7737
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7737
Framleis vekst i elproduksjonen
statistikk
2001-01-11T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetnovember 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis vekst i elproduksjonen

Produksjonen av elektrisk kraft i november gjekk opp 6,9 prosent til 12 095 GWh, samanlikna med tilsvarande månad i 1999. Elforbruket auka med 2,2 prosent. Auken i elproduksjonen og elforbruket kan sjåast i samanheng med mykje nedbør og det milde vêret.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i november. 1979-2000. GWh [Production, consumption and export surplus of electric energy in November. 1979-2000. GWh]

Produksjonen av elektrisk kraft i november på 12 095 GWh er det nest høgste nivået på produksjonen som er målt for denne månaden, berre 2,1 prosent lågare enn rekorden for denne månaden frå 1995. Det høge nivået på elektrisitetsproduksjonen kan delvis forklarast med det unormalt våte vêret i sørlege og austlege delar av landet og uvanleg høge temperaturar i heile landet. Etter målingane til Det norske meteorologiske institutt var det i november 2000 fyrste gong det ikkje har vore målt under null grader i Oslo for denne månaden så lenge instituttet har eksistert. Det milde vêret har gjeve meir tilsig i vassmagasina enn det som er normalt for månaden. Elproduksjonen i november har vore 20 prosent høgare enn for tilsvarande månad i 1999 i dei austlege og sørlege delane av landet. I resten av landet, med unntak av to fylke, har det vore ein nedgang i elproduksjonen.

Produksjonen av elektrisitet i dei 11 fyrste månadene i 2000 var rekordhøg med 129 499 GWh. Dette er ein auke på 18,3 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 1999. Elproduksjonen dei fyrste 11 månadene er også 5,1 prosent høgare enn den tidlegare produksjonsrekorden, sett heile året samla. Produksjonen av elektrisitet dei siste 12 månadene var 142 658 GWh. Dette er ein auke på 18,0 prosent samanlikna med førre 12-månadersperiode.

Innhaldet i vassmagasina i midten av november var 91,3 prosent av den totale magasinkapasiteten. Dette er 0,7 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i 1999 og 4,5 prosentpoeng høgare enn medianen for perioden frå 1990 til 1999.

Høgt elforbruk og temperaturar over normalen

Trass i at temperaturane var markant over normalen for heile landet i november, var bruttoforbruket av elektrisitet relativt sett høgt med 11 101 GWh. Forbruket av elektrisk kraft i perioden januar til november 2000 var 111 445 GWh medan forbruket dei siste 12 månadene var 124 515 GWh, som er ein auke på respektive 3,4 og 3,8 prosent samanlikna med tilsvarande periodar i 1999.

Forbruket av elektrisitet i kraftintensiv industri i november var 2 750 GWh. Den største auken i forbruket var det i produksjonen av kjemiske råvarer med 37,6 prosent. Denne relativt store auken i forbruket kan delvis forklarast med at statistikken nå dekkjer denne næringa betre. Elektrisitetsforbruket i den kraftintensive industrien i perioden januar til november 2000 var 30 630 GWh, og forbruket dei siste 12 månadene var 33 342 GWh.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh [Production, consumption and export surplus of electric energy per month. GWh]

Høgt eksportoverskot til Sverige

Importen og eksporten av elektrisk kraft i november var respektive 268 og 1 261 GWh. Dette gjer eit eksportoverskot på 993 GWh. Eksportoverskotet akkumulert for perioden januar til november 2000 er 18 054 GWh. Størst er eksportoverskotet til Sverige med 14 040 GWh, medan eksportoverskotet til Danmark er 4 239 GWh. Til samanlikning var det eit importoverskot frå Sverige på 99 GWh i 1999. Det høge nivået på eksportoverskotet til Sverige i perioden januar til november 2000 kan sjåast i samanheng med den svenske produksjonen av elektrisitet. For perioden januar til oktober var elproduksjonen i Sverige 7,0 prosent lågare enn for tilsvarande periode i 1999, samtidig som elforbruket hadde ein liten auke. Dette har gjeve ein auke i importen av elektrisk kraft til Sverige. Nedgangen i elproduksjonen i Sverige har kome som eit resultat av ein merkbar nedgang i produksjonen av kjernekraft og varmekraft samanlikna med tilsvarande periode i 1999.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB