7735
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7735
Høgt forbruk og produksjon av elkraft
statistikk
2001-02-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetdesember 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgt forbruk og produksjon av elkraft

Forbruket av elektrisk kraft i desember var 12 453 GWh. Dette er ned 4,7 prosent samanlikna med tilsvarande månad i 1999 som har rekorden for denne månaden. For heile året var det derimot rekordhøgt elforbruk. Produksjonen av elkraft i desember var 13 454 GWh.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i Desember. 1979-2000. GWh.

Forbruket av elektrisk kraft i desember på 12 453 GWh var det tredje høgste elforbruket som er målt for denne månaden. Nedgangen i elforbruket frå desember i 1999 til desember i fjor kan delvis forklarast med at månadstemperaturen i desember 1999 var under normalen for det meste av landet, medan temperaturen i desember i fjor låg over normalen for så å si heile landet. Førebels tal for 2000 viser at bruttoforbruket av elektrisk kraft var rekordhøgt med 123 899 GWh. Dette er ei auke i elforbruket på 3 063 GWh eller 2,5 prosent samanlikna med den tidlegare forbruksrekorden frå 1999. Til samanlikning har det gjennomsnittlege årlege elforbruket dei siste 10 åra vore 115 411 GWh. Ser man på den gjennomsnittlege årlege auken i elforbruket i desse åra har den vore 1,6 prosent, medan den årlege auken i elproduksjonen har vore gjennomsnittleg 2,0 prosent.

Produksjonen av elkraft

Produksjonen av elektrisk kraft i desember var 13 454 GWh. Dette er ei auke på 2,2 prosent samanlikna med tilsvarande månad i 1999 og er 1,0 prosent lågare enn produksjonsrekorden for denne månaden frå 1995. Størst var produksjonen i Telemark med 1 638 GWh. Førebels tal for 2000 viser at elektrisitetsproduksjonen i fjor var rekordhøg med 142 954 GWh, som er ei auke på nesten 17 prosent samanlikna med det tidlegare rekordåret frå 1995. Til samanlikning har den årlege gjennomsnittlege elproduksjonen dei siste 10 åra vore 118 456 GWh. Den høge elproduksjonen i fjor kan sjåast i samanheng med det relativt høge tilsiget til vassmagasina gjennom året. Innhaldet i vassmagasina var over medianen for perioden 1990-1999 for det meste av året.

I midten av desember (måndagen i veke 50) var fylingsgrada i vassmagasina 86,1 prosent av total vassmagasinkapasitet. Det er 0,1 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i 1999 og 8,0 prosentpoeng høgare enn medianen for perioden 1990-1999.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Rekordhøg eksportoverskot i 2000

Importen av elektrisk kraft i desember var 264 GWh, medan eksporten var 1 265 GWh. Dette gjer eit eksportoverskot i desember på 1 001 GWh. For heile året var eksporten av elektrisk kraft 20 529 GWh og importen 1 474 GWh, noe som har gjeve eit eksportoverskot på rekordhøge 19 055 GWh. Dette er 3 107 GWh høgare enn den tidlegare rekorden frå 1990. Nettoeksporten av elkraft til Sverige i 2000 var 14 845 GWh, medan nettoeksporten til Danmark var 4 488 GWh. Importen av elkraft frå Danmark var 146 GWh i 2000. Tal frå Utanrikshandelen i SSB viser at verdien av eksportoverskotet i 2000 var 1,8 milliarder kroner.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB