7711_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7711
Rekordhøg produksjon av elkraft
statistikk
2002-02-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetdesember 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Rekordhøg produksjon av elkraft

Produksjonen av elkraft har aldri vore høgare for desember enn for desembermånad 2001. Det vart produsert 13 805 GWh elektrisitet, ein auke på 2,6 prosent frå desember 2000. Forbruket av elkraft var 12 873 GWh, det andre høgaste forbruket målt for ein desembermånad. For heile året vart det forbruksrekord.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elkraft i desember. 1979-2001. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elkraft per månad. GWh

Det var høgast produksjon i Nordland som produserte 1 669 GWh. Fyllingsgraden i vassmagasina var i gjennomsnitt på 78,3 prosent i desember, noko som er kring normalen for denne månaden. For heile året 2001 vart det produsert 121 856 GWh. Dette er ein nedgang på 14,8 prosent frå rekordåret 2000. Nedgangen kjem av mindre tilsig til vassmagasina enn året før. Til tross for at fyllingsgraden var lågare enn normalt for mesteparten av fjoråret, låg produksjonen jamvel over normal årsproduksjon for det norske kraftsystemet, som er berekna til 118 700 GWh. Dette kjem av at kraftselskapa nytta noko magasinvatn i tillegg til tilsig.

Høgt forbruk av elkraft

Forbruket av elkraft var 12 873 GWh i desember. Det er ein auke på 3,4 prosent frå same månad i 2000. Dette kan delvis forklarast med at gjennomsnittstemperaturen i desember var under normalen i det meste av Sør-Noreg, medan den var over normalen for så å seie heile landet i desember 2000. Forbruket av elkraft var 5,1 prosent høgare enn gjennomsnittsforbruket for desember dei siste ti åra.

Bruttoforbruket i 2001 var på 125 454 GWh. Det er opp med 1 525 GWh frå 2000, som er ein vekst på 1,2 prosent. Forbruket har i gjennomsnitt auka med 1 639 GWh årleg dei siste ti åra. 2001 var det femte året på rad med vekst i elkraftforbruket.

Bruttoforbruk og produksjon. 1992-2001. TWh

Eksportoverskot

Eksporten av elkraft var 1 405 GWh i desember, medan importen var 474 GWh. Det gjev eit eksportoverskot på 931 GWh. Dette er 7 prosent mindre enn eksportoverskotet for desember i 2000. Om ein ser på året under eitt vart det eit eksportunderskot på 3 592 GWh, medan eksportoverskotet var 19 055 GWh i 2000. Nedgangen kan delvis forklarast med den store produksjonen av elkraft i 2000.

Tabeller: