektrisk kraft i mars. 1979-2002. GWh.

Produksjon, forbruk og eksportoverskudd av elektrisk kraft per måned. GWh.

Bruttoforbruket av elkraft gjekk ned med 10,9 prosent i høve til same månaden i fjor, og ikkje sidan 1997 er det blitt brukt så lite elektrisitet for mars månad. Mykje av forklaringa ligg i det varme vêret, og mars i år var godt over normalen, medan månadstemperaturen var under normalen for mars i fjor. Elektrisitetsprisane var om lag dei same som på denne tida i fjor. Trenden har vore stigande prisar frå i fjor, og verknaden av dette kan ha slått ut også i mars. Lette fyringsoljer og fyringsparafin kan vera eit alternativ til elkraft, men salet av desse gjekk ned med høvesvis 21,0 og 25,3 prosent i forhold til mars i fjor. For siste tolvmånadersperioden gjekk forbruket av elkraft ned med 3,4 prosent. Forbruket av elkraft i kraftintensiv industri var 2 699 GWh i mars, og det er ein nedgang på 7,5 prosent i høve til tilsvarande månad i fjor.

Lågare produksjon

Produksjonen var 11 787 GWh i mars, og dette er ein nedgang på 1,3 prosent i høve til same månad i 2001. Som i fjor var det høgast produksjon i Nordland for denne månaden med 1 521 GWh. Til no i år er det blitt produsert 36 759 GWh, og det er 4,5 prosent lågare enn for tilsvarande periode i fjor. For same periode auka vindkraftproduksjonen med 78,8 prosent. Vindkraftproduksjonen er jamvel beskjeden i høve til vasskraftproduksjonen, og utgjorde for dei tre første månadene i år 0,03 prosent av den totale produksjonen av elkraft. Fyllingsgraden i vassmagasina var i gjennomsnitt 47,1 prosent av total magasinkapasitet i mars.

Eksportoverskot

Det vart eksportert 773 GWh og importert 606 GWh i mars månad. Det meste av handelen føregår med Sverige, men det vert også omsett kraft med Danmark, Finland og Russland. Eksportoverskotet sin del av den totale produksjonen var 1,4 prosent i mars, og 2,8 prosent for dei tre første månadene i året.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB