7709
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7709
Strømforbruket ned 4,9 prosent
statistikk
2002-03-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetjanuar 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Strømforbruket ned 4,9 prosent

Forbruket av elkraft gjekk ned med 4,9 prosent i januar samanlikna med den same månaden i fjor, men er likevel det nest høgaste forbruket som er registrert for denne månaden. Årsaker til nedgangen frå i fjor er blant anna varmare vêr og dyrare straum.

Produksjon, forbruk og eksportoverskudd av elektrisk kraft i januar. 1979-2002. GWh

Bruttoforbruket av elkraft var 12 943 GWh i januar. Det er ein nedgang på 668 GWh frå same månad i fjor. Dette kjem blant anna av at middeltemperauren var over normalen for heile landet i januar. Elektrisitetsprisane inkludert nettleige og avgifter for hushald var 13,2 prosent høgare enn for same månad i fjor. Forbrukaravgifta gjekk ned frå 11,30 øre per kWh til 9,30 øre per kWh ved årsskiftet, men likevel steig elektrisitetsprisane, særleg på grunn av høgare nettleige. I kraftintensiv industri fall forbruket med 8,2 prosent i høve til januar i fjor, og spesielt stort var fallet i forbruk av elkraft i produksjon av jarn, stål og ferrolegeringar, som hadde 26,6 prosent lågare forbruk enn for same månad i fjor. Denne relativt kraftige nedgangen i forbruk for produksjon av jarn, stål og ferrolegeringar kan sjåast i samanheng med blant anna større nedgang i eksportprisane på metallprodukt dei seinare månadane, som i sin tur kan ha leia til ein nedgang i forbruket av elektrisitet. Prisane på flytande brensel, som er lette fyringsoljer og fyringsparafin, var 9,6 prosent lågare enn for januar i fjor. Salet av flytande brensel var 29,3 prosent høgare i januar samanlikna med januar 2000.

Produksjon, forbruk og eksportoverskudd av elektrisk kraft per måned. GWh

Nedgang i produksjonen

Produksjonen var på 13 497 GWh, og det er ein nedgang på 3,8 prosent frå januar i fjor. Nedbøren var over normalen i det meste av landet, og fyllingsgraden var i gjennomsnitt på 66,7 prosent i januar. Tilsvarande var den 74,2 prosent i januar i fjor. For siste tolvmånadersperioden vart det produsert 121 387 GWh, ein nedgang på 15,5 prosent frå same periode i fjor. Varmekraftsproduksjonen steig med 25,7 prosent same periode, men utgjorde berre 0,8 prosent av den totale produksjonen av elkraft.

Eksportoverskot

Det vart eksportert 1 167 GWh i januar. 90 prosent av eksporten gjekk til Sverige til ein verdi på om lag 228 millionar norske kroner. Importen var 613 GWh. Eksportoverskotet på 554 GWh er 32 prosent høgare enn for same månad i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB