7747
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7747
Rekordhøgt eksportoverskot
statistikk
2000-08-10T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetjuni 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Rekordhøgt eksportoverskot

I juni månad eksporterte Noreg 2 302 GWh meir elektrisk kraft enn vi importerte. Dette er det høgaste eksportoverskotet som er målt for denne månaden. Produksjonen og forbruket av elkraft i juni var også rekordhøgt med respektive 10 785 GWh og 8 484 GWh.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i juni. 1979-2000. GWh

Noreg eksporterte 2 322 GWh elektrisk kraft i juni, som er det høgaste nivå som er målt på eksporten for denne månaden. Saman med ein import av elkraft i juni på 20 GWh, som er den lågaste importen for denne månaden sidan 1993, har dette gjeve det rekordhøge eksportoverskotet. Til samanlikning var eksportoverskotet for same månad i fjor 410 GWh. Verdien av eksportoverskotet i juni var 197,9 millionar kroner og eksportoverskotets del av den totale produksjonen var 21,3 prosent. Eksporten av elkraft var størst til Sverige med 1 800 GWh.

Eksportoverskotet hittil i år er også rekordhøgt med 8 409 GWh. Dette er 731 GWh høgare enn den førre rekorden for denne perioden. Utvekslinga av elektrisk kraft dei siste tolv månadene viser eit eksportoverskot på 12 661 GWh.

Rekordhøgt forbruk

Elforbruket i juni var rekordhøgt med 8 484 GWh, som er 216 GWh eller 2,6 prosent høgare enn den tidlegare forbruksrekorden for denne månaden. Ei årsak til denne auken kan vere at månadstemperaturen var under normalen for store delar av landet. Forbruket av elektrisk kraft i kraftintensiv industri var i juni 2 694 GWh. Elforbruket for dei 6 fyrste månadene i år var 65 097 GWh. Dette er 3,4 prosent høgare enn for tilsvarande periode i fjor. For dei siste 12 månadene var elforbruket 122 946 GWh, ei auke på 1 035 GWh samanlikna med førre 12-månadersperiode.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Framleis rekordhøg elproduksjon

Produksjonen av elektrisk kraft var for femte månad på rad rekordhøg, og utgjorde 10 785 GWh. Dette er ein auke på 24,3 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor, som var den tidlegare produksjonsrekorden for denne månaden. Den rekordhøge elproduksjonen i juni og i dei føregåande månadene kan sjåast i samanheng med nedbør over normalen for det meste av landet som igjen har gjeve eit godt tilsig til vassmagasina. Elproduksjonen i dei tre mestproduserande fylka utgjorde i juni 39,5 prosent av den totale elproduksjonen. Akkumulert produksjon av elkraft i år er 73 505 GWh, som er ein auke på 21,4 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 1999. Produksjonen av elektrisk kraft dei siste 12 månadene var 135 607 GWh. Dette er ein auke på 13,6 prosent samanlikna med førre 12-månadersperiode.

Innhaldet i vassmagasina var i midten av juni (måndagen i veke 24) 65,9 prosent av total magasinkapasitet. Dette er 1,5 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i 1999 og 11,9 prosentpoeng høgare enn medianen på same tidspunkt i perioden 1990-1999.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB