7739_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7739
Framleis høg eksport av elkraft
statistikk
2000-12-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetoktober 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis høg eksport av elkraft

Noreg eksporterte rekordhøge 1 946 GWh elektrisk kraft i oktober. Med ein import av elkraft på 89 GWh, ga dette eit eksportoverskot på 1 857 GWh. Produksjonen av elkraft var også rekordhøg med 11 879 GWh, medan forbruket av elkraft var 10 021 GWh.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i oktober. 1979-2000. GWh.

Eksporten av elektrisk kraft i oktober var 340 GWh høgare enn den tidlegare rekorden for månaden frå 1989. Størst var eksporten av elektrisk kraft til Sverige med 1 506 GWh, medan eksporten til Danmark var 422 GWh. Importen av elkraft i oktober på 89 GWh var middels høg. Størst var importen av elektrisitet frå Sverige med 63 GWh, medan importen Frå Danmark var 10 GWh. Verdien av eksportoverskotet i oktober var 230 millioner kroner og eksportoverskotets del av den totale produksjonen var 15,6 prosent.

Eksportoverskotet hittil i år er rekordhøge 17 060 GWh og verdien av eksportoverskotet er 1 569 millioner kroner. Størst er eksportoverskotet til Sverige med 13 297 GWh, medan eksportoverskotet til Danmark er 3 938 GWh.

Liten nedgang i elforbruket

Forbruket av elektrisk kraft i oktober var 10 021 GWh, som er ein nedgang på 0,8 prosent samanlikna med same månad i fjor. Nedgangen i elforbruket i oktober kan sjåast i samanhang med at månadstemperaturen var over normalen for heile landet. Elforbruket hittil i år er 100 352 GWh, noko som er ein auke på 3,6 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 1999. Forbruket av elektrisk kraft i kraftintensiv industri var i oktober 2 862 GWh.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh.

Elproduksjonen mot nye høgder

Produksjonen av elektrisk kraft i oktober var rekordhøg for niande månad på rad, og utgjorde 11 879 GWh. Dette er ein auke på 22,0 prosent samanlikna med oktober i fjor og er 9,4 prosent høgare enn den tidlegare produksjonsrekorden for månaden frå 1997. Østlandet og Sørlandet fekk uvanleg store nedbørsmengder i oktober, og ser ein på auken i elproduksjonen for desse fylka frå oktober i fjor til oktober i år, var auken på 27,5 prosent. Med unntak av Troms og Finnmark hadde også dei andre fylka i Noreg ein auke i produksjonen av elkraft i oktober samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Produksjonen av elektrisk kraft i dei 10 fyrste månadene i år var 117 412 GWh, som er heile 19 242 GWh eller 19,6 prosent høgare enn for tilsvarande periode i 1999. For dei siste 12 månader var elproduksjonen 141 888 GWh, noko som er ein auke på 21 017 GWh samanlikna med førre 12 månaders periode.

Fyllingsgraden i vassmagasina var 92,8 prosent av total vassmagasinkapasitet i midten av oktober, måndagen i veke 42. Det er 2,6 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i 1999 og 2,5 prosentpoeng høgare enn medianen for perioden 1990-1999. Ser ein på utviklinga i vassmagasina hittil i år, har fyllingsgraden, berre med unntak av veke 16, vært høgare enn medianen for perioden 1990-1999. Det høgste nivået på fyllingsgraden var i veke 37, der den var 94,6 prosent av total magasinkapasitet. Dette er 2,6 prosentpoeng lågare enn maksimumsverdien som er målt for denne veka i perioden 1990-1999.

Tabeller: