7741_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7741
Elproduksjonen mot nye høgder
statistikk
2000-11-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetseptember 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Elproduksjonen mot nye høgder

Produksjonen av elektrisk kraft var i september rekordhøg med 11 162 GWh. Dette er ein auke på 25,6 prosent samanlikna med tilsvarande månad i 1999. Elforbruket var også høgt med 8 853 GWh, noko som inneber eit eksportoverskot på 2 309 GWh.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i september. 1979-2000. GWh

Produksjonen av elektrisk kraft i september på 11 162 GWh er 19,4 prosent høgare enn den tidlegare rekorden for denne månaden frå 1993. Den er også 26,5 prosent høgare enn den gjennomsnittlege elproduksjonen for september månad dei siste 10 åra. For dei tre første kvartala i år var produksjonen av elektrisk kraft 105 494 GWh, som er ein auke på 19,3 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 1999. Den høge elproduksjonen i september og hittil i år, må sjåast i samanheng med det høge innhaldet i vassmagasina. Med unntak av veke 16 i år har innhaldet i vassmagasina vore høgare enn medianen for perioden 1990-1999. I midten av september (måndagen i veke 38) var fyllingsgrada i vassmagasina 94,1 prosent av total vassmagasinkapasitet. Dette er 5,4 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i 1999 og 5,6 prosentpoeng høgare enn medianen for veke 38 i perioden 1990-1999.

Rekordhøgt elforbruk

Brutto forbruket av elektrisk kraft var i september rekordhøgt med 8 853 GWh, som er ein auke på 7,7 prosent frå september i fjor. Til samanlikning var elforbruket i september 392 GWh eller 4,6 prosent høgare enn den tidlegare rekorden for denne månaden frå 1998. Forbruket av elkraft hittil i år er 90 301 GWh. Dette er ein auke på 4,0 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh.

Forbruket av elektrisk kraft i kraftintensiv industri var 2 696 GWh i september. Størst var elforbruket i produksjon av aluminium og andre metall med 1 575 GWh, som er ein auke på 2,1 prosent samanlikna med same månad i fjor. Forbruket av elkraft i produksjonen av jern, stål og ferrolegeringar gjekk ned 5,3 prosent samanlikna med september i fjor til 556 GWh, medan elforbruket i produksjon av kjemiske råvarer hadde ein auke på 22,8 prosent til 566 GWh. Den relativt store auka i forbruket av elektrisk kraft i produksjon av kjemiske råvarer, kan ein i stor grad forklare med at statistikken nå dekkjer denne næringa betre. Hittil i år var forbruket av elkraft i kraftintensiv industri 25 069 GWh.

Eksportoverskot av elkraft

Noreg eksporterte rekordhøge 2 331 GWh elektrisk kraft i september. Med ein import av elkraft i september på 22 GWh, som er det nest lågaste nivået på importen for denne månaden dei siste 20 åra, ga dette eit rekordhøgt eksportoverskot på 2 309 GWh. Nettoeksporten av elkraft var størst til Sverige med 1 900 GWh, medan nettoeksporten til Danmark var 408 GWh.

Tabeller: