7743_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7743
Elforbruket framleis høgt
statistikk
2000-10-12T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetaugust 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Elforbruket framleis høgt

Forbruket av elektrisk kraft var i august 8 653 GWh, som er ein auke på 8,1 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Elproduksjonen var 10 994 GWh, noko som inneber eit eksportoverskot av elkraft i august på 2 341 GWh.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i august. 1979-2000. GWh

Elektrisitetsforbruket i anna forbruk enn kraftintensiv industri var i august rekordhøgt med 5 833 GWh. Dette er ein auke på 9,7 prosent samanlikna med tilsvarande månad i 1999. Sidan månadstemperaturen var over normalen for det meste av landet for denne månaden, må det høge elforbruket også sjåast i samanheng med utviklinga i prisane på elektrisk kraft. I 3. kvartal 2000 var det ein nedgang i prisen på elektrisk kraft for hushald, tenesteytande næringar og for industri unnateke kraftintensiv industri med respektive 3,8, 8,7 og 7,1 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Forbruket av elkraft hittil i år er 81 861 GWh, som er ein auke på 4,2 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Elforbruket dei siste 12 månadene var 124 116 GWh.

Forbruket av elektrisk kraft i kraftintensiv industri var i august 2 820 GWh, som er ein auke på 5,1 prosent samanlikna med same månad i fjor. Denne auken kan til dels forklarast med at statistikken nå dekkjer næringa betre. Prisen på elkraft i kraftintensiv industri og treforedling var i 3. kvartal i år 10,4 prosent høgare enn i 3. kvartal 1999. Forbruket av elektrisk kraft i kraftintensiv industri hittil i år har vore 22 372 GWh, medan elforbruket dei siste 12 månadene var 32 959 GWh.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Elproduksjonen mot nye høgder

Produksjonen av elektrisk kraft var i august rekordhøgt med 10 994 GWh. Dette er ein auke på 13,2 prosent samanlikna med same månad i fjor. Den høge elproduksjonen kan sjåast i samanheng med at månadsnedbøren var over normalen for det meste av landet og at fyllingsgrada i vassmagasina var godt over medianen for perioden 1990-1999. Fyllingsgrada i vassmagasina var i midten av august (måndagen i veke 33) 92,3 prosent av total vassmagasinkapasitet. Dette er 2,9 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i 1999 og er 4,0 prosentpoeng høgare enn medianen for veke 33 i perioden 1990-1999.

Framleis eksportoverskot

Noreg eksporterte rekordhøge 2 361 GWh elektrisk kraft i august. Med ein import av elkraft i august på berre 20 GWh, ga dette òg eit rekordhøgt eksportoverskot. Verdien av eksportoverskotet var i august 184,3 millionar kroner.

Tabeller: