7715_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7715
Framleis nettoimport av strøm
statistikk
2001-12-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetoktober 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis nettoimport av strøm

Oktober var den niande månaden på rad der importen av elektrisk kraft var høgare enn eksporten. Importoverskotet var 55 GWh. Normalt eksporterar vi meir enn vi importerar ved ein vanleg våt haust.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i oktober. 1979-2001. GWh

Noreg importerte 734 GWh elkraft og eksporterte 679 GWh i oktober, noko som gjev eit importoverskot på 55 GWh. Det er meir vanleg med eksportoverskot for denne månaden. Det var eksportoverskot overfor Danmark, og eksporten til Danmark var over fire gonger så stor som importen. Fyllingsgraden i vassmagasina låg mellom 81,2 og 87,1 prosent av total magasinkapasitet i oktober, noko som er i underkant av normalen for denne perioden av året. Denne overgangen frå eksportoverskot til importoverskot kan sjåast i samanheng med lågare tilsig av vatn til vassmagasina og relativ stor etterspurnad etter elektrisk kraft. Importoverskotet dekkjer 0,6 prosent av det innanlandske bruttoforbruket for oktober.

Mindre produksjon enn på same tid i fjor

På hausten vert det som regel produsert mykje elektrisk kraft i Noreg, og i oktober var produksjonen 9 919 GWh. Gjennomsnittet for produksjon av elkraft for oktober månad dei siste fem åra er 10 597 GWh. Produksjonen var 16,3 prosent lågare enn for same månad i fjor. Det var eksepsjonelt mykje nedbør for denne perioden i fjor. Hittil i år er det blitt produsert 95 675 GWh. Dette er 18,5 prosent mindre enn for same tidsrom i fjor. Siste 12 månader er det produsert 121 238 GWh, som er 14,6 prosent lågare enn for den same perioden i fjor.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Auken i forbruket av elkraft minkar

Forbruket av elektrisk kraft var 9 974 GWh i oktober. Det er 0,2 prosent lågare enn for same månad i fjor, og 2,2 prosent lågare enn snittet for denne månaden dei siste fem åra. Dette er den femte månaden på rad at forbruket av elkraft går ned samanlikna med same månad i fjor. Denne nedgangen dei siste månadene kan sjåast i samanheng med auka prisar og høgare temperaturar enn normalt for perioden. Bruttoforbruket dei siste 12 månadene var på 124 735 GWh, som er 0,4 prosent meir enn for same periode i fjor.

Forbruk av elkraft i kraftintensiv industri hadde ein nedgang på 2,2 prosent frå same månad i fjor. Bruken av elkraft gjekk opp med 0,4 prosent i kraftintensiv industri dei siste 12 månadene samanlikna med same periode i fjor. Forbruket av elektrisk kraft ved produksjon av jern, stål og ferrolegeringar gjekk ned med 15,3 prosent i høve til same månad i fjor, og med 10,4 prosent for perioden januar til oktober samanlikna med same periode i fjor. Dette kan sjåast i samanheng med lågare produksjon i denne næringa.

Tabeller: