7707
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7707
Nedgang i elforbruket
statistikk
2002-04-11T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetfebruar 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i elforbruket

Forbruket av elkraft gjekk i februar ned med 11,8 prosent i høve til same månad i fjor. Dette kjem blant anna av varmt vêr. Likeins gjekk produksjonen ned i høve til februar 2001, og produksjonen enda på 11 476 GWh.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elkraft i februar. 1979-2002. GWh

Trenden frå førre månad held fram denne månaden med ein nedgang i kraftbruken. Mykje av dette kjem av at middeltemperaturen var godt over normalen i mesteparten av landet, medan februar i fjor var kaldare enn normalt i det meste av landet. Straumprisen inkludert nettleige var 10,1 prosent høgare enn for tilsvarande månad i fjor, og kan også ha medverka til forbruksnedgangen. Elprisane auka også kraftig i 2001 utan at dette stoppa forbrukarveksten då.

Forbruk av elkraft i kraftintensiv industri gjekk ned med 5,9 prosent i høve til tilsvarande månad i fjor. Det er spesielt i produksjon av jarn, stål og ferrolegeringar ein har brukt mindre elkraft, med ein nedgang på 28,4 prosent. Denne næringa har i eit års tid opplevd lågare internasjonale prisar på metallprodukt. Dette fører til lågare produksjon og såleis lågare forbruk av elkraft. Om ein samanliknar med siste tolvmånadersperioden var det ein nedgang i det totale forbruket på 1,7 prosent.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elkraft per månad. GWh

Lågare produksjon

Det var ein nedgang på 8,3 prosent i produksjonen av elkraft samanlikna med same månad i fjor. Vassmagasina sin fyllingsgrad var i gjennomsnitt 57,2 prosent av total kapasitet i februar, noko som er kring normalen for månaden, og noko i underkant av februar i fjor. Det vart tappa mindre av magasina enn for tilsvarande månad i fjor. I Hordaland vart det produsert mest vasskraft med 1 463 GWh i februar, medan Vestfold produserte 2 GWh. For siste tolvmånadersperiode vart det produsert 120 347 GWh, ein nedgang på 16,2 prosent i høve til same tolvmånadersperiode i fjor. Det var særleg nedbørrikt i førre tolvmånadersperiode.

Eksportoverskot

Det var eit eksportoverskot på 303 GWh i februar. I handelen med Sverige var det eit eksportoverskot på 562 GWh, medan det var eit importoverskot på 259 GWh overfor Danmark, Finland og Russland. Eksportoverskotet sin del av total produksjon var 2,6 prosent.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB