7745
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7745
Fortsatt høg el-produksjon
statistikk
2000-09-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetjuli 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fortsatt høg el-produksjon

Produksjonen av elektrisk kraft var 10 079 GWh i juli. Dette er det høgaste nivået på produksjonen som er målt for denne månaden, 8,5 prosent høgare enn den tidlegare rekorden frå 1999. Forbruket av elkraft var 8 123 GWh.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i juli. 1979-2000. GWh

For sjette månaden på rad har det vore rekordhøg produksjon av elektrisk kraft. Auka i elproduksjonen for dei fire fylka som produserer mest elkraft (Telemark, Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland), var 5,2 prosent samanlikna med juli i fjor. Produksjonen av elkraft i dei fire fylka utgjer om lag 47,9 prosent av total elproduksjon. Produksjonen av elektrisk kraft dei første sju månadene av året var i alt 83 558 GWh. Auken er på 19,6 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 1999. Dei siste 12 månadene er det produsert 136 368 GWh. Dette er ein auke på 12,4 prosent samanlikna med tilsvarande 12-månadsperiode i fjor.

Fyllingsgrada i vassmagasina var i midten av juli, måndagen i veke 29, 86,8 prosent av total vassmagasinkapasitet. Det er 0,4 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i fjor, og er 8,3 prosentpoeng høgare enn medianen for veke 29 i perioden 1990-1999.

Forbruket av elektrisk kraft i juli var rekordhøgt med 8 123 GWh. Dette er ein auke på 7,0 prosent samanlikna med same månad i fjor og er 4,7 prosent høgare enn den tidlegare rekorden for månaden. Elforbruket i kraftintensiv industri var i juli 2 798 GWh. Hittil i år er forbruket av elektrisk kraft 73 194 GWh, som er ein auke på 3,7 prosent samanlikna med same periode i fjor. Forbruket av elkraft dei siste 12 månadene var 123 451 GWh.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Rekordhøgt eksportoverskot

Noreg eksporterte 2 020 GWh elektrisk kraft i juli, og dette er rekord for denne månaden. Med ein import av elkraft i juli som utgjorde 64 GWh og som låg på et middelnivå, ga dette eit rekordhøgt eksportoverskot på 1 956 GWh. Verdien av eksportoverskotet i juli er på 103,5 millioner kroner. Eksporten av elektrisk kraft er størst til Sverige med 1 520 GWh, medan eksporten av elkraft til Danmark var 500 GWh. Utvekslinga av elektrisk kraft for dei fyrste sju månadene i år viser eit eksportoverskot på 10 364 GWh, mot eit importoverskot på 742 GWh i tilsvarande periode i 1999.



Frigitt 14. september 2000 (C) Statistisk sentralbyrå

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB